Jan 23

Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.

OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.

Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og “reis”…

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Jan 09

Melih Bilgil har laga ein god animasjonsdokumentar om historia om internett.

Denne er laga med PICOL-ikon som ein vil sjå meir og meir av etter kvart. Nokon kjenner vel deler av dette systemet som Pictogram.

History of the Internet from PICOL on Vimeo.

Via digi.no

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Nov 14

Leif Harboe har lagt ut døme på animasjonar laga i GoAnimateher. Verdt å kikka på.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Nov 11

Nord-Odal ungdomsskole har lagt ut ein del animasjonsfilmar. God inspirasjon og ein del ressursar.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Oct 27
Har nyleg fått nettsider for Sandnes skole og Jarfjord oppvekstsenter på lufta. Begge vert drifta med Joomla. Etter kvart vil sidene verte ein naturleg ressurs for elevar, føresette, lærarar og andre interesserte. Eg har m.a. lagt inn ei nyhendeteneste som oppdaterer seg sjølv.
Nestsiste veka i jobb på Sandnes har elevane laga kortfilmar. Den eine animasjonsfilmen ligg på sandnes-skole.no.
Den er laga med monkeyjam og eit vevkamera i sandkassen. Elevane tok berre 600 bilete for å laga denne snutten. Det var kanskje i minste laget. Animasjonsfilmen frå Syd-Varanger er laga av rundt 2000 bilete om eg ikkje hugsar heilt feil.
GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Jan 21

Tips om artikkel på LMU om brukbart program til animasjon i skulen. Les artikkelen her.
Last ned Pivot Stick Figure her

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Dec 18

Nettstedet er laget av Anita Aasheim Knutsen, og er utviklet som en besvarelse av en obligatorisk oppgave ved Masterstudiet i IKT i læring ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Det finnes flere Internettsider som tar opp sjangeren Digitale Fortellinger og “de syv elementene” på norsk, men ingen som beskriver hvordan man rent praktisk jobber med dette steg for steg.
Forankring i kunnskapsløftet (L06)

I tillegg til å være en metode kan arbeidet med Digitale Fortellinger være et kunnskapsmål i seg selv. I fagplanen for Norsk i Kunnskapsløftet (L06) sies dette under norskfaget:
7. årstrinn ”- lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet og ved hjelp av digitale verktøy” (s.13) ”
- bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene” (s.13)
10. årstrinn ”- bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster” (s. 14)

Derfor håper jeg at dette nettstedet kan være en ressurs for arbeid med digitale fortellinger fra mellomtrinnet og oppover.

Kommentar:
Her finst det informasjon både til lærar og elev. Fleire viktige moment vert teke opp i rettleiinga, m.a. åndsverklova.
Korleis vurderer du slike fortellingar? Her er eit forslag til kva du kan sjå etter: http://stud.hsh.no/arbeider/2007/Fortell/vurdering.htm
http://stud.hsh.no/arbeider/2007/Fortell/sjangeren.htm

Og digitale fortellingar i photostory er såpass enkelt at til og med første klasse kan bruka det!
I staden for tekst kan dei t.d. fortelja/spela inn lydkommentar til bileta.
Det kan vere lurt å bruka t.d. teikningar for å fortelja eventyr eller liknande.

og lurer du på kva photostory og digitale fortellingar er kan du kikka innom
Http://guttorm.hveem.no/media/photostory for ein liten demo.

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Mar 06

Animasjonsfilmen som vart laga av nokre av elevane i fjerde til sjuande i haust er no konvertert til flash og lagt ut saman med ein liten informasjonstekst på http://guttorm.hveem.no/media/sydvaranger/. Filmen vart laga i gratisprogrammet Monkeyjam (Gratis). Elles har elevane jobba litt i photostory, men dei filmane vert nok ikkje lagt ut. Fellestrekk for begge opplegga er at elevane får til å laga presentasjonar med liten undervisning i verktøya. Resultata blir gode, og dei set høge krav til kvaliteten. Media og film er jo noko dei kan!

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Dec 14

Via brodern, http://hveem.no fekk eg tips om ein av dei råaste filmane eg har sett på lenge. Om denne høyrer til kategorien animasjonsfilm kan me kanskje diskutera. Uansett, det er imonerande kan ein kva få til, sjå sjølv på http://www.youtube.com/watch?v=JzqumbhfxRo 

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
Nov 06

Så vart animasjonsfilmen ferdig, filmen vart rundt to minutt lang (inkludert rulletekst). Trur me enda i underkant av 2000 bilete.

Surf innom http://guttorm.hveem.no/media/sydvaranger/ for å sjå (flash, låg kvalitet)

Ei anna gruppe har laga ein seks minuttars stumfilm, denne legg eg ikkje ut. Men eg kan seie at det verkar som om det er lettare å få god innsats for nokon dersom dei ikkje treng konsentrera seg om dialogen…

GD Star Rating
loading...
Tagged with:
preload preload preload