Fylker i Norge – SVK wiki

Døme på "samansett" tekst via Ript.Elevane eg har i femte trinn er no i gong med å laga sin eigen kunnskapsbase i wiki. Me har starta arbeidet med å skriva om fylka i Noreg. Du kan sjølv sjå her:
Fylker i Norge – SVK wiki.
Serveren er desverre/heldigvis skrudd av grunna spam.

4 innspel

  1. arneolav februar 21, 2008 1:35 p.m.  Svar

    Kjempeflott prosjekt, med mange potensielle lenkjer — til andre fag, andre skular, andre årstrinn, etc. Har sjølv røynsler med dette i norsk (wiki.forus.vgs.no) der elevar byrja å byggje sitt eige pensum i språkhistorie, og andre fag laga lenkjer ut frå denne teksten til eigne fagområde. Slutta diverre før prosjektet fekk særleg omfang, men eg trur på denne måten å drive skriveopplæring (og anna opplæring) på.

  2. Pernille Moe februar 22, 2008 9:56 a.m.  Svar

    Dette var en utrolig spennende måte å organisere prosjektet på! Nå skulle jeg gjerne vært lærer og hatt muligheten til å prøve dette selv.
    Ble veldig nyssgjerrig…
    Når prosjektet er ferdig, kan du da svare på:
    – Lærer elevene mer i faget/fagene av denne måten å jobbe på? Eller er det samme som den gode gamle analoge veggavisen? Jeg ser jo den digitale kompetansen som en merverdi her, men gir wiki noen fordeler i forhold til konkretisering og felles kunnskapsproduksjon?
    – Klarer du å få alle i klassen med på dette? Hvordan er deltagelsen i forhold til faglig styrkegrad hos elevene?
    -Hvordan fungerer det på et så lavt trinn som 5. klasse? Ser for meg at det ville fungert veldig bra på høyere trinn, men der får man jo problemet med individuell vurdering igjen – som kolliderer med et sosialkonstruktivistisk kunnskapssyn…

  3. Torger Åge januar 22, 2009 5:36 p.m.  Svar

    Kjedeleg at servaren er nede. Hadde vore artig å sett korleis du har klart å få dei små podane til å arbeida med IKT.

    Kan du forresten seie noko om kor mange/kva slags datamaskinar du har og kor ofte du kan nytta deg av dei?

    Eg lurer også på korleis dei er sett opp? Windows (har dei i så fall administratorrettigheiter)/Linux?

    Sjølv har eg ein akilleshæl i det at maskinane er fjerndrifta frå kommunen si side…det same er nettverket, og den trådlause kapasiteten er ikkje tilstrekkelig til å ha 26 berbare på nett samstundes.

  4. Guttorm januar 23, 2009 8:14 a.m.  Svar

    Det er vel rundt 20 stasjonære og 30 bærbare på skulen, dei bærbare er nokre år gamle.
    WinXp, sentralt styrt, elevar utan administrator-rett (underteikna og enkelte andre hadde administratorpassord).
    Rimeleg god dekning på wlan, sentralt styrt. I tillegg er det offentleg publikumsnett (http://www.svk.no/sorgjest-wi-fi-sone.524552-17878.html) rundt alle kommunale bygg i kommunen.
    Hadde 4-5 bærbare ståande bakerst i klasserommet kobla på lan, samt 6 stasjonære maskinar i mediateket.
    Wiki gjekk heilt greit, rammene vart bestemt på førehand, oppgåvene vart laga slik at dei vart nøydde til å samarbeida og henta informasjon frå 4-5 nettsider eg valgte ut.
    Litt av oppgåveteksten ser du her: http://guttorm.hveem.no/blogg/2008/02/ript-og-wiki-i-undervising/

Legg att eit svar