Mar 25 2009

Mikropresentasjonar

Guttorm

Martin Bekkelund kjem med eit godt tips til korleis du enkelt kan bruka ein iPhone til mikropresentasjonar. Ein kan sjølvsagt gjera det same med andre telefonar eller dingsar og.

  1. Eksporter presentasjonen til bilete.
  2. Overfør bileta til ei eiga mappe på mobilen.

Og så er ein klar til å dra fram presentasjonen når ein skal visa den til andre.

Mange nyare telefonar og dingsar har støtte for tilkobling til tv/prosjektør. Så i prinsippet kan ein halda heile presentasjonen i fullformat via telefonen/dingsen…

Enkelt og praktisk!

Les meir om alternativ og framgangsmåte her.

GD Star Rating
loading...

Jan 22 2009

NFF: “Billig moro med LMS”

Guttorm

nettsidene til norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning finn ein nokre tankar om kva salet av Fronter til Pearson kan medføra, samt ei lita innføring i eit gratis LMS med namn Dokeos.

Har tidlegare testa Moodle, men syntest ikkje det var enkelt nok til produksjon, installerer dokeos på eigen server no og testar det. Ein kan sjølvsagt testa på Dokeos deira server.

GD Star Rating
loading...

Sep 10 2007

40 Free Windows Apps For You | Technology Bites

Guttorm

40 Free Windows Apps For You | Technology Bites.

Her skulle det vere noko for ein kvar smak. Gratis alternativ til mykje ein kan bruka i skulen.
Legg gjerne igjen namn, funksjon og url til ditt favorittgratisprogram i kommentarfeltet.

GD Star Rating
loading...

Mar 3 2005

digi.no – Kommune vender Microsoft ryggen

Guttorm

digi.no – Kommune vender Microsoft ryggen: “Oslo (03.03.2005) – Kvinnherad blir blant de første kommunene i Norge og Skandinavia til å kutte Microsoft Office.”

Sannsynlegvis ikkje den første, meiner å hugsa at openoffice er standard i skulane i Stord kommune.

Dersom målet er å spara pengar kan det vere lurt å start med skulelinux i same slengen. Elevane vil nok takla overgangen.

Ei relevant oppgåve i denne samanhengen: Informasjons- og kommunikasjonsteknologi
i skulekvardagen

No kjenner eg til den aktuelle kommunen og veit litt om kva maskinar som er i bruk. Oppgradering av office er sannsynlegvis uaktuelt så lenge maskinparken forsatt inneheld ein del eldre maskinar. Maskinar som fortsatt køyrer windows 95 og 98 er vel ikkje berekna for bruka med ms office 2003 eller andre nyare. Og det er vel heller ikkje aktuelt å kjøpa ms office 97 på nytt.

I følgje kjeldene mine tek det opp mot to minutt for å få opp søkeresultat frå google, og då er det verken google eller linja som er flaskehals…

Dersom kommunen skal oppgradera ms office til noko nyare må dei samstundes oppgradera maskinparken, og det er vel der problematikken eigentleg ligg.
Dersom dei kan gå over til å bruka openoffice og fortsatt bruka dei maskinane dei har i staden for både å oppgradera maskinar og programvare har dei kanskje spart nokre kroner frå ein pressa kommuneøkonomi.

GD Star Rating
loading...