Læringsplattformene møter motstand | Skole og utdanning

– Læringsportalene fungerer mer som en organisatorisk enhet for meg. Jeg legger ut oppgaver, gir elektroniske prøver og vurderinger, den benyttes altså mest som et dokumentasjonsgrunnlag. Utover dette benyttes Facebook til den daglige kommunikasjonen mellom lærere og elever.

via Læringsplattformene møter motstand | Skole og utdanning.

Eg har vore med og uttalt meg om læringsplattformar, eller læraradministrasjonssystem som eg kallar dei.

Les gjerne heile artikkelen hos computerworld og kom gjerne med innspel her etterpå:

  1. Kva funksjonar og verktøy inneheld ditt draumeverktøy for undervising?
  2. Kva funksjonar og verktøy inneheld ditt draumeverktøy for læring?
  3. Finst det system/verktøy som har potensial?
  4. Kva må gjerast?
  5. Kva saknar du i dei verktøya du har tilgjengeleg?
  6. Kva fungerer godt i dei verktøya du har tilgjengeleg?
  7. Kva meiner elevane om fronter/itslearning/pedit/blir.no/skolearena og andre system dei må bruka?

Kommentarfeltet er opent.

3 innspel

  1. Ragnar Didrik Osdal desember 13, 2011 1:06 a.m.  Svar

    Kva funksjonar og verktøy inneheld ditt draumeverktøy for undervising/læring?Ikkje i prioritert rekkefølje:a) Oversiktleg og søkbart filarkivsystem for styringsdokument, etc.b) Enklare og meir robust system for produksjon av ulike typar fleirvalsprøver, med mogelegheiter for integrering av bilete og video. Bør kunne vere felles for ulike LMS’ar (slik at ei prøve i Fronter fungerer enkelt i ITSL)c) «Fagsider»/»fagrom» har omtrent same funksjonalitet som bloggar, med sterkare fokus på interaksjon med elevar, mogelegheiter for (i spesielle tilfelle) publisering i «den verkelege verda», og at elevar kan følgje utviklinga gjennom varslingssystem som RSS. Innhald i fagrom bør kunne integrerast/lett delast med t.d. Google + eller Facebook (elevar bør kunne abonnere på fagsider gjennom desse systema)d) At vurdering og karaktersetting av innleveringar/prøver kan lesast i det same systemet som prøva vert innlevert i (m.a.o. at vurderinga ikkje er skilt ut (t.d. i Skolearena) frå LMS’en). Avstand mellom vurdering og produktet som har blitt vurdert, er ikkje heldig! Det er godt mogleg at det finst lover og retningslinjer som stikk kjeppar i hjula for slike tankar, men då lyt ein kanskje vurdere desse på nytt?e) Databasesystem for undervisingsplanlegging, m.a.o. ein felles base for periodeplanar og prøveplanar. Elevane har då berre eitt system å halde seg til, og bør kunne gjennomføre ulike spørringar (t.d. få opp alle planlagde prøver den neste månaden, all lekse i alle fag den inneverande veka etc. Lærarar bør kunne raskt kunne sjå t.d. prøvemengda ei klasse har i ein bestemt periodef) Epostsystem og meldingsystem som fungerer, og som tek vare på sendte element (dokumentasjon!)g) Smidigare diskusjonsforumh) Omfattande og «påtrengande» varslingssystem for oppdatering av planlagde aktivitetar, nye vurderingar, innlegging av nye filer og meldingar, etc. Bør knytast til fungerande applikasjonar på mobile system og som varselknappar i nettlesarane.i) Fråværsføring og vurdering i same system som LMS’en eller med same design/funksjonalitet som LMS’en om det er påkrevd med skilje av data. Bør kunne presentere data på for både lærarar og elevar på enkle og oversiktelege måtar (gjennom rapportar og visuell statistikk, gi mogelegheiter til automatiserte varsel om manglande karaktergrunnlag/høgt fråvær etc.)j) Bør kunne lett knytast til eksisterande verkty, t.d. nær integrasjon med verkty som Gmail, Google Calendar, Docs, Apps etc. Dette gjer IKT i skulen meir relevant for seinare arbeid utanfor skulen.k) Brukarvenlegheit, brukarvenlegheit, brukarvenlegheit!
    Finst det system/verktøy som har potensial?
