Smartboard – kva gjer me?

Smartboard er fine greier, men kva skal ein bruka det til? Pernille stiller spørsmål og eg heng meg på i diskusjonen..

Pernille Moe – Læring, vurdering og IKT: Smartboard

For 1.-4. kan jo den gratis programpakka GCompris (GPL) vere eit brukbart verktøy til smartboarden. På versjonen som er gratis og porta til windows er det riktignok berre 20 av 100 aktivitetar som er tilgjengelege. Så vidt eg hugsar skal det vere eit verktøy for å animera der. Så no har eg lasta ned cygwin for å sjå om eg får til å gjøra linuxversjonen gjennom det. Elles kan det jo henda eg må finna ein livecd med linux (edubuntu, ubuntu, skolelinux eller liknande), der eg får heile programpakka. Kort fortalt er operativsystemet ferdig installert på CDen, det er vanlegvis
berre å boota opp frå CDen og så er ein klar (Utan at det skjer endringar på harddisken). Ein grei måte å testa ulike linux-distroar.

Les meir her: http://gcompris.net/-Om-GCompris-
Eller last ned her:
http://heanet.dl.sourceforge.net/sourceforge/gcompris/gcompris-8.2.2-2.exe

Elles kan det henda ein finn nokre tips på http://www.teachertube.com

Tips til kva du gjer med smartboard eller til kva ein kan gjere vert teke mot med stor interesse på e-post eller i kommentarar 🙂

2 innspel

  1. Glenn A. mai 7, 2007 2:24 p.m.  Svar

    Vi på Akademiet i Drammen bruker smartboard. I Windows benytter jeg ofte notebook vertøyet, hvor jeg har skrevet inn notater på forhånd. Så kan jeg streke under, eller legge til viktige poenger i undervisningen. Etter timen legges tavle-skriblingen ut på fellesområdet som pdf.

    Elles liker jeg å importere bilder i det samme verktøyet(scanner figurer fra læreboka feks) for å vise grafer og andre illustrasjoner.

    Enda mer morro er det å fyre opp Google Earth i geografifaget, særlig i naturgeografien. Legge inn overlays for feks vulkaner, jordskjelv, tektonikk og plategrenser, vise elvedeltaer, elveerosjon osv …

    men jeg skulle gjerne å fått de samme verktøyene til å fungere under Ubuntu Linux (feisty) .. så om noen har noen ideer … 🙂

  2. Guttorm Hveem mai 7, 2007 2:41 p.m.  Svar

    Då har me nok nokolunde same bruksområde. Når me jobba med reklame og media var det ikkje dumt å redigera klassebiletet på smartboarden. Dei fekk sjå kor enkelt det er å juksa/pynta med digitale bilete…

    Men som sagt, post gjerne innspel her.

    Prøvd oppskrifta på Ubuntu + smartboard her http://tech.canterburyschool.org/tech/SMARTBoard ?

Legg att eit svar