Digitalt kompetent? Klart du kan!

Mange er kanskje i tvil om dei tør eller kan bruka digitale verktøy i læringa, grunngjevinga er ofte at ein føler at ein ikkje kan verktøyet/tenesta godt nok.

“Eg kan ikkje slike datagreier” eller “Elevane kan så mykje meir..” er to utsegn eg reknar med at fleire av lesarane her på bloggen har høyrt frå lærarar tidlegare.

Det gjer ikkje noko! Pleier eg å svara, grunngjevinga kjem her.

  • Du som fagperson og lærar veit kva temaet (Ibsen, ww2…) handlar om.
  • Du veit kriteria for eit godt innhald, ei god besvaring, ein god prosess.
  • Du veit kva du vil at elevane skal oppnå gjennom arbeidet/læringa/prosessen.

Elevane bør bli intodusert med mål og ikkje minst kjenneteikn på kvalitet, gjerne vurderingskriterier og. Om du i tillegg har “sjekklister”  for å hjelpa elevane på vegen gjer du elevane sjansen til å lykkast. Du gir elevane fritt spelerom til å bestemma korleis dei vil visa deg at dei har oppnådd måla. Om dei vel dipity, moviemaker, powerpoint, tekstdokument, flash, føredrag eller liknande treng ein ikkje leggja seg opp i.

Elevane kjenner no alle rammene rundt prosessen/aktiviteten/arbeidet og kan no bruka vurderingskriterier, sjekklister og andre hjelpemiddel for å vurdera seg sjølv og kvarandre. Du som lærar kan bruka elevane sine vurderingar og reflektera saman med elevane over arbeidet og korleis dette heng saman med mål, kjenneteikn på kvalitet osb. Eg trur og at du som lærar kjenner igjen kvalitet uansett format.

Elevane får jobba aktivt med eiga læring, dei veit kva mål dei arbeider mot, dei veit korleis dei vert vurdert og tenkjer nok over si eiga læring på ein litt anna måte enn det dei kanskje er vant til. Du kan sjølvsagt involvera elevane i utvikling av mål, kjenneteikn og vurderingskriterier der det passar.

Du som lærar må bestemma rammene rundt prosessen, men la gjerne elevane bruka verktøy du ikkje kan, har høyrt om eller synest er relevante (Nokre elevar går kanskje på ein smell…).

Kva trur du? Kommentarfeltet er opent!

Potensielt relaterte postar:

  1. Digitalt kompetent elev Ingunn tipser om denne bloggen, fryktelig godt døme på kva...
  2. Norsklærer med digitalt grensesnitt (Leif Harboe): Fem-avsnittsmetoden Norsklærer med digitalt grensesnitt (Leif Harboe) skriv  om  Fem-avsnittsmetoden: “Hele greia handler...
  3. Ubuden gjest – en Digital Fortelling Nettstedet er laget av Anita Aasheim Knutsen, og er utviklet...
  4. Norsklærer med digitalt grensesnitt: Eksempel på GoAnimate – elevarbeider Leif Harboe har lagt ut døme på animasjonar laga i...
  5. ITUMonitor 2009 ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går...

  • http://www.stud.hio.no/~s135312/ Kjell

    Word! Gode poenger. Selv det å lure lærern til å tro man har vært skikkelig flink når man bare har funnet det rette verktøyet er kompetanse man må verdsette.

    • http://guttorm.hveem.no/blogg/ Guttorm

      Spørs om ein treng lura læraren når ein har vurderingskriterier og slikt då… Trur rammene vert meir klargjort og det blir kankje lettare både med arbeidet og med vurderinga.

  • http://wersland.blogspot.com Tore

    Dette var godt oppsummert. Liker at fokuset igger på læringen. Men samtidig tror jeg også lærere må lære mer om hvordan vurdere produkter som er laget med andre verktøy. Og jeg tror lærere må lære å være tydelige på at det er greit å levere på ulike måter. Altså kan ikke lærerne overlate mediet til elevene.

    Jeg er med andre ord litt usikker på om alle lærere gjenkjenner kvalitet uansett format. I alle fall er de usikre selv :-)

  • Pingback: IKT i læring » Blog Archive » NRK.no: Kunnskapsministeren mener skolene bør kunne straffe elever som bruker for mye tid på Facebook og lignende i skoletiden.

  • Henning

    Så enkelt kan det sies og gjøres. Takk. Jeg skal prøve å formidle til kolleger ved passende anledninger

  • Pingback: Kva skal me bruka IKT til? Kva tid skal me bruka IKT? | IKT i læring