Om

Guttorm Hveem er namnet, eg arbeider med brukerkontakt hos Nasjonal digital læringsarena (NDLA.no). Tidlegare har eg arbeidd som IKT-pedagogisk ansvarlig og lærar ved Kirkenes VGS. I tillegg jobber eg med etter- og vidareutdanning for Nyweb innan IKT i læring. Innhaldet på bloggen er eigne tankar og meiningar og er ikkje nødvendigvis arbeidsgivar sitt syn.

Det du finn på bloggen er i utgangspunktet merka med CC-BY-NC (du bruka det meste så lengje du følgjer vilkåra). Dersom du er interessert i å bruka noko på anna vis så ta kontakt, kanskje eg har meir på lager, eller kan halda eit føredrag om det...

Av utdanning har eg ein mastergrad innan IKT i læring, der eg forska på bruk av grafiske organisatorar (tankekart/mindmapping/concept mapping) i læringsarbeid og ei allmennlærarutdanning.

På bloggen vil det dukka opp kommentarar og tips til det meste som høyrer til  IKT i  læring, det vil dukka opp ein del praktiske tips,  både programvare og nettsider. Det dukkar og opp ljosark frå føredrag eg held rundt om i Noreg. Du er velkommen til å dela dine tankar og idear i kommentarfelta. Vil du ha automagiske oppdateringar så kan du klikka på denne knappen:

Dersom du skulle ha behov for å kontakta meg så skal det vere mulig:

  • Ein SMS med teksten ghveem til telefonnummer 03686 gir deg det du treng.
  • Twitter/ghveem
  • LinkedIN
  • Google
  • Facebook
  • Skype: guttorm1979/ghveem
  • MSN/E-post: guttorm(snabel-a)hveem(punktum)no eller fornavn.etternavn@gmail.com.
  • I kommentarfeltet på bloggen.
  • Eller her:

Sånn elles så er eg gift med Beret, har tre ungar og bur på Halsnøy