No lurer eg berre på om http://www.unimus.no/ klarer å få til noko liknande.. Eg ser jo for meg at dette kan vere eit spanande verktøy i undervising og læring. Byvandringar og anna vert i alle fall ikkje det same.
Synthesia, tidlegare PianoHero, er eit spanande konsept. Allereie når du les namnet får du kanskje assosiasjonar til GuitarHero. Med Synthesia kan ein spela og læra seg å spela piano samstundes.
Det krev rett nok eit program og eit keyboard du kan kobla til ein PC, og MIDI-filer. Lurer på om det verkar med touch-skjermar/smartboard..
Kom over denne videoen der ein viser at ein enkelt kan henta ut modellane ein lagar i sketchup og visa/manipullera med hendene med eit tillegg til Sketchup. Rimeleg tøft, og sjølvsagt kan dette brukast i læring…
Eg bruker ofte Sketchup i undervising og læring. Gjerne knytt til matematikk. Ein kan gi instruksar og spørsmål undervegs som til dømes: 1. Konstruer en garasje med grunnflate lik 42m2
2. Sett opp reisverk, bruk mal fra Google Warehouse (med bilde av malen, må manipulerast for å passa)
3. Sett inn dør, Google Warehouse
4. Sett inn garasjeport, Google Warehouse
5. Sett inn vegger, Google Warehouse
6. Regn ut volum av garasjen
6m * 7m * 3,4m = 142,8 m3
7. Regn ut hvor mange meter 2 tom 4 du trenger til reisverket
16 * 3 m = 48 m
+ 19 * 3 m = 57m
+ 19 * 3 m = 57 m
+ 17 * 7 m = 119 m
Totalt = 281 meter
På Kirkenes vidaregåande har me IKT-verkstad med jamne mellomrom, på desse vert spesifikke verktøy teke opp, demonstrert og informert om. Denne gongen fortalte eg noko om m.a. web 2.0, blogging, twitter, del og bruk og om ein del læremiddel som finst.
Prezi vart brukt for å støtta fortellinga, ein kan vel ikkje kalla det ein finn i prezi for presentasjonar. Kanskje meir støtte for formidlaren? Ein kan forresten raskt bli sjøsjuk dersom ein leikar for mykje med funksjonane i prezi.
Kort oppsummert om prezi: Rimeleg enkelt å bruka, krev trening, alternativ måte å presentera på (meir vekt på forteljaren), nedlastbar, plattformuavhengig. Berre synd at iphone ikkje har støtte for flash (då hadde eg kjørt direkte frå iphone til prosjektør…)
PC-bordet Microsoft Surface skal lokke jenter til IT og realfag, og Norge får det først av alle. (digi.no)
Dette kan vere eit godt tiltak for å få fleire jenter til IKT og realfag. Eg er jo spent på resultata av dette.
Jentene er plukket ut av lærerne for bli med å beskrive hvordan teknologi kan brukes i undervisningen. De 14 niendeklassejentene får innføring i spillkonsollet XBox, nettjenesten Windows Live og multimediabordet Surface. (digi.no)
Førebels er Microft Surface for kostbart til skular, men etter kvart vert det nok færre smartboars og meir av denne teknologien.
Ein kan ikkje anna enn å sjå og verte misunneleg. Tenk å få jobba med noko slikt! Berre sjå sekvensen med biletebehandling og spesielt når Jeff Han leikar med Nasa Worldwind (satelittfoto med lag.) Dette må då absolutt vera noko for skuleverket. Kanskje ein del enklare enn smartboarden eg har i klasserommet?
Siste kommentarar