Jan 09
By Guttorm Jeff Han, dings, ikt i læring, klasserom, kult, media, microsoft surface, multitouch, simulering, teknologi, tool
PC-bordet Microsoft Surface skal lokke jenter til IT og realfag, og Norge får det først av alle. (digi.no)
Dette kan vere eit godt tiltak for å få fleire jenter til IKT og realfag. Eg er jo spent på resultata av dette.
Jentene er plukket ut av lærerne for bli med å beskrive hvordan teknologi kan brukes i undervisningen. De 14 niendeklassejentene får innføring i spillkonsollet XBox, nettjenesten Windows Live og multimediabordet Surface. (digi.no)
Førebels er Microft Surface for kostbart til skular, men etter kvart vert det nok færre smartboars og meir av denne teknologien.
Ny artikkel: Digi.no: Ser muligheter med surfebordet
GD Star Rating
loading...
Jan 18
Vart imponert over førre video eg såg av “skjermen” Jeff Han leika seg på og har no funne oppfølgjaren. Tenk å ha noko slikt tilgjengeleg i klasserommet! Legg merke til at det tidvis er to personar som arbeider samstundes. Definitivt på ynskjelista..
Dette vart post nr. 151, eg kikka gjennom arkivet frå starten (hausten 2004) og kan vel seie at det var vore ei lita fokusendring frå hugselappar til meg sjølv til det du ser no. Trur eg har nokre faste lesarar her i alle fall. Målet er vel ikkje å få mest moglege lesarar, men kanskje nokre få. Og så reflekterar ein jo når ein skriv…
GD Star Rating
loading...
Jan 13
Ein kan ikkje anna enn å sjå og verte misunneleg. Tenk å få jobba med noko slikt!
Berre sjå sekvensen med biletebehandling og spesielt når Jeff Han leikar med Nasa Worldwind (satelittfoto med lag.)
Dette må då absolutt vera noko for skuleverket. Kanskje ein del enklare enn smartboarden eg har i klasserommet?
Klikkar du på lenka ser du fleire klipp nede til høgre: http://video.google.com/videoplay?docid=884017118027634444&q=multi-touch
GD Star Rating
loading...
Siste kommentarar