Har travle dagar med å setja opp system for karriere-rettleiing og dokumentasjon frå praksis. Her vert det bloggar, samansett tekst og praktiske saker. Løysinga er Mahara, opensource utvikla på New Zealand og med Feide-autentisering. Spanande og tidkrevande. Meir om saken seinare… http://www.flickr.com/photos/ghveem/4424476744/
Dersom du underviser i historie kan du kanskje få litt inspirasjon frå dette opplegget med tittel: H.S.I. Elevane får ein eller fleire historiske saker dei skal etterforska og finna ei løysing på gjennom å studera dokument og bilete. Dei kan i tillegg samla dokumentasjon frå andre kjelder. Les meir omtale her på freetech4teachers.com og besøk H.S.I her. Kven tek utfordringa med å laga noko liknande i norsk versjon? Ressursar har me jo: unimus.no, hvor hender det, temaweb, kart i skolen, digitalskolen, Riksarkivet, polarhistorie, og ikkje minst kildenett.no.
Å lesa bøker på skjerm er kanskje utenkeleg for mange, eg kan godt vere enig i at skjønnlittere bøker kanskje best eignar seg på papir. Men lærestoff, fagbøker og anna kan godt vere digitalt for min del. Og eg gjetter at det er fleire som kunne tenkt seg å ha med seg alle lærebøkene i lomma. I går lasta eg ned Coursesmart til eit av mine viktigaste verktøy, nemleg iPhone. Videoen som viser Coursesmart på iPad (konsept førebels) er rimeleg interessant. Eg håper og trur at denne modellen kan vere aktuell for skulen og kanskje for forlaga og. Hos Coursesmart leiger ein bøkene sine per semester, kanskje ein kan kjøpa nokre permanent og.Ein kan ta notat og lagra desse saman med bøkene. Etter semesteret har ein ikkje tilgang til bøkene, men ein har tilgang til notata ein har teke. Og kanskje dei er viktigast? Denne modellen kan kanskje vere aktuell for norske forlag og? Men, så, i Noreg har me NDLA tilgjengeleg, kva kan dei gjera framover? Eg ynskjer gjerne å ha med meg fagbøker og lærebøker i lomma. Elevar kan kanskje og tenkja seg det, ein slepp å mista bøker, gløyma bøker og ein kan lesa bøker på bussen, trikken eller andre stader. Praktisk for fleire partar med andre ord.
Korleis får ein NDLA på ein lesedings som t.d. kindle, iPhone, Nook eller andre?
1. Du treng pdf-versjonar av innhaldet på ndla, førebels kan ein finna pdf-filer av kvar side. Kanskje kapittel/bøker/tema samla etter kvart?
2. Du treng programvare for å forandra formatet på pdf-filene til det formatet lesedingsen din støtter. Eit gratis og dekkjande program er Calibre.
Det eg har gjort for å ha deler av NDLA på min lesedings (iPhone) er å lasta ned pdf-versjonane av eit kapittel, i dette tilfellet Norsk – kommunikasjon, til ei mappe. Deretter opna Calibre (passa på å starta serveren under innstillingar) og la til ei mappe som ei bok (fleire pdf-filer til ei bok), konverterte til e-bok. Kobla til iPhone og starta Stanza. Klikka på “Get books” og så kunne eg bla gjennom alle bøkene på PC-en og lasta dei eg ville ha på iPhone. Og no kan eg lesa om kommunikasjon akkurat der eg vil og når det passar meg. Og for å forenkla prosessen håper eg at NDLA etter kvart legg ut kapittel/tema/fag som samla pdf-filer. Eventuelt at ein kan velje fleire sider av eit kapittel og lagra det som ei pdf-fil. Det kan dei sannsynlegvis gjera, men dei må kanskje sloss litt mot nynorsk-folk (ikkje meg), forlag og nokre andre først.
Maria Droujkova (2009), developer of Natural Math, stated, “The main trend is the lag of mathematics behind other subjects in class-centered Web 2.0 communities for children, and an even larger lag in informal, recreational communities. Children’s mathematics remains very much confined to classes, homework, and standardized tests, or activities that closely imitate them. Most class-centered mathematical communities are not sustainable, in that they dissolve after the class ends, even if the artifacts stay available online. Many existing sustainable math-oriented communities are intellectually elitist and demographically exclusive” (pp. 1-2).
Dersom du underviser i matematikk kan du kanskje finna ein heil del døme og tips du kan bruka i artikkelen Web 2.0 in Instruction: Adding Spice to Math Education. Det ligg lenker til fleire program, wikiar, nettsamfunn for matematikarar og anna.Og wolframalpha.com reknar eg med at er velkjent.
Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.
På OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.
Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og “reis”…
It turns out there are two different ways people respond to challenges. Some people see them as opportunities to perform – to demonstrate their talent or intellect. Others see them as opportunities to master – to improve their skill or knowledge.
While a performance orientation improves motivation for easy challenges, it drastically reduces it for difficult ones. And since most work worth doing is difficult, it is the mastery orientation that is correlated with academic and professional success, as well as self-esteem and long-term happiness.
When I learned about performance and mastery orientations, I realized with growing horror just what I’d been doing for most of my life. Going through school as a “gifted” kid, most of the praise I’d received had been of the “Wow, you must be smart!” variety. I had very little ability to follow through or persevere, and my grades tended to be either A’s or F’s, as I either understood things right away (such as, say, calculus) or gave up on them completely (trigonometry). I had a serious performance orientation. And I was reinforcing it every time I played an RPG.
Be aware of why you play the games you do the way you do. Be aware of how you use them. We humans are remarkably adept at finding ways to lie to ourselves, and ways to be self-destructive
Mastergrad IKT i læring om bruk av grafiske organisatorar i læringsarbeid. Her kan du lesa heile oppgåva mi om tankekart og mindmapping. Teorien (side 10-32) er kanskje det som er mest spanande og nyttig for deg.
Saman med framragande pedagogar var eg med og skreiv eit lesarinnlegg i BT. Heile saken vart koordinert og skrive i eit etherpad-dokument (ypperlig verktøy for samskriving). Lesarinnlegget er tilgjengeleg her.
Skolefagundersøkinga og andre undersøkingar viser at bruk av fagspesifikke program kan føra til auka læring. I tillegg kan det vere gevinstar å henta frå simuleringar og problembasert læring. Klimamysteriet er eit læringsundervers der elevar skal hjelpa rollefiguren Axel med å redda klimaet i verda. Her må ein bruk filmar, spel, informasjonskompetanse og web 2.0 for å løysa oppdraget. Underviser du i naturfag eller engelsk er det fleire kompetansemål som kan passa. Men hugs at spelet ikkje nødvendigvis fører til god læring så lenge det berre vert brukt som eit spel. Det bør brukast i ein større samanheng. Ein kan t.d. gi elevane eigne spørsmål dei berre klarar å svara på gjennom å ta del i spelet.