Posted via email from ghveem
loading...
Posted via email from ghveem
Eit stort arkiv med videoleksjonar (5-10 minutt) innan matematikk. I tillegg er fleire av videoane spelt inn av fleire personar som viser ulike løysingsforslag. Ein ypparleg ressurs no i eksamenstidene.
Posted via web from ghveem
Forsking frå Høgskulen Stord-Haugesund syner at elevane lærer mindre med enn utan datamaskiner når læraren ikkje har eit bevisst forhold til bruken.
Ikkje så overraskande eigentleg. Men me har ein jobb å gjera for å finna ut kva tid det er best å læra MED IKT. Eller skal me læra AV IKT?
Eit godt tips er å ta bort minst halvparten av PC-ane ved neste gruppeoppgåve.
Posted via web from ghveem
Konferansar og referat er ferskvare, refleksjonar tek litt lengre tid…
Videoar frå konferansen er tilgjengeleg her og i itunes U
Det eg tenkjer på i etterkant av NKUL-konferansen er
- Diagnostisering, litt medisin, lite behandling.
Me veit nokolunde kva diagnosen er, me veit ein del av medisinen, med ikkje heilt korleis behandlinga skal gå føre seg. I det tilfellet trur eg at “Dei gode døma” er meir konkret og praktisk. Eg har trua på mindtools og å læra med datamaskinar, ikkje av.
- Sosialkonstruktivisme
Kan nok vera eit viktig prinsipp ein må bruka, det passar jo og med kunnskapsløftet. Det handlar kort fortalt om å arbeida saman med andre for å læra. Læring skjer då der meiningar og folk møtes, uansett om det er digitalt eller i klasserommet.
- ælæring (eg-læring).
Ein lærer slik ein likar best og når ein vil. Kva vert konsekvensen av det? Vil ikkje det forandra premissa og deler av oppdraget til skulen i dag? Det heilskaplege mennesket, det sosialt utvikla, å vera saman med andre. Blir me ekspertar på kvart vårt nes? Vil det resultera i isolert og fragmentert forståing? Klarar ein å sjå samanhengar mellom historie og samfunnsfag, eller i norskfaget for den del? (Kanskje det er det læraren skal gjera?) Kven kjem til å velja å fordjupa seg i Ibsen? Eller nynorsk? Kanskje det berre er deler av metodane som skal forandrast, ikkje kunnskapsløftet? Eksamen? Digitale mapper?
Det er mykje som er kult og fascinerande med IKT, men det er nokre felt skulen bør fokusera på:
Eg er ikkje heilt ferdig med å tenkja på dette enda og held på med eit prosjekt eg trur er i rett gate, men meir om det seinare. Her har eg nemleg hoppa frå bryggja utan å vera heilt sikker på om eg treng redningsvest eller båt…
Andre oppsummeringar (eit lite knippe):
http://plinius.wordpress.com/2010/05/07/p-9010/
http://bjornhelge.blogspot.com/2010/05/post-nkul.html
http://margreta.wordpress.com/2010/05/08/her-er-sa-underlig/
Moldeklev har samla det meste her: http://moldeklev.wordpress.com/2010/05/08/nkul-2010/
i tillegg har Niels ein god del her: http://www.pageflakes.com/niels.damgaard/25813214
Det viktigaste var kanskje å møta eit nettverk og mange dyktige folk frå mitt PLN. Takk for å få helsa på dykk på ordentleg og!
Det enkle spørsmålet “Har du lov til å visa filmar frå Youtube i undervising?” har ikkje eit enkelt svar. NRK Østlandssendingen har skrive om “Ulovlig bruk av Youtube” på skolen” der på IT-folk og filmfolk uttalar seg. Olav Torvund har forklart problemstillingane litt nærare i “Youtube og undervisning” og i kommentarfeltet er det nyttig informasjon å få med seg. Dersom ein har god tid kan ein kikka gjennom videoane frå Del rett-konferansen for å få meir informasjon om temaet. I tillegg kan det vere opplysande å lesa gjennom avtalane KS og Kopinor har for skulen. Eg er ikkje sikker på om avtalen om digital bruk er heilt dekkjande, men det er i alle fall gjeldande avtale ein må forholda seg til. Avtalen dekker nemleg ikkje video, lyd, program, interaktive læringsressursar osb…
Kva gjer ein for å sleppa å vurdera om ein har lov å bruka det ein finn på t.d. youtube? Ein unngår Youtube? Eller bruker ein dei ein veit ein kan bruka?
Det ein heil del gode ressursar du kan bruka, m.a. har NDLA gjort ein heil del video, lyd, bilete, animasjonar og andre læringsressursar tilgjengeleg for bruk i skulen. NRK Skole legg stadig ut meir materiale, sortert etter tema og kunnskapsløftet. TV2 har og laga til ein skulevariant, men for å få tilgang til denne må ein betala per år. Fleire universitet i Noreg bruker Itunes U for å leggje ut førelesingar og anna. NTNU og UiS er i gang. Medan UiO ikkje er så langt unna.