    Eg har berre brukt Fronter. ITSL ser hakket betre ut, men dette har sikkert med gjerde, grønt gras etc. å gjere. Mange har tipsa om Moodle, men eg har aldri sett dette i praksis. Det best fungerande alternativet er per i dag Google Apps, etter det eg kan sjå, men pga. av datatryggleik, sensitiv informasjon etc, så kan ein vel ikkje lausrive seg heilt frå eksisterande system?
    Kva må gjerast?Ein lyt vurdere om ein treng store, heilskaplege system til dette. Eit problem ser ut til å vere at ein må drage med seg enorme og tungdrivne adminstrasjonssystem som ligg der frå før, og at avgjerslene rundt LMS/fråvær- og vurderingssystem vert tekne fleire mil bak «fronten». Ideelt sett burde ein kunne bygge eit nytt LMS-system frå botnen av, og drage lærdom om Google Apps – det er betre med fleire ulike, enkle og velfungerande delsystem (gjerne med ei enkel, men funksjonell utforming) enn eitt stort samanhengande system som skal gjere alt, der data kan utvekslast mellom desse systema på ein relativt enkel måte. Ansvaret for å sette saman desse ulike delsystema bør delegerast nedover, og ein treng elles lydhøyre teknikarar som kan jobbe kontinuerleg med oppdateringar, nye funksjonar, etc.som sagt under j), så  bør ein ideelt kunne nytte delsystem i nær samband med velfungerande og etablerte system og verkty, t.d. Google sine (ein kan ha eit filarkiv, elevdata etc. i LMS-systemet (slikt som ikkje bør vere tilgjengeleg for alle), medan ein kan nytte Google Apps etc til epost, skriveprogram, kalenderfunksjonar (..om ein vil)Kva saknar du i dei verktøya du har tilgjengeleg?Det går nok fram av lista ovanfor, men manglande integrasjon av elevprodukt/-aktivitet og vurdering er eit stort problem (medan innleveringar og fleirvalstestar skjer i Fronter, må vi dobbeltføre vurderingane i Skolearena, som ikkje er verdas mest populære datasystem i fylket mitt). Eit anna problem er informasjonsflyten som i for stor grad krev at ein lyt aktivt leite etter informasjon. Mykje kan nok seiast om lågt motiverte elevar sin arbeidsmoral, men det å lett kunne finne den informasjonen ein treng, BØR kunne gjerast enklare. Moderne IKT-system må i framtida kunne leve på mange ulike plattformer (ikkje minst mobile) – og det er då trist at Fronter sin Android-app så å seie ikkje fungerer på min mobil i alle fall…Kva fungerer godt i dei verktøya du har tilgjengeleg?Dei har funksjonar som fungerer greitt, men ofte ikkje godt. T.d. fungerer systemet for rom i Fronter OK, innleveringar går greitt, mellom lærarar fungerer melding- og nyhendesystema nokolunde. Då systema er såpass gamle, så har mange lærarar lært seg å bruke dei opp til eit visst nivå, og ein del er meir enn nøgde med dette, då dei føler at dei gjennom bruk av LMS oppfylgjer krava til IKT-bruk i læreplanar etc. Innføring av nye system (spesielt om dei ikkje heilt klart er enklare eller meir brukarvenlege) vil ha store personalmessige og økonomiske omkostingar, spesielt for denne gruppa. Misnøyen med LMS’ar er sterkast blant dei meir aktive brukarane av IKT, som lid meir under avgrensingane som ligg i dei noverande LMS’ane, og som er etterkvart godt vane  med brukarvenlege verkty. Likeeins trur eg at lærarar som har meir interaksjon mellom seg og elevane (enn vanleg) ikkje ser på LMS’ane som velfungerande til slike formål.Kva meiner elevane om fronter/itslearning/pedit/blir.no/skolearena og andre system dei må bruka?Elevane kommenter fyrst og fremst at systema er lite brukarvenlege. Ikkje alle elevar er «racerar» når det gjeld IKT, og ein del av desse ser ut til å store problem med den bruken vi krev av dei (føre sitt eige fråvær t.d.).  Mange seier at dei oppfattar LMS’ane som keisame og lite «fancy», men det spørs absolutt om det skal vere eit mål…Problemet er vel like mykje at kva elevane får utav LMS’ane er sterkt avhengig av kva lærarane puttar inn. Når systema ser ut til fremje «top down»-styring, så er er det kanskje ikkje rart at ein god del elevar vert relativt passive brukarar.  

