PC i Skolen: Elev med mange gode refleksjonar

«Den beste læreren jeg har hatt på hele videregående skole, var vikaren som fortalte oss at vi skulle legge ned PC-lokkene. Ingen bønn. Helt ned. Enda lenger. Sånn ja. Da begynte han å snakke. Da begynte vi å følge med. Da begynte vi å lære.”
Dette er eit utsagn frå ein elev i vidaregåande skule. Eleven har skrive særs mange gode refleksjonar på bloggen sin med innlegga PC i skolen (http://cingt.net/?p=845) og En elevs oppfordring til lærerne på d&b (og andre lærere) (http://cingt.net/?p=855), det siste er krysspublisert på d&b (http://delogbruk.ning.com/profiles/blogs/en-elevs-oppfordring-til).
God PC-bruk handlar ofte om god klasseromsleiing.
Er det elevane eller læraren som bestemmer kva tid PCen skal nyttast?
Eg meiner det er læraren som skal styra dette.
Mange klarar ikkje å styra PC-bruken til læringsarbeid, det er jo så mykje anna som freistar.
Ansvar for eiga læring fungerer sjeldan, dette gjeld vel til og med studentar på høgskular og universitet.
PC-ar KAN vere eit godt hjelpemiddel for læring i GITTE SITUASJONAR, men kva tid og til kva må me lærarar vera flinkare til å formidla.
Gir du elevar ei oppgåve som inkluderer søk etter kjelder eller har du på førehand plukka ut relevante kjelder?
Dersom elevene sendes rett inn på sidene de skal arbeide med, er sjansen for at de havner et annet sted, mindre, det er i alle fall min erfaring. – Marita Aksnes
Lærar: du må tenkja deg om, kva tid kan PC-bruk ha noko føre seg i dine timar?
Kva er målet med PC-bruken?
Til kva skal PC-en brukast?
Korleis kan du vurdera dette?
Du som lærar kan laga korte oppgåver med korte tidsfristar, der elevane må produsera noko (tekst/film/photostory) frå t.d. tre forskjellige nettsider. Og presentera det eller levera det i fronter.
Andre lærarar har og meiningar om dette:
Fleire elevar belyser temaet her:
På alle nettsidene ovanfor er det kommentarar frå andre lærarar og elevar. Følg gjerne diskusjonen!

3 innspel

Legg att eit svar