Tankekart? 100 grunnar…

Det finst mange grunnar til at du kan bruka tankekart. Eg bruker tankekart mykje sjølv, men hovudsakleg digitalt. Tony Buzan sine teoriar er lest, men for meg passar det ikkje med tankekart på papir. Ein kan forventa ein effekt når ein bruker tankekart i starten av ein prosess (Kva kan eg? Kvar skal eg? Kva er måla? Kva må eg læra meg? GTD/Prosjektstyring) og på slutten av ein prosess som oppsummering eller presentasjon. Og då er det smart å samanlikna det første tankekartet med det siste du laga. Kva har du lært/gjort? Tankekart kan gjerne brukast saman med andre, då må ein diskutera og argumentera innhaldet og relasjonane.

Nokon har skrive 100 grunnar til at du skal bruka tankekart, eg er overtydd om at tankekart ikkje nødvendigvis passar for alle.

time-management-44-keys-to-gaining-more-time-mind-mapMindmapping : vie d´un article de blog (2.0)

2 innspel

  1. Tommy Nordeng oktober 6, 2009 12:42 p.m.  Svar

    Vår erfaring fra praktisk pedagogiske prosjekt ved bruk av BrainBank er sammenfallende med dine overbevisninger: Tankekart fungerer bedre i noen sammenhenger enn andre, og noen føler seg mer komfortabel med tankekartmetodikk enn andre. Men slik er det jo med de fleste pedagogiske og didaktiske tilnærminger.

    Et problem med tankekart som sådan er presisjon ofte må ofres på oversiktelighetens alter: Kartene kan fort blir omtrentlige og unyanserte. I så måte mener jeg at begrepskart (begrepskart og tankekart er IKKE det samme, se http://cmap.ihmc.us/Publications/ResearchPapers/TheoryCmaps/TheoryUnderlyingConceptMaps.htm for en forklaring) på mange måter er et bedre alternativ for begrepslæring og dypere forståelse. Hva tror du?

    • Guttorm oktober 6, 2009 2:06 p.m.  Svar

      Ein av bakdelane med tankekart er at ein må ha kontroll over kva relasjonane betyr. I begrepskart skriv ein inn eit stikkord på relasjonen. Dette kan gjera begrepskart meir leselige for andre og meir presise. Den mest tydelige forskjellen mellom tankekart (Buzan) og begrepskart (Novak) er ordet på streken mellom to nodar/element. Eg pleier å advara mot at
      tankekart/begrepskart et sterktvanedannande, men berre for nokre. Andre ser ikkje noko poeng i driva med slikt. Det kam sikkert relaterast til Hovard Gardner om ein vil.

Legg att eit svar