Dec 6 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...

Nov 1 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...

Oct 29 2009

Digital kompetanse og delingskultur

Guttorm

Digital kompetanse og IKT (eller IT/EDB) er eit vanskeleg tema. Handlar det om ferdigheiter (altså ting ein kan gjera i t.d. word) eller kunnskap om korleis ting fungerer (t.d. wikipedia, web 2.0, eller korleis ein søker, finn, vurderer og bruker informasjon)? Eller kva handlar det eigentleg om? Og korleis skal elevar og lærarar i skulen koma skikkeleg i gong med dette temaet?

Ein kan lokka med at ting kan ta mindre tid og verte meir effektivisert (LMS, Markin), at ein får meir inspirasjon og idear (bloggar, del og bruk, twitter), eller fordi det er gøy (for å dra vidare Trond Viggo sine tankar på del og bruk-konferansen…).

Henning Fjørtoft fekk fram eit godt poeng då han kursa oss i vurderingskriterier i vår. Kvar gong nokon føreslo eit mål rakk han opp handa og spurte kva han skulle gjera. Ikkje dumt. Korleis kan ein konkretisera og koma vidare?

Eg trur ein berre må hiva seg i det, finna inspirasjon på fleire av bloggane til pedagogane og sjå kor langt ein kjem. Alt kan ikkje brukast, men mykje kanFlickr Meet #3 - Nottingham. Og i den samanhengen har m.a. Albertine Aaberget lagt ut ein strålande presentasjon, ho har og lagt ut lenker til nokre andre det kan vere lurt å kikka gjennom.

Delingskultur kan ein få til dersom ein gir, deltek, kjem med forslag, roser andre, og lenker/refererer til andre. (Albertine Aaberget, slide 57). Og det trengst fleire stemmer, så langt er det vel unge menn som har hatt definisjonsmakta på internett (Petter B. B, slide 15).

Petter B.B. skriv og  “Det handlar om kva du kan dela og ikkje minst om kva andre kan dela med deg.” samstundes kan ein ha i bakhovudet at læring ofte skjer i kontakt med andre, men ein treng ikkje nødvendigvis møtast fysisk.

(Dette vart berre halvferdige tankar, del gjerne dine i kommentarfeltet.)

GD Star Rating
loading...

Oct 25 2009

Informasjon og kunnskap

Guttorm

Me har tilgang til ufattelege mengder informasjon gjennom teknologi og ikkje minst nettverk. Dersom ein skal halda seg heilt oppdatert må ein vel klikka på alle lenkene på twitter eller facebook og lesa alle elementa i RSS-lesaren dagleg. Eg trur stadig fleire opplever det Margreta treffande kallar “lenkestress” og føler at ein ikkje strekk til. Ein må utvikla personlege filter for å koma seg gjennom informasjonsjungelen, ein må prioritera. Kva er det naudsynt å lesa? Kva hadde det vore fint om ein hadde hatt tid til å lesa? Kva kan ein eigentleg klara seg utan? (Skru gjerne på Øystein Sunde sin song “Kjekt å ha” no)

Kunnskap og informasjon er ikkje det same. Kva gjer ein med informasjonen ein har tilgjengeleg? Mange går nok laus på søkemotorane med ein gong, men kva med å stoppa opp litt og tenkja seg om, slik at ein kan reflektera litt over kva ein ynskjer å oppnå gjennom søkinga. Kva informasjon/kunnskap har ein allereie? Kva informasjon treng ein for å arbeida vidare? Og korleis forandrar ein informasjonen til kunnskap? Korleis klarar elevane det? Finn dei relevant informasjon utanom dei fem til ti første treffa i søka? Leitar dei etter det? Brukar dei fleire søkekjelder?

PEGGY ORENSTEIN i NYT har skrive ein interessant artikkel om søking og om å bli distrahert og tipsar i tillegg om MacFreedom, eit program som kan hjelpa deg litt med sjølvdisiplinen dersom du har ein Mac.

For å oppsummera med hennar ord:
the promise is of infinite knowledge, but what’s delivered is infinite information, and the two are hardly the same.

Eg trur det er fleire som treng trening i å arbeida utan tilgang til internett i periodar. Og det er lov å merka alt som lest, og å ikkje følgja med på alt til ei kvar tid… (mhm, eg har vore innom ein del nettsider sidan eg starta på dette innlegget…)

Funfact: Søkjer du på “Information Overload” i google scolar får du ca 273 000 treff…

GD Star Rating
loading...

Oct 25 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...

Sep 27 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...

Sep 20 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...

Sep 4 2009

Du er herved utfordra

Guttorm

Ein kan fortsetja å diskutera om IKT i læring er meiningslaust eller ikkje, om får noko meirverdi når ein brukar IKT, om dei digitale læremidla er gode nok, om kunnskapsløftet har gode nok rammer og mål og så bortetter.

Eg er overtydd om at IKT kan gi ein meirverdi i læring og undervising dersom ein del gitte føresetnadar er til stades. Det er og viktig å skilja læring gjennom, av eller med IKT. Her kan det vere store skilnadar på kva ein kan forventa av utbytte.

Sjølv støttar eg meg ofte til teoriar rundt Mindtools for å prøva å identifisera typar programvare og ikkje minst relevante læringssituasjonar.

No ynskjer eg å utfora deg til å skissera situasjonar og opplegg der du meiner det er mulig å få til god læring med bruk av IKT. Bruk gjerne tenkte situasjonar/opplegg eller situasjonar/opplegg du sjølv har erfart.

Merke/tag: delogbruk-ikt

Trackback/ping til denne bloggposten:

http://guttorm.hveem.no/blogg/2009/09/du-er-herved-utfordra/

eller legg igjen ein kommentar i feltet om kvar du har lagt ut dine idear.

Relatert: Øystein, Ingunn, Leif og Marita.

Oppdatert: Fortell gjerne noko om fag og ikkje minst fagspesifikke program du har erfaring med.

GD Star Rating
loading...

Aug 23 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...

Jun 21 2009

Bokmerke denne veka (weekly)

Guttorm

Posted from Diigo. The rest of my favorite links are here.

GD Star Rating
loading...