    • Guttorm Hveem desember 13, 2011 9:23 a.m.  Svar

      Her var det mange gode innspel Ragnar. Eg har nok diverre ikkje svaret på alt, men nokre idear:
      Kvifor brukar me eigentleg skolearena når det finst ein modul for fråvere og karakterar i fronter?  (Bilde 1)
      Kan det henda at denne ikkje snakkar saman med SATS som sikkert mange VGS har i botn?

      Eg har testa ganske mange LMS, og ein finn det meste av det du etterspør. Men ein finn sjølvsagt ikkje alt i eitt system.
      Det finst mange gode idear å henta frå edmodo.com, elgg, moodle, learnboost, mahara (http://mappa-mi.no), buddypress osb. Diverre er få av desse ferdig tilpassa den norske marknaden med integrasjonar mot andre system (Mahara har rett nok feidestøtte). Men som du skriv: det trengst mykje opplæring før noko slikt kan bli teke i bruk av lærarane. Elevane tek det kanskje lettare?
       
      LMS bør vere eit skall der ein som lærar kan strukturera, planleggje og få oversikt over den einskilde. Heldigvis støtter både itslearning og fronter ein god del eksternt innhald. Og ein kan få til rimeleg mykje med litt modifisering. Det er rimeleg enkelt å leggje inn innhald frå google og NDLA.no i fronter. (Bilde 2). Det same kan ein gjere i itslearning.

      Ei av hovudutfordringane er å få til elevengasjementet. Om systemet ser så fancy ut trur eg speler mindre rolle. At det inneheld fancy funksjonar for samhandling er nok viktigare. Men igjen det er mogleg om lærarane legg til rette for det.

      • Ragnar Didrik Osdal desember 13, 2011 10:09 p.m.  Svar

        Så vidt eg veit var problemet som kravde overgang til Skolearena at det vart litt trøbbel ved større dataoverføringar til EXTENS (som IST står bak), rett nok ikkje verre enn at dersom ein del administratorar jobba litt ekstra, så gjekk det (tilsynelatende). Etter nokre år vart Skolearena innført, eit program som dei fleste «på gølvet» såg på som mindre brukarvenleg. Ei oppdatering tidlegare i år har medført omfattande protestar og misnøye frå lærarorganisasjonane ved så å seie alle skulane i fylket. 

        Elevengasjementet er ikkje lett å få til, nei. Men eg trur at då MÅ informasjonen flyte lettare mellom lærarar og elevar. Pga av personvern etc. så må delar av skuleverksemda «murast» inne bak passord etc, men meldingar, epost etc. burde kunne t.d. knytast til kontoar på system der dei «allereie er», og elevane bør kunne få melding i nettlesaren om at dei har uleste element. Ein burde også ha system for meir informasjoninnhenting om kommunikasjonsprosessen (t.d. system som krev stadfesting frå eleven om han/ho har lese meldingar, sett fråværsvarsel etc.)

        I siste instans så meiner eg at dei viktigaste suksessfaktorane når det gjeld bruk av IKT at elevane er «påkopla» (i dei fleste tydingar av uttrykket) og ser relevansen i å nytte digitale verkty for læring, at læraren er trygg både på fag- og IKT-kompetansen sin, og at han/ho har fridom til å prøve ut dei verktya han/ho finn fagleg og pedagogisk forsvarlege. Om LMS’ane kan fremje lærarane sitt arbeid i denne samanhengen, er jo det flott. Om ikkje, så trur eg at LMS-systema kjem til å verte mindre brukte. Eg håper at eksisterande produsentar er lydhøyre for kritikk (kanskje bør dei høyre meir på dei som faktisk bruker systema enn dei som sit lenger opp i pyramiden?). Eg håper også at hittil ukjende aktørar kan lukte «blodet i vatnet» her: Vi treng fleire smidige haiar og færre gamle kvalar i denne marknaden, og eg trur at dei etablerte kan ha veldig god nytte av meir konkurranse.

Legg att eit svar