Sep 24 2009

Personvern på nett? iam.no

Guttorm

Personvernet ditt er viktig, men kor lett er det å samla informasjon om deg?Photoblogger

Skattelister gjer det mogleg å finna ut kva andre tener, fødselsdato kan ein finna, telefonnummer, adresse, næringsinteresser, oversikt over verv og styrer, namnestatistikk og mykje anna. Det tek litt tid å finna fram til all denne informasjonen og det har nokon effektivisert på http://iam.no, test ditt eige telefonnummer eller namn for å sjå kva som ligg offentleg tilgjengeleg om deg. Informasjon om sjefen i iam.no ligg her.

Iam.no er heller ikkje den einaste tenesta som gjer slikt, har du testa pipl.com?

Er du av den tvilsomme nysgjerrige typen kan du i tillegg finna heile personnummeret ditt her: http://ranvik.net/privat/fnummer/fnummer.html eller lesa meir om personnummer og korleis du kan finna og testa dei.

Datatilsynet skal sjå på tenesta til iam.no, men eg ser ikkje bort frå at dei har lov til å setja saman informasjonen slikt. Meir om det her og her.

Ei gullgruve for identitetstjuveri?

Kva digitale spor har du lagt igjen i dag?

Bom-brikke? Bilde med geotagging? Filma av overvåkingskamera? Visakort? Hatt telefonen på?

Face.com, Picasa og iPhoto kjenner igjen ansikt. Tru om desse overfører informasjon til Google og Apple?

Meir lesnad:

VG

VG 2

Nettavisen

Aftenposten

Freakforum

NRK

Om eniro og fødselsdatoar

Paul Chaffey

GD Star Rating
loading...

Apr 28 2009

Dubestemmer.no: NY UNDERVISNINGPAKKE FOR DE FRA 9-13

Guttorm

Teknologirådet, Datatilsynet og Utdanningsdirektoratet håper at undervisningsopplegget vil legge til rette for dialog mellom barn, foreldre og skole slik at overvåkning blir unødvendig. (digi.no)

Dubestemmer.no har no lagt ut innhald tilpassa aldersgruppa 9-13.

  • Er det greit at foreldre sjekker internettloggen og mobilmeldingene til barnet sitt?
  • Tøff bak tastaturet? Om mobbing på nett og mobil.
  • Skal 10-åringer kunne legge ut utfordrende bilder av seg selv på nett?

Litt av innhaldet:

  • Hvordan vil DU bli sett?
  • Var det du som sendte den dritkjipe meldingen?
  • Ble du forelska i lillebroren din?
  • Skrev du stil om den hesten der???
  • Det er mange som ser DEG
  • Det handler om RESPEKT
  • Hvem snakker du med – EGENTLIG?
  • HVEM skal bestemme?
  • Hvem kan du STOLE på?
  • Lar DU deg lure?
  • Litt KJEDELIG men nyttig informasjon for FORESATTE

Klassesett kan du bestilla her.

Videoane og døma eignar seg godt som inspirasjon og utgangspunkt for diskusjon om nettvett og nettbruk.

Digi har omtale av pakken her.

Du kan lesa meir om temaet hos t.d. Aftenposten

GD Star Rating
loading...

Mar 27 2009

Nettvett – legg gode spor

Guttorm

Eg har laga ein liten presentasjon med tema nettvett, denne kan vere ei støtte til refleksjon og samtale med elevar. Det er viktig at du som lærar ser gjennom og reflekterer, det er fleire stadar ein kanskje kan stoppa opp og diskutera med elevane.

Full skjerm: http://prezi.com/21100/view/#1

Vil du redigera? Ta kontakt.

GD Star Rating
loading...

Mar 11 2009

HSH.no: Studerer digital mobbing

Guttorm

Student Jorunn Teigen Sætre frå Kvinnherad har skrive masteroppgåve om digital mobbing i ungdomsskulen, og sett nærare på korleis mobbeoffer, medelev og lærar opplever problemet.
Fredag 13. mars legg ho fram oppgåva si på HSH.

Sms og chat

Når det gjeld omfanget av digital mobbing, viser Teigen Sætre sine data at vel 15 prosent av elevane blir utsette for ei eller anna form for digital mobbing, og at mobbinga skjer både via telefonoppringing, sms, chat og anna nettkommunikasjon.
Undersøkinga hennar viser vidare at meir enn dobbelt så mange jenter som gutar seier at dei har vore utsette for digital mobbing.

Andre opplevingar
I Teigen Sætre sin analyse går det vidare fram at dei som vert utsette for mobbing opplever hjelpetiltaka i skulen på ein heilt annan måte enn lærarane. Det som kanskje er det mest oppsiktsvekkande funnet her er at 48 prosent av dei som vert utsette for mobbing seier at læraren “nesten aldri” hjelper i samband med digitale mobbesituasjonar.

Ulike tiltak
Det er også tankevekkande at lærarane og dei som vert utsette for mobbing ser ulikt på kva tiltak som bør setjast i verk. Der lærarane helst ønskjer å snakke om mobbing meir generelt, ønskjer dei som vert utsette for mobbinga i større grad at mobbaren skal konfronterast med handlinga si og at åtferda hans eller hennes også skal drøftas i klassen. (via hsh.no)

Samandraget og mastergradsoppgåva vert publisert her etter kvart.

GD Star Rating
loading...

Nov 23 2007

Sikkerhet pånettet – Hardware.no

Guttorm


Sikkerhet på nettet – Hardware.no: “Sikkerhet på nettet Gode råd mot virus og andre farer Denne guiden gir deg praktiske råd og tips om hvordan du kan beskytte PC-en din, og kvitte deg med skadelige programmer.”

Verdt å ta ein kikk på.

GD Star Rating
loading...