ITUMonitor 2009

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

4 innspel

  1. Eva Bratvold august 19, 2009 11:20 p.m.  Svar

    YESS! 11 rette av 11 mulige på NRK-testen, men den var faktisk litt finurlig til tider..

    • Guttorm august 19, 2009 11:54 p.m.  Svar

      Dei har juksa og markert «ikke» med store bokstavar. Hadde dei IKKJE gjort det hadde nok mange oversett det. Men ein kan då faktisk dela i Excel og, enten fleire framfor skjermen (kanskje det mest undervurderte ikt-pedagogiske verkemiddelet) eller via epost)

  2. Svend Andreas Horgen august 24, 2009 9:24 p.m.  Svar

    Flott med lenker til folk som tenker rundt itumonitor! Jeg tror at nettverk som delogbruk kan være med på å øke kompetansen på lærerstanden fremover. Det handler om å utveksle gode idéer og beste praksis, og å dele undervisningsopplegg som fungerer med andre. Jeg tror det er viktig å heve kompetansen i IKT. Det å velge riktig verktøy til en situasjon, men også å kunne velge bort IKT, er en viktig kompetanse å ha. Dessverre tror jeg altfor mange lærere ikke er der i dag. Den digitale verktøykassen må fylles opp for langt flere! Dette betyr ikke at IKT er riktig å bruke. Jeg synes spesielt lærerutdanningene henger enormt langt etter – de burde vært i front for mange år siden. Håper de ikke misbruker rapporter ala itumonitor fremover til å redusere fokuset på god pedagogisk bruk av IKT i og for læring!

  3. Guttorm august 24, 2009 9:37 p.m.  Svar

    Det var dagsaktuelle lenker, skal sjå om eg ikkje skal får inn eit par fleire.

    Du har heilt rett i at me no treng meir fokus på gode idear og praksis. Det er viktig å kunna ein del verktøy for å sjå læringspotensialet i dei, og for å luka bort dei som ikkje verkar. Eit veldig viktig poeng innan digital kompetanse er nettopp å kunne velgje vekk IKT. Det er ikkje sikkert at det er lurast å bruka eit presentasjonsverktøy når du skal framføra noko. Kan ein gjera det raskare og bedre utan IKT er det vel ingen grunn til å bruka IKT til akkurat dette? Eg jaktar hovudsakleg på programvare innan Mindtools definert av David H. Jonassen.

Legg att eit svar