Har testa liveblogging via twitter i dag. Det verka rimeleg greit, ting eg skreiv med #nkul vart samla opp på bloggen, måtte berre hugsa på //NLB// og //ELB// for å starta og slutta ein post. Håper dei som synest det vert for mykje filtrerer bort alt med #nkul frå meg.
Liveblogginga om NDLA vart forresten skrive på ein telefon, staumkontaktar utan straum er lureri…
Har elles hatt gleda av å treffa mange kjente folk frå twitter, del og bruk, IKT i læring og andre.
2:41:47 PM: #nkul ndla vil støtta og legga til rette for dei som vil delta. Ansvaret skal over til fylkeskomm. Første haust der vg1 får gratis læremidl
2:45:33 PM: #nkul ndla veit ikkje heilt korleis det endar.
2:48:22 PM: #nkul Ikt i skulen handlar om bruk, ikkje teknikk. Sterk skuleleiing viktig for endring. Delingskultur viktig. For dei som vil…
2:50:14 PM: #nkul er høg kvalitet på læring ei tjukk bok utan bilete?
2:53:37 PM: #nkul læremiddel er ein del av ein læringsressurs. Digitale læringsressursar: tilgangen til desse veks. Lettare å finna og bruka no?
2:55:05 PM: #nkul forskjell på lag 1 og 2. Lag 2/deling skal vere dynamisk og i utvikling
3:00:38 PM: #nkul ndla vil leggje til rette for fleire vegar til målet. Lyd, lettlest, trad. Kjøper inn fra t.d. Nrk, bbc, forlag.
3:02:53 PM: #nkul beta er ikkje fulldekka fag, men har gode ressursar.
3:04:27 PM: #nkul fleire fag kjem. Inkludert temaet digital kompetanse.
3:28:10 PM: #nkul ndla har støtte for import og bruk i LMS.
3:34:24 PM: #nkul ndla framhever #delogbruk og anbefaler alle å melda seg inn…
3:36:03 PM: #ndla kan me laga dit delingssamfunn i skulen i Norge når det er så få som vil bidra? Tja, wikipedia?
3:38:09 PM: #nkul ndlafolk bidrar lettare på delogbruk enn på ndla…
3:43:53 PM: #nkul ndla. Mindreårige elevar vs. Personvern, opphavsrett, innsyn m.m. Skapar problem for ndla.
Del og bruk 09:
Et nettverk for lærere og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!
Ingunn Kjøl Wiig har tatt initiativet til eit nettverk for lærarar og andre som er interessert i IKT i læring, læringsressursar og digital kompetanse. Og som slagordet seier: “Del det du har, bruk det du får”.
Eg har allereie lokalisert ein heil del fremragande (IKT-)pedagogar i nettverket.
Du kan invitera deg sjølv her: http://delogbruk.ning.com/
Det er praktisk å dela bokmerker og tips. Ein får jo ein del tips via andre sine bloggpostar, men kanskje endå fleire ved å sjå på bokmerka til folk. Svein Andreas Horgen har lagt ut oppfordringa og eg føl på med å senda stafettpinnen vidare. I følgje mitt nyhendeprogram har eg 15 mapper, 224 kjelder, 2953 artiklar og 861 flagga artiklar akkurat no. Artiklar som ikkje vert flagga vert sletta automatisk etter 30 dagar. Ein del av desse mappene brukar eg for å systematisera innkommande artiklar. Dei ei tek vare på vert flagga og flytta til forskjellige kategoriar innan “Clippings”. Så viss du kanskje har nokolunde same interessefelt som meg (IKT i læring, tankekart og litt tekniske saker) kan du faktisk få ein del artiklar ferdig servert, heilt gratis til og med! Dei er sjølvsagt sortert subjektivt og etter eige hovud, men det er vel kanskjeforhåpentlegvis litt logisk for andre og.
Klipp og lim det som kan vere interessant til din rss-lesar:
Bokmerker: http://www.diigo.com/user/guttorm1979 (held på med overgang frå furl)
Mine arkiverte saker frå newsgator: Generelt: http://services.newsgator.com/ngws/svc/ClippingsRSS.aspx?uid=979001
Læring/Skule/IKT i læring: http://services.newsgator.com/ngws/svc/ClippingsRSS.aspx?uid=979001&fid=5796065