May 10

Konferansar og referat er ferskvare, refleksjonar tek litt lengre tid…

Videoar frå konferansen er tilgjengeleg her og i itunes Uwide open sea

Det eg tenkjer på i etterkant av NKUL-konferansen er

- Diagnostisering, litt medisin, lite behandling.
Me veit nokolunde kva diagnosen er, me veit ein del av medisinen, med ikkje heilt korleis behandlinga skal gå føre seg. I det tilfellet trur eg at “Dei gode døma” er meir konkret og praktisk. Eg har trua på mindtools og å læra med datamaskinar, ikkje av.

- Sosialkonstruktivisme
Kan nok vera eit viktig prinsipp ein må bruka, det passar jo og med kunnskapsløftet. Det handlar kort fortalt om å arbeida saman med andre for å læra. Læring skjer då der meiningar og folk møtes, uansett om det er digitalt eller i klasserommet.

- ælæring (eg-læring).
Ein lærer slik ein likar best og når ein vil. Kva vert konsekvensen av det? Vil ikkje det forandra premissa og deler av oppdraget til skulen i dag? Det heilskaplege mennesket, det sosialt utvikla, å vera saman med andre. Blir me ekspertar på kvart vårt nes? Vil det resultera i isolert og fragmentert forståing? Klarar ein å sjå samanhengar mellom historie og samfunnsfag, eller i norskfaget for den del? (Kanskje det er det læraren skal gjera?) Kven kjem til å velja å fordjupa seg i Ibsen? Eller nynorsk? Kanskje det berre er deler av metodane som skal forandrast, ikkje kunnskapsløftet? Eksamen? Digitale mapper?

Det er mykje som er kult og fascinerande med IKT, men det er nokre felt skulen bør fokusera på:

  • Produksjon (Touch, skriveverktøy, samansett tekst, mestring…)
  • Informasjon (å finna, vurdera, tolka, bruka, rekontruera, sjå/visa samanhengar, personvern, personleg identitetsforvaltning)
  • Samarbeid (Korleis samarbeidar ein? Kven samarbeider ein med? Korleis få tak i riktig person til riktig tema? PLN)
  • Kompleksitet (Ja til fleire komplekse og samansette oppgåver! Der ein må bruka det som står ovanfor i praksis. Korte tidsfristar, krav, dokumentasjon og vurdering/refleksjon)

Eg er ikkje heilt ferdig med å tenkja på dette enda og held på med eit prosjekt eg trur er i rett gate, men meir om det seinare. Her har eg nemleg hoppa frå bryggja  utan å vera heilt sikker på om eg treng redningsvest eller båt…

Andre oppsummeringar (eit lite knippe):

http://plinius.wordpress.com/2010/05/07/p-9010/
http://bjornhelge.blogspot.com/2010/05/post-nkul.html
http://margreta.wordpress.com/2010/05/08/her-er-sa-underlig/
Moldeklev har samla det meste her: http://moldeklev.wordpress.com/2010/05/08/nkul-2010/

i tillegg har Niels ein god del her: http://www.pageflakes.com/niels.damgaard/25813214

Det viktigaste var kanskje å møta eit nettverk og mange dyktige folk frå mitt PLN. Takk for å få helsa på dykk på ordentleg og!

GD Star Rating
loading...
Feb 24

What big eyes you have, Mr...Dersom du underviser i historie kan du kanskje få litt inspirasjon frå dette opplegget med tittel: H.S.I. Elevane får ein eller fleire  historiske saker dei skal etterforska og finna ei løysing på gjennom å studera dokument og bilete. Dei kan i tillegg samla dokumentasjon frå andre kjelder. Les meir omtale her på freetech4teachers.com og besøk H.S.I her. Kven tek utfordringa med å laga noko liknande i norsk versjon? Ressursar har me jo:  unimus.no, hvor hender det, temaweb, kart i skolen, digitalskolen, Riksarkivet, polarhistorie, og ikkje minst kildenett.no.

