Jun 29
I år har eg vore så heldig å få oppleva deler av ISTE, ei av dei største messene knytt til IKT i læring. Starten på ferien vart ekstra spanande når Anders Bjerkholt frå Moava hadde billettar til overs slik at eg kunne få med meg utstillinga. Det tok vel fire-fem timar berre å traska gjennom utstillinga. Og svært kort oppsummert så er det mykje fint utstyr ein kan få kjøpt. Ein heil del potensielt gode nettløysingar og. Men hjelp det med masse fint utstyr? Tja, kanskje dersom alt verkar og læraren kan utnytta potensialet på ein god pedagogisk måte. Men det var mykje kult utstyr eg fint klarar meg utan og. Mentometerknappar var det mange variantar av, den beste var kanskje “minitavlene” der elevane skreiv med blyant og viste læraren.

Ein anna observasjon var eit dokumentkamera med tilhøyrande retteprogram. Ein la altså ark med elevane sine avkryssongar (fleirvalsoppgåver) under kameraet og fekk opp ferdig retta/oppsummert prøve på skjermen. Kvifor ikkje gjera alt på pc?

Vidare såg eg ei potensielt god løysing til språkundervising, her var det ferdig docking til ein haug med ipodar, slik at ein enkelt kunne gi gjera klar eit klassesett med lydspor og innspelingar. Køen framfor Google Apps Education var lengst. Edmodo og Edugeek.net var og på plass.

Og ja, eg fekk fylla ut registreringskortet heilt på eiga hand…

No vert det sannsynlegvis ganske stille her til eit stykke ute i august, du får ha ein riktig god sommar!

Posted via email from ghveem

GD Star Rating
loading...
Mar 26

Å finna, vurdera og bruka informasjon er ikkje alltid like lett.Men det er kanskje noko av det viktigaste ein bør læra i skulen. Det finst mange døme på at søking etter kjeldestoff går ille.

Tidlegare fekk ein grundige og kanskje overbevisande artiklar om Anne Frank dersom ein søkte på google.

Dersom ein kikka på domenenamnet som kom nesten øverst så såg ein at det tilhøyrte ein organisasjon med namn Vigrid. Eit anna klassisk døme er ungar som skriv om kattar og så søkjer dei etter bilete med ordet pus, eg treng kanskje ikkje fortelja noko om kva slags bilete som kan dukka opp frå engelske nettstadar då.

Sannsynlegvis har dei fleste tre utgangspunkt for å finna informasjon, startsiden.no (der dei søkjer i feltet til google), google.no og wikipedia.org. Det er mange gode alternativ ein kan bruka. I dag vil eg tipsa om sortfix.com.

Denne kan vere eit ypparleg hjelpemiddel i søkekurs. Ein skriv inn søkeord som vanleg og ein kan sjå resultata frå google, twitter, bing, bilete og filmar frå youtube. Men det er øverst ein finn det mest praktiske. Dei fire boksane inneheld «power words», «add to search» «remove» og «dictionary». Her kan ein raskt leggje til søkeord, vise alle resultat unntatt eit av orda og ein kan slå opp ord direkte dersom ein dreg dei til boksen «dictionary». Ganske smart, bør prøvast.
Skjermbilde2010-03-26kl.22.17.33.yv1yheo14WiS.jpg

GD Star Rating
loading...
Mar 23

Svend Andreas har skrive eit innlegg om kva apps han bruker og korleis han har organisert skjermane sine på iPhone.
Her kjem nokre tips til…

Fjernkontroll/Fjernstyring
Eg bruker hovudsakleg to apps til dette.
Air Mouse Pro krev ein installasjon på maskinane du vil bruka det mot. Du kan velja om du vil ha vanleg flate for styring av mus, eller gyro med høgre og venstreklikk. Du kan og skriva inn på skjermtastatur og styra det meste. Hovudsakleg brukt mot mediasenter (Mac mini) og til presentasjon/undervising.
TeamViewer gir deg skjermbilete frå PC/MAC og du kan jobba som normalt på PC-en frå iPhone. Eg bruker gratisversjonen.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.09.XTLSrIdb5bSl.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.25.51.nmKqJo1rozxt.jpg

