Kom over denne videoen der ein viser at ein enkelt kan henta ut modellane ein lagar i sketchup og visa/manipullera med hendene med eit tillegg til Sketchup. Rimeleg tøft, og sjølvsagt kan dette brukast i læring…
Eg bruker ofte Sketchup i undervising og læring. Gjerne knytt til matematikk. Ein kan gi instruksar og spørsmål undervegs som til dømes:
1. Konstruer en garasje med grunnflate lik 42m2
2. Sett opp reisverk, bruk mal fra Google Warehouse (med bilde av malen, må manipulerast for å passa)
3. Sett inn dør, Google Warehouse
4. Sett inn garasjeport, Google Warehouse
5. Sett inn vegger, Google Warehouse
6. Regn ut volum av garasjen
6m * 7m * 3,4m = 142,8 m3
7. Regn ut hvor mange meter 2 tom 4 du trenger til reisverket
16 * 3 m = 48 m
+ 19 * 3 m = 57m
+ 19 * 3 m = 57 m
+ 17 * 7 m = 119 m
Totalt = 281 meter
8. Regn ut utvendig overflate på vegger
2,9m * 7m = 20,3 m2
2,9m * 7m = 20,3 m2
2,9m * 6m = 17,4 m2
2,9m * 6m = 17,4 m2
Totalt: 20,3+20,3+17,4+17,4=75,4m2
Og slik kan ein jo fortsetja med utviding, målestokk, vinklar, form, setja saman fleire modellar til ein by osb…
Oppdatert:
Einar Berg tipsar om denne saken, du må klikka på See the AR version of Materials Card Game movie for å sjå videoen.
Kom på at eg hadde sett denne videoen der ein kan styra nokre andre element. Ein kan lasta ned demo her.
loading...
Potensielt relaterte postar:
- 101 fantastiske og lærerike turar du kan ta (utan å forlata klasserommet) Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera...
- Bøker er fortid – eller? Fantastisk video med meldingar til bokbransjen. Når du har sett...
- Smarte verktøy til iPhone Svend Andreas har skrive eit innlegg om kva apps han...
- Er du eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske? Ein god start på dagen, kaffe og Fredrik Härén på...










Google Sketchup er virkelig morsomt og det må være flott å bruke i slik undervisning. Selv brukte jeg det tidligere (som egen underholdning), men etter at jeg byttet ut XP pro med Vista Business har jeg aldri fått til programmet igjen – det bare fryser, og det er så kjedelig……
loading...
Eg har og latt elevane laga modellar av dukkehus i sketchup for så å bygga dei i K&H, det var rimeleg spanande og lærerikt.
loading...