I dag følgjer eg Kongsbergkonferansen på twitter og CoverItLive og det har fått meg til å grubla litt på korleis ein skal koma seg vidare med digital kompetanse og utnytta dei verktøya me har tilgjengeleg på ein betre måte. Eg trur mange skundar seg sakte framover og det skjer definitivt mykje spanande rundt om kring. Diverre er det ein del som vert stoppa av allereie etablerte løysingar som t.d. Fronter og It´s learning og ikkje minst skulen som bygg og organisasjon. Heng deg med på dette tanke-eksperimentet:
Det vert oppdaga asbest i heile skulebygget og skulen vert stengt. Det finst ikkje andre lokale elevane og lærarane kan bruka. I tillegg ryk servere der LMS-et ligg (Fronter/It´s learning, evt. andre). Du må ha undervising og sørgja for at elevane når kompetansemåla det neste året.
Kva gjer du?
Potensielt relaterte postar:
- Smartboard – kva gjer me? Smartboard er fine greier, men kva skal ein bruka det...
- Gjemmesiden: Tips til gjenbruk og administrasjon i LMS Svend Andreas har skrive eit godt innlegg om korleis han...
- Spennande prosjekt… Denne veka skal elevane mine samarbeida med sjuande klasse frå...
- Er du eit utvikla menneske eller eit utviklingsmenneske? Ein god start på dagen, kaffe og Fredrik Härén på...
- ITUMonitor 2009 ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går...