artPad og andre teikneprogram

art.com artPad er ei nettside ein kan ha bruk for i skulen. Her kjem du til eit blankt lerret, der du kan mala med forskjellige verktøy, skriva tekst og ramma inn maleriet ditt.

Når du er ferdig kan du hengja det opp i det virtuelle galleriet, skriva ut eller senda arbeidet ditt til andre på e-post.

Enkelt og utan noko form for registrering.

Vil du heller ha eit teikneprogram lokalt så sjekk >Tuxpaint for dei minste og Paint.Net for dei med litt meir avanserte krav. Elles kan jo Gimp og brukast, men det er ganske avansert. Og alle er gratis!

Legg att eit svar