GD Star Rating
loading...
Oct 30

Digitale læringsressurser – opphavsrett og andre juridiske utfordringer er eit omfattande og vanskeleg tema. På konferansesidene til Delrett finst det no opptak og presentasjonar tilgjengeleg på deira nettsider. I tillegg kan ein få med seg kommentarar og innspel på twitter under #delrett, på http://hashtags.no/t/?tag=delrett finn du i tillegg lenker som vart kvitra undervegs. Sist, men ikkje minst, finst det eit kollektivt referat på http://etherpad.com/delrett. Day 106 - I am a librarian

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Sep 10

Jan Arve Overland har lagt ut eit kurs om “hvordan vi kan bruke web 2.0 til å styrke elevenes informasjonskompetanse“. Her er ei omfattande oversikt og mange tips til korleis ein kan arbeida med informasjonskompetanse i skulen.

via jaokurs – Forsiden.

GD Star Rating
loading...
Apr 29

I dag har det pågått ein liten diskusjon på twitter mellom elevar og lærarar på twitter om eit “fag” førebels under stikkord #nettfaget. Mykje handlar om informasjonskompetanse og kjeldebruk.

Eg har no oppretta ei side på wikien til del og bruk der ein kan koma med innspel til innhald. Bør dette kanskje vere tverrfagleg og ein del av norskfaget? Eller skal det vere eige kurs? Studieteknikk er og eit viktig element som kanskje passar inn. Studieteknikk med PC er kanskje ikkje heilt likt studieteknikk utan?

Emnet høyrer kanskje mest til den digitale kompetansen i dei ulike faga. Eg trur det kan vere lurt med eit innføringskurs i oppstartsvekene der m.a. IKT-kyndige lærarar/elevar og ikkje minst bibliotekarar kan spela ei sentral rolle.

Du er herved utfordra til å leggja igjen synspunkt i kommentarfeltet og til å bidra på wikien.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Dec 30

YoFrankie er ei virtuell verd utvikla med Blender, gratis og tilgjengeleg på win/nix/mac.

BibMe er ei teneste for å halda styr på referansar.

Lecturefox har ei rimeleg grei oversikt over gratis førlesingar frå forskjellige institusjonar.

TurnItIn kan ein sjekka plagiat, det kan du og gjera på Copyscape, og så kan ein jo læra meir om temaet her.

Filedestructor kan ein faktisk sabotera filene (les: oppgåvene) før ein sender dei/leverer dei. Og på den måten kjøpa seg litt ekstra tid… Eller som dei seier sjølv:

Want to play games on your Playstation but got a deadline for an exam or report that didn’t match your gaming ambitions?
Then you have come to the right place.
Send trashed files and blame your faulty computer, instead of confessing that you are a lazy bum who just wants to play videogames.

Mesteparten dukka opp på makeuseof.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Nov 17

SDU-skolen i digital utvikling Har henta ut ein del av stikkorda frå tankekartet og skrive dei linjært her.

GD Star Rating
loading...
Oct 06

Eit verktøy mange studentar og lærarar kan ha nytte av er Scrapbook. Dette er eit tillegg til nettlesaren Firefox. Leif Harboe har laga ein instruksjonsfilm ein kan sjå her.

Eit anna program eg vil tipsa om innan same kategori er Ript. Dette kan du og bruka for å henta tekst/bilete frå maskinen du har for å setta det saman. Krev .Net 3.0

Demo Ript:

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Nov 09

Den tradisjonelle læreboken bygger på kilder, uten å vise mange av dem. I Kildenett er det nettopp kildene som er i fokus. Her kan elevene selv være forskere ved å studere ulike kilder, og sette dem i sammenheng med hverandre og historiske hendelser.

Les meir her.
og test læringsressursen her.
(Vis Høyvis)

GD Star Rating
loading...
Oct 18

Hovedside – Wiki – Fetskolene: “Du er nå ankommet ‘wiki.fetskolene.no’, en wiki som vi tror vil bli fremtidens skoleside!”

Skal i gong med utvikling av heimesider for skulen eg arbeider på. Kanskje det burde vore utvikla i wikiform? Fetskolene har i alle fall kome eit godt stykke på vegen.
Sør-Varanger kommune har nyleg sett opp eigen wiki, men førebels er det lite å finna på http://www.svk.no/wiki

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
preload preload preload