Bøker
Å lesa bøker på skjerm er kanskje uvant og nytt for mange. Det finst fleire tilbydarar og difor har eg fleire lesarar. Det er kanskje enklast å kjøpa/synkronisera bøker med Kindle for iPhone. Med Stanza på iPhone og Calibre på ein PC/MAC kan du konvertera og overføra bøker/PDF og anna rett til iPhone. På den måten fekk eg NDLA inn på min iPhone.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.16.fPQbr9JDfx6d.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.51.mBil4nCNt3oL.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.26.17.YWrqIpDxzJ4k.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.27.42.ez0P6rkdhTet.jpg
Nyttige verktøy
Evernote blir brukt for å synkronisera tekst, klipp og anna mellom alle maskinane mine og iPhone.
Dropbox blir bruk til å synkronisera filer mellom maskinar og iPhone. Tilgang så lenge ein har nett og lett å dela filer frå Dropbox.
Runkeeper logger treningsøktene dine. Du får data for fart, kart osb.
Writepad er ei litt meir avansert skriveblokk enn den som føl med iPhone.
JotNot-scanner er eit viktig verktøy for å halda kontoret mitt papirfritt. Ein kan scanna sider og vidaresenda dei som PDF/bilde til Evernote, Dropbox, Google docs Webdav/idisk, box.net eller e-post.
Tripit held styr på reiser og flybillettar. Ein videresender reisekvitteringa til ei e-postadresse og så lagar Tripit oversikt over reise og legg på kart, telefonnummer osb.
Har du ein wordpress-blogg er det smart med appen WordPress. Skriv eller rediger, godkjenn kommentarar osb.
Tumblr vart brukt for å oppdatera feriebloggen med bilete, tekst, lyd og video undervegs på reisa.
Taptu blir brukt for søk på internett, grensesnittet er imponerande.

Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.28.Lc8T4zCAKTtp.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.17.ljGPBeNsb3yG.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.46.kooGKki6dpGs.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.58.1LCRK81bz8pW.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.30.bZHPogAlkh3r.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.27.22.Ro01M4OF5PIg.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.43.3qzLun0J5T66.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.36.VgEdgx2aB09e.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.54.oR4p47I0yz72.jpg

AR
AroundMe viser informasjon om firma og andre ting rundt deg.
Layar kan visa ulike lag med informasjon rundt deg, bilete frå ulike tenester, artiklar frå wikipedia og liknande.
Wikitude henter informasjon frå artiklar på wikipedia og plasserer dei på kartet/skjermen.
Gulesider gjer at du kan finna adresser og firma rundt deg.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.20.yrrQaYMlDphq.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.11.lWqrNcI1SEAe.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.24.23.M3iYDFcVGEbx.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.26.27.wq9ql6bBbSJE.jpg

Kommunikasjon
Echofon Pro er mitt førsteval som twitterklient. Integrert med Flickr-kontoen og ReadItLater. Støtter PUSH og synkroniserer Echofonklienten med MAC-en.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.25.U2W0VHB88HXT.jpg

Lesestoff
Read It Later blir brukt til å ha oversikt over artiklar/nettsider eg skal lesa. Blir brukt i alle nettlesarane mine og gir meg ei synkronisert leseliste. Ein kan i tillegg velje å laste ned artiklane på leselista dersom ein t.d. skal sitja nokre timar på fly…
Stanza er omtalt lengre oppe.
Diigo Offline Reader gir meg rask tilgang til bokmerka mine på diigo. Du kan søka og lasta ned bokmerka viss du vil.
Netnewswire blir brukt til å lesa RSS-straumen frå Google Reader. Enkelt og greit grensesnitt, du kan senda artiklar til e-post, twitter og instapaper frå appen. Synkroniserer med Google Reader.

Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.42.pTz5dWENykTi.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.23.59.wlvDlzr0Yvxe.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.21.45.py7Q1B64x5qX.jpg

Lærar
Har testa TeacherTool for å sjå om det er noko, og har vel funne ut at det ikkje passar meg heilt… Men tipsar i alle fall om det. Test gratisversjonen først!Skjermbilde2010-03-23kl.09.27.02.U2wTdtbAVSlU.jpg

Elev
Det finst mange program elevane kan bruka for å læra seg ting, for å finna formlar osb. myHomework kan vere eit godt program for å skriva ned lekser og ha oversikt over innleveringar og prøvar.
Skjermbilde2010-03-23kl.09.25.06.9cbOmEtQgq9f.jpg

Bilete
Flickr og Flickit blir brukt for å lasta opp bilete frå iPhone til Flickr, ein har litt fleire val og ein kan lasta opp fleire bilete i slengen i Flickit.
Photoshop.com gir deg nokre av funksjonane frå Photoshop, ein kan redigera litt og bruka ulike filter.

Skjermbilde2010-03-23kl.09.20.32.45PSTcrVth91.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.25.24.g3RjQUXcOwgM.jpgSkjermbilde2010-03-23kl.09.20.38.pW5CIoH6RTN1.jpg

Tankekart
Eg har sett på fleire apps for tankekart, per i dag har eg hovudsakleg brukt Simplemind Xpress, men den dekkjer ikkje alt eg treng.
Det er overhengande fare for at Mindjet blir kjøpt inn sidan det kan kommunisera med Mindmanager på MCA/PC…
Skjermbilde2010-03-23kl.09.22.26.Qm9u5CH3du9M.jpg
Skjermbilde2010-03-23kl.09.22.41.FJImFi3BjWBi.jpg
Så, har du nokre tips Svend Andreas og eg har oversett?

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Jan 23

Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.

OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.

Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og “reis”…

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
May 26

Kom over denne videoen der ein viser at ein enkelt kan henta ut modellane ein lagar i sketchup og visa/manipullera med hendene med eit tillegg til Sketchup. Rimeleg tøft, og sjølvsagt kan dette brukast i læring…

Eg bruker ofte Sketchup i undervising og læring. Gjerne knytt til matematikk. Ein kan gi instruksar og spørsmål undervegs som til dømes:
1. Konstruer en garasje med grunnflate lik 42m2

2. Sett opp reisverk, bruk mal fra Google Warehouse (med bilde av malen, må manipulerast for å passa)

3. Sett inn dør, Google Warehouse

4. Sett inn garasjeport, Google Warehouse

5. Sett inn vegger, Google Warehouse

6. Regn ut volum av garasjen
6m * 7m * 3,4m = 142,8 m3

7. Regn ut hvor mange meter 2 tom 4 du trenger til reisverket
16 * 3 m = 48 m
+ 19 * 3 m = 57m
+ 19 * 3 m = 57 m
+ 17 * 7 m = 119 m
Totalt = 281 meter

8. Regn ut utvendig overflate på vegger
2,9m * 7m = 20,3 m2
2,9m * 7m = 20,3 m2
2,9m * 6m = 17,4 m2
2,9m * 6m = 17,4 m2
Totalt: 20,3+20,3+17,4+17,4=75,4m2

Og slik kan ein jo fortsetja med utviding, målestokk, vinklar, form, setja saman fleire modellar til ein by osb…

Sketchup 3D

Oppdatert:

Einar Berg tipsar om denne saken, du må klikka på  See the AR version of Materials Card Game movie for å sjå videoen.

Kom på at eg hadde sett denne videoen der ein kan styra nokre andre element. Ein kan lasta ned demo her.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Nov 19

Prata så vidt med Jesper Ritsmer Stormholt på SDU08 om aldersgrenser og reglar på google med bakgrunn i dette blogginnlegget.

I “den vesle skrifta” (Terms of Service) stå det nemleg klart forklart i §2.3. at ein må vere juridisk myndig i det landet ein bur i for å oppretta ein konto hos google.

§2.3 Du kan ikke bruke Tjenestene og du kan ikke akseptere Vilkårene dersom (a) du er under den juridiske lavalder for inngåelse av kontrakt med Google, eller (b) du er avskåret fra å bruke Tjenestene i henhold til USAs lovgivning eller andre lands lovgivning, inkludert det landet du bor og benytter deg av Tjenestene. (http://www.google.com/accounts/TOS)

Grunnen til denne formuleringa skal visstnok vere preventiv for søksmål frå føresette og andre… For deira del er det altså nokolunde greit å la elevar under 18 år registrera seg. Men skal ein som lærar oppfordra dei til det?

Uansett. Spørsmålet mitt til Jesper var om Google Apps EDU er under same TOS. Det kunne han ikkje svara på der og då, men i dag fekk eg svar:

Vi har lavet en specielt for Google Apps EDU: http://www.google.com/apps/intl/en/terms/education_terms.html

Dermed er det op til skolens ledelse om de vil tilbyde og dermed tage det juridiske ansvar for denne service til deres elever. Dvs også under 18 år.

Dei som vil kan jo diskutera om ein bruker deler av Google Apps EDU viss ein bruker t.d. berre blogger og om dette er greit i forhold til TOS for Google Apps Edu… Det er kanskje forskjell på å fortelja elevane at dei skal oppretta ein blogg, eller om ein seier at elevane skal oppretta ein blogg på blogger.com. Elevane er jo sjølv ansvarleg for å lesa det som står med lita skrift når dei oppretter bloggen…

Synspunkt er velkomne i kommentarfeltet.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Oct 13
Google Earth går under vann melder aftenposten.no. No er det altså mogleg å lasta ned eit nytt lag i Google earth med fokus under vatn. Prosjektet heiter “Marine Protected Areas” og av norske interesser finn me informasjon om m.a. Jærstrendene. Det er mogleg å fylla på med eigen informasjon om ein er kompetent…
Du kan lasta ned laget her.
GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Mar 31

“Det er 18-års aldersgrense på Google… Du kan ikke benytte deg av Googles produkter, programvare, tilbud eller hjemmesider, og kan ikke akseptere betingelsene om du ikke er over lovlig alder for å inngå en kontrakt.” Via ITPro

Ikkje er det lov å sjå video på Youtube for dei under 18 år heller i følgje ITavisen.

Men desse vilkåra gjeld rett nok “Google Accounts” og det treng ein ikkje for å søkja på Google.

Vil ikkje dette seie at ein ikkje kan bruka Blogger, Google Apps Education Edition eller andre tenester med elevar yngre enn 18 år i Noreg?

Sjekk vilkåra sjølv, spesielt punkt 2.3.

Blogged with the Flock Browser
GD Star Rating
loading...
Tagged with:
preload preload preload