Jan 23

Mange lærarar brukar den blå boka som sitt hovudverktøy gjennom skuleåret. Sjølv praktiserer eg papirfritt kontor og bruker litt andre verktøy i planlegginga. Hovudverktøyet mitt er Mindmanager. I tillegg bruker eg OneNote ein del (meir om det seinare).

I tillegg finst det ein del andre praktiske verktøy som t.d. Lessonwriter, tenk å få eit slikt verktøy inkludert i LMS. I lessonwriter finn ein fram til ein god tekst ein vil bruka (og då er kanskje ikkje wikipedia det beste alternativet alltid…) og så koblar lessonwriter teksten saman med den nasjonale læreplanen (I dette tilfellet USA sin) og gjer ein del automagiske saker. Til slutt sit ein igjen med eit arbeidsark med ein lesetekst, øvingsord, spørsmål og meir. Kanskje noko du kan bruka i engelskundervising?

GD Star Rating
loading...
Sep 07

Via det svenske skuleverket sine nettsider for IKT i læring kom eg over

Georgios Smedja i Fysik och Matematik. Her samlar læraren Georgios gode ressursar han sjølv brukar i læringsarbeid. Han bruker m.a. simulering for at elevane skal læra og forstå komplekse prosessar. Han meiner og at det er viktig å gjera matematikk meir lab-orientert og konkret for å auka interessa og sjå at matematikk kan brukast praktisk. Geogebra vert nemnt som eit program ein kan konkretisera matematikk i. Eit anna viktig poeng er at simuleringar ikkje kan vera det einaste ein ein gjer for å forstå noko, læraren må hjelpa til med å tolka, forklara, stilla spørsmål osb.

Det Georgios fortel stemmer godt overeins med det David H. Jonassen  skriv om mindtools. Her er det snakk om målretta og fagspesifikk bruk av IKT, j.f. Skolefagundersøkelsen 2008, og ikkje minst læring med IKT.

Underviser du i matematikk eller fysikk er det lurt å ta turen innom Georgios smie, men husk å gjera noko meir enn å simulera…

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Aug 30

Det ligg mykje godt materiale tilgjengeleg for skulebruk. I dag kom eg over denne:

Teachers Printables.

Her kan ein finna ferdige malar for t.d. dagsplanar, undervisingsplanar, fråversregistrering, foreldrekontakt, gangetabellar og meir. Ein kan lasta ned ein og ein gratis eller betala for å lasta ned alt innhald. Ein kan velje om ein vil ha PDF eller DOC-versjonen slik at ein kan omsetja dei til norsk.

GD Star Rating
loading...
Mar 31

For ei tid tilbake kom eg over eXe-learning, programvare for å utvikla læringsressursar.

Frå eXe si nettside:

The eXe project developed a freely available Open Source authoring application to assist teachers and academics in the publishing of web content without the need to become proficient in HTML or XML markup. Resources authored in eXe can be exported in IMS Content Package, SCORM 1.2, or IMS Common Cartridge formats or as simple self-contained web pages.

Ei oversikt kan ein sjå her:

eXe: Oversikt

Eksport til SCORM, IMS, vevside, tekstfiler og ipod-notat.

Det er rimeleg enkelt å setja saman ein læringsressurs i dette programmet. Ein kan henta inn artiklar og nettsider gjennom i-frame. Ein kan laga quizzar, refleksjonsspørsmål, setja inn java-applets og mykje meir.

I tillegg kan ein arbeida direkte i HTML-koden (embed, script m.m.). Det er kanskje ein fordel  å kunna litt om html, men ikkje naudsynt.

Eit døme på korleis det kan bli kan du sjå her.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Mar 28

Svend Andreas har skrive eit godt innlegg om korleis han administrerer kursa og læremidla sine i HiST sitt LMS. Eg pleier å innleiia LMS-kurs med at “dersom ein er villig til å ofra sommarferien til å jobba intensivt med klargjering i LMS kan ein kanskje ta fri heile hausten”.

Ein kan gjera klart mykje på førehand, det er og lurt å nummerera innhaldet, laga mapper med diskusjonar, lærestoff, prøvar/testar og anna som vert synlege  på gitte tidspunkt. For det første gjer dette det enklare for elevane å vite kvar dei er, kva dei held på med og kva arbeidsoppgåver dei har.

For det andre vil du som lærar ha mapper du kan leggje ferdig oppgåver og slik i etter kvart, men du treng ikkje å visa det til elevane før dei treng det.

Prinsippet verkar i både fronter og it’s learning. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere lurt å leggje innhaldet på sitt eige område i LMS, i fronter heiter det “mitt arkiv”, slik at ein ikkje mister innhaldet når gamle rom vert sletta og nye rom oppretta.

Svend Andreas har og lagt ut ein liten skjermvideo der han forklarar korleis han administrerer ved hjelp av ei TODO-liste.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Feb 03

No om dagen ser eg at mange legg ut presentasjonar på Slideshare. Eg likar ikkje å leggje ut eige omateriale på andre sine serverar, spesielt ikkje viss det er andre som tener på mitt materiale, Og i tillegg har vilkår dei kan gjera akkurat som dei vil med, akkurat når dei vil…
Ikkje at eg tener noko på det eg legg ut (utanom tilbod om å halda føredrag og slikt).
Eg vil gjerne ha retten til å sletta mine presentasjonar og filer når det passar meg. Heldigvis disponerer eg eige sub-domene og serverplass.

Ein kan jo ikkje gardera seg mot alt og at ting eg eventuelt vil sletta frå serveren forsvinn med ein gong, wayback machine har jo vore praktisk ein heil del gonger.

Men tilbake til saken: Presentasjon som flash. Og då gjerne powerpoint til flash. Det finst faktisk ei veldig enkel løysing på det.
Gratis til og med! Høyrt om Impress? Kva med Openoffice?
Visste du at du kan eksportera presentasjonar frå Impress som Flash (.swf)?
Det visste ikkje eg heller før i dag, for det er ingen som har spurt meg om det før.

Mitt neste prosjekt er herved å testa eksport frå Mindmanager til Powerpoint-fil som eg opnar i Impress og lagar Flash av! (Eller så vert det skjermfilming med verktøy som t.d. Camtasia i Mindmanager..)

Og med Openoffice installert igjen har eg Windows på nynorsk (“gir eit lokalisert brukargrensesnitt for nye marknader i vekst og minoritetsgrupper”, tru om me er i vekst eller minoritetsgruppe…), kontorprogram på nynorsk, nettlesar på nynorsk og nyhendeprogram på nynorsk. Fine greier.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Jan 04

Praktisk naturfag kan vere vanskeleg å få i stand på eiga hand, ein skal vel få elevane til å undra seg, reflektera og vere nysgjerrige.

Eg har kikka raskt gjennom forskjellige tips på http://www.naturfag.no  sine ressurssider, her var det mykje snadder.

I dag oppdaga mine elever kokepunktet til vatn, enkel praktisk øving. I morgon skal dei oppdaga frysepunkt, tru om det er forskjell på saltvatn og ferskvatn?

Skal du t.d. forklara kretslaupet til vatn kan dette vere ein brukande måte å gjera det på:
http://www.naturfag.no/_barn/forsok/vis.html?tid=17022

Fleire kan du finna her: http://www.naturfag.no/_barn/laringsressurser/lp_sok.html

Velj klassetrinn og andre alternativ, finn fram til passande kompetansemål og lat elevane dine undra seg! 

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
preload preload preload