The New York Times viser i ein artikkel fleire gode læringsressursar som Academic Earth, Connexions, OpenCourseWare Consortium, Open Culture, ITunes U og YouTube.com/edu
Chris Lehmann er ein av talarane på 140conf. Dersom du er opptatt av skule og læring bør du sjå gjennom denne videoen på rundt ti minutt:
http://www.ippio.com/view_video.php?viewkey=1aecd658a6cd39eb2362
Blogginnlegg:
Blogging About The Web 2.0 Connected Classroom: The #140Conf
Zenodotus: Chris Lehmann at the #140Conf
Synthesia, tidlegare PianoHero, er eit spanande konsept. Allereie når du les namnet får du kanskje assosiasjonar til GuitarHero. Med Synthesia kan ein spela og læra seg å spela piano samstundes.
Det krev rett nok eit program og eit keyboard du kan kobla til ein PC, og MIDI-filer. Lurer på om det verkar med touch-skjermar/smartboard..
Lurer du på korleis det verkar?
Kikk her: http://www.youtube.com/watch?v=hHPChjoyzo4&feature=player_embedded
Kva skal du gjera i musikktimen neste veke?
via: http://www.dinside.no/840033/dataspill-og-pianotimer-paa-en-gang
“Seven qualities of highly effective technology trainers” er tittelen eit innlegg du bør ta ein kikk på dersom du er lærar og bruker IKT, det vil vel sei dei fleste lærarar? Teksten er skrive for ei god stund sidan, men er særs aktuell enda.
meir her: Seven qualities of highly effective technology trainers – Home – Doug Johnson’s Blue Skunk Blog.
Finst det nokre kjenneteikn på kva tid ein kan forventa betre læring når ein bruker IKT?
Ein må kunne finna, tolka, vurdera informasjon, og vidare setje informasjonen inn i ein ny samanheng og bruka denne sjølv.
Nokre teoretiske perspektiv det kan vere lurt å ha bakhovudet når ein tenkjer på IKT i læring finn ein i «Computers as Mindtools for Engaging Learners in Critical Thinking»
Kort oppsummert:
- Learners as Designers
- Knowledge Construction, Not Reproduction
– Learning with Technology
- (Un)intelligent Tools
- Distributing Cognitive Processing
Web 2.0 sett i lys av Mindtools passar ypparleg, web 2.0 legg til rette for den lærande som designar (av kunnskap, informasjon, osb.). Ein må konstruera eigen kunnskap, gjerne kobla tidlegare kunnskap med ny informasjon. Verktøyet ein vel støttar opp under læringsprosessen, slik at den lærande får meir ut av arbeidet/prosessen enn det han/ho hadde hatt utan.
Ein brukar IKT som ei avlasting i læringsprosessen:
«Learners should be responsible for recognizing and
judging patterns of information and then organizing it, while the computer system should
perform calculations, store, and retrieve information. When used as Mindtools, we are
engaging learners in the kinds or processing that they do best.» (David H. Jonassen, Chad Carr, Hsiu-Ping Yueh.)
Å læra av, gjennom eller med IKT er og nokre andre sentrale perspektiv ein bør ha i med seg:
Salomon, G. , Perkins, D.N., & Globerson, T. (1991). Partners in cognition: Extending
human intelligence with intelligent technologies. Educational Researcher, 20(3), 2-9.
Ein av dei viktigaste faktorane for bruk av IKT i skulen er læraren, eg har skrive noko om korleis ein kan bruka IKT i læringsarbeidet sjølv utan IKT-kompetanse. Men det er sjølvsagt viktig at ein veit om kva som er mogleg.
Det handlar kanskje meir om klasseleiing og rammene ein legg rundt læringarbeidet?
Tilbake til dei store spørsmåla, kva bruker me IKT til? Korleis bruker me IKT?
Og treng eigentleg læraren kunne alle web 2.0 verktøy? Skal me læra med, av eller gjennom IKT?
Fleire og fleire lærarar grublar, tenkjer og kjem med forslag på Del og bruk
Ein fasit trur eg ikkje me skal jakta på, men det finst fleire løysingar på vegen.
(Dette var eigentleg ein kommentar på http://deltemeninger.no/-/bulletin/show/324364_forbud-mot-sosiale-medier-i-skolen?ref=mst, men vart aktuell under ein diskusjon på Dei gode døma)
Eg har i dag hatt æra av å prøva å visa nokre gode dømer i regi av Hordaland fylkeskommune.
Temaet var digitale tankekart, presentasjonen kan du finna her: http://bit.ly/dgd10gh
I tillegg vart seansen filma, du kan sjå opptak her: http://media.hfk.no/tcs/?id=685CB00C-BE3A-4440-A5B4-CAFF14B2BA51 (Takk til Margreta som stilte opp som prøvekanin)
Nokon skreiv notat undervegs her: http://typewith.me/deigodedoma


Siste kommentarar