Johan Lundin har nokre gode poeng i blogginnlegget “IT är inte ett nödvändigt ont”.
Han skriv om ein student som berre dukka opp på dei obligatoriske førelesingane og elles studerte på varmare breiddegrader. Dette kunne ein ikkje merka på resultata. Lundin skriv vidare om korleis studentane brukte versjonskontroll for oppgåver, digital delt kalender og at dei brukte nettbaserte møteløysingar.
Med dette i bakhovudet kan ein ta den lærande sitt perspektiv. Mykje av fokuset rundt IKT i skulen i dag er kanskje på skulen og lærarane sine forutsetningar. Bør me kanskje tenkja meir på kva dei lærande brukar? Nokon vel å bruka nettby for å organisera aktivitetar, skal me då la dei gjera det, skal me nekta dei, eller skal me kanskje visa dei betre/alternative løysingar? Zimbra Desktop Edition kan vere eit godt verktøy for lærande. Sjølv brukte me msn og irc for å analysera mellomkrigsromanar saman med elevar frå ein annan skule (Krav). Gruppene fekk sjølv velje kva verktøy dei ville bruka for å diskutera (Dette var før skype/gtalk og andre videoløysingar…). På masterstudiet IKT i læring brukte me videokonferanse for å samarbeida med medstudentane som var spreidd over heile landet.
Det er ein god ide å visa elevar korleis ein kan bruka IKT på ein god måte. Treng de ein samarbeidsplattform? Har du kikka på elgg, ning, zimbra, zoho, google docs? Kanskje secondbrain er ein ypperlig stad å samla informasjonsbitane og for å samarbeida? Wiki kan brukast både til oppgåveskriving og for å organisera.
Det heile handlar kanskje om kva du som lærar legg til rette for. Skal du styra heile prosessen og leggja alle premissa, eller skal du styra mål og vurderingskriterier?
Dette passar sjølvsagt ikkje i alle samanhengar, men kanskje mest når det er snakk om problembasert læring, prosjekt og liknande.
Del og bruk 09:
Et nettverk for lærere og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!
Ingunn Kjøl Wiig har tatt initiativet til eit nettverk for lærarar og andre som er interessert i IKT i læring, læringsressursar og digital kompetanse. Og som slagordet seier: “Del det du har, bruk det du får”.
Eg har allereie lokalisert ein heil del fremragande (IKT-)pedagogar i nettverket.
Du kan invitera deg sjølv her: http://delogbruk.ning.com/
Det er utfordringa tre fedre har laga til klassen ungane deira går i. Opplegget er tverrfagleg og kan inngå i geografi, matematikk, engelsk og norsk. Opplegget er laga for 4. Trinn, men det kan definitivt brukast for eldre elevar og.
Alle filer, instruksjonar og nødvendig materiale ligg tilgjengeleg her: http://heim.ifi.uio.no/~gran/IKT4A98/
Deler av dokumentasjonen kan skrivast i wiki, Sør-Varanger kommune har ein wiki her: http://www.svk.no/wiki (men det kjem ein del spam der.) Elles kan wikispaces.com godt brukast. Sandnes skole har eigen wiki her: http://sandnes-skole.wikispaces.com, den er stilt inn slik at ein må registrera seg og godkjennast av lærarar for å få tilgang. Berre medlemmer kan sjå innhaldet.
Elevane eg har i femte trinn er no i gong med å laga sin eigen kunnskapsbase i wiki. Me har starta arbeidet med å skriva om fylka i Noreg. Du kan sjølv sjå her:
Fylker i Norge – SVK wiki. Serveren er desverre/heldigvis skrudd av grunna spam.
Omtalte nyleg programmet Ript her på bloggen og no skal eg bruka det i undervising. For å synleggjera korleis ein henter informasjon fleire stadar og set det saman til noko nytt.
Elevane skal i gong med fylka i samfunnsfag og geografi og då har eg gitt dei eit oppdrag. Oppdraget lyd nokolunde slik som dette: “Samfunnsfagsbøkene våre er om lag 10 år gamle. Me skal laga oppdaterte versjonar av kapitla om dei forskjellige fylka. De skal jobba saman to og to med to fylke på deling. Tips til hjelpemiddel: Biblioteket, geografiboka, Norge.no, ssb.no, caplex.no wikipedia.org. Hugs å skriva ned kvar du finn informasjonen du brukar. Teksten skal reinskrivast på pc, godkjennast av lærar og publiserast her: http://svkwiki.net/wiki/index.php?title=Fylker_i_Norge “
Via ihodet.no kom eg over wikimindmap.com som har ein interessant funksjon. Du skriv inn søkeord og så hentar nettsida ut informasjon frå wikipedia og presenterer resultatet som eit tankekart. Naturlig nok sjekka eg “mind map” først og det såg lovande ut. Elles kan ein jo søka opp “Norway” og nokre stikkord om kva wikipedia inneheld der. Og sjølv om ein ikkje kan velja den norske versjonen av wikipedia i menyen på wikimindmap.com kan ein jo sjølvsagt manipulera linken slik at ein får ut resultat på norsk… Denne lenka gir det resulat frå den norske versjonen av wikipedia når ein søkjer på NRK: http://www.wikimindmap.org/viewmap.php?wiki=no.wikipedia.org&topic=NRK
Og då har eg bytta ut wiki=en.wikipedia.org med wiki=no.wikipedia.org i adressefeltet.
Praktisk måte å få ut viktige stikkord eller struktur frå wikipedia! Prøv sjølv!
Tversover: Wikipedia i skolen: “Wikipedia i skolen Seth Godin parkerer diskusjonen om Wikipedia i skolen: å forståog syntetisere informasjonen er viktig. Å finne den er ikke viktig, siden det nå kan automatiseres. Minner egentlig om et leserinnlegg fra en elev i Aftenposten som hadde brukt 15.000 kroner på PC og utstyr og så ikke fikk lov til åbruke det i klasserommet…”
Interessant diskusjon i kommentarfeltet. Eg har og eit søkt tenkt tilfelle på lur… Ein elev/student med mykje kunnskap kan t.d. skriva ein artikkel på wikipedia. Kva skjer når eleven så bruker sin artikkel i eksamensamanheng? Copyscape og andre av den sorten vil vel ikkje kunne finna ut kven som skriv kva på wikipedia?
Det viktigaste er vel å læra opp folk til å vera kritiske til det dei vert servert, og sjekka fleire kjelder.
Hovedside – Wiki – Fetskolene: “Du er nå ankommet ‘wiki.fetskolene.no’, en wiki som vi tror vil bli fremtidens skoleside!”
Skal i gong med utvikling av heimesider for skulen eg arbeider på. Kanskje det burde vore utvikla i wikiform? Fetskolene har i alle fall kome eit godt stykke på vegen. Sør-Varanger kommune har nyleg sett opp eigen wiki, men førebels er det lite å finna på http://www.svk.no/wiki
Siste kommentarar