Feb 24 2010

H.S.I: Engasjerande historie?

Guttorm

What big eyes you have, Mr...Dersom du underviser i historie kan du kanskje få litt inspirasjon frå dette opplegget med tittel: H.S.I. Elevane får ein eller fleire  historiske saker dei skal etterforska og finna ei løysing på gjennom å studera dokument og bilete. Dei kan i tillegg samla dokumentasjon frå andre kjelder. Les meir omtale her på freetech4teachers.com og besøk H.S.I her. Kven tek utfordringa med å laga noko liknande i norsk versjon? Ressursar har me jo:  unimus.no, hvor hender det, temaweb, kart i skolen, digitalskolen, Riksarkivet, polarhistorie, og ikkje minst kildenett.no.

GD Star Rating
loading...

Dec 4 2009

Den sjette sansen – Kva kan me venta oss i framtida?

Guttorm

Me har tilgang til fryktelig mykje informasjon til ei kvar tid. Så lenge ein har ein mobiltelefon eller ein annan dings med seg kan ein sannsynlegvis surfa på internett, kontakta andre og få vita ting. Denne dingsen (den sjette sansen) gjer heile prosessen litt enklare. Kikk gjennom videoen og tenk litt på kva konsekvensar dette kan få i skulen.

- Kven sørgjer for at informasjonen er riktig? Kan kven som helst leggja inn? Kjeldekritikk…
- Kva tid bruker ein slikt?
- Kva slags faktakunnskap bør ein ha?

- Korleis må eksamensoppgåvene/oppgåver vera for at eleven skal kunne visa kva han/ho kan gjera med informasjonen? (Tor Espen har nokre dømer nederst her.)
- Korleis kan du som lærar bruka denne teknologien i undervisinga?
- Har dette nokon relasjon til samansette tekstar?
- Kva strategiar for bruk, samhandling osb. bør ein ha?

GD Star Rating
loading...

Apr 2 2009

Tal og fakta om facebook

Guttorm

Held på med ein liten sak om sosiale medier og tenkte eg skulle finna ut litt om brukarane til facebook. Fakta om facebook finn ein enkelt her, men tala er det litt verre med. Heldigvis har nedrelid.com funne ut korleis ein kan finna estimat over brukarar med hjelp frå Øyvind i NRK Beta.

Dersom ein prøver å oppretta ei annonse i facebook så kan ein få ut eit estimat på antal brukarar, vidare kan ein velje alder, stikkord, sivilstatus, nær by, utdanning osb.

Tala er estimat og det ser ut til at dei varierer ein del dersom du prøver fleire gonger.

Estimata eg fann for Noreg ser i alle fall slik ut:

  • 1 547 940 personer over 18
  • 754 400 personer over 18 som er kvinne
  • 345 580 personer over 18 som er mann
  • 23 100 personer over 18 som har fullført college
  • 32 920 personer over 18 som har fullført universitet/høgskole
  • 49 200 personer over 18 som har fullført videregående skole
  • 360 160 personer over 18 som er singel
  • 81 860 personer over 18 som er forlovet
  • 246 440 personer over 18 som er gift
  • 90 000 personer over 18 som er singel som er interested i menn
  • 185 020 personerover 18 som er singel som er interested i kvinner
  • 273 140 personer over 18 som er singel som er interested i menn eller kvinner
    (kjelde: facebook.com 2. april 2009)

Dette kan ein vel bruk i matematikkundervisinga og evt i kjeldekritikk?

  1. Kor stort sannsyn er det for at du finn ein singel gut over 18 år som er interessert i jenter på facebook?
  2. Kan desse estimata vere reelle? Kva skjer om ein summerer opp dei forskjellige tala (antal brukarar = menn + kvinner?)
  3. Kvifor vert estimata så høge når ein brukar annonseverktøyet for å finna tala?
GD Star Rating
loading...

Jan 29 2007

Born og internett, kjeldekritikk og tips. "Men alt som står på internett er jo sant!"

Guttorm

Kvar måndag startar med ein liten open runde i klasserommet der elevane får fortelja kva dei har gjort i helga. Mange fortel at dei har vore mykje “på data”.

Generelt kan ein seie at gutar kanskje er meir opptatt av å spela, medan jenter bruker IKT til sosialisering, “Blink” og MSN er relevante stikkord.

Blink (Utvikla av db.no) vert presentert slik:
“Blink er en møteplass hvor du kan treffe nye venner, snakke om felles interesser og fremme nyheter og meninger. Blink er Norges største nettsamfunn.” (http://blink.no)

Med MSN kan ein snakka saman via tastaturet, det kan ein gjera i grupper eller ein til ein.
I andre typar prategrupper og forum kan det vere fleire deltakarar og tilhøyrarar.

Nedanfor har eg samla litt info frå nyhenda den 29.01.2007 knytt til emnet, den siste lenka er det mykje god informasjon på. Sjå gjerne gjennom videoane og ta gjerne med tenåringar/ungar innom der…

Ei god nettside som handlar om personvern.

“Det handler om hvordan opplysninger om deg kan bli brukt av andre, og hvordan du kan ta kontroll over disse opplysningene.”

http://www.dubestemmer.no/

Oppsummert:

  1. Du er ikkje anonym på nettet.
  2. Ting som havnar på nettet forsvinn sjeldan. Det tok meg to dagar å få fjerna eit sensitivt dokument frå google (cachen) etter at ein student lagra “feil”.
  3. Det tek 3 sekund å senda eit bilete frå kameratelefonen til pcen. Det tek 10 sekund å senda biletet vidare til alle på kontaktlista i eit e-postprogram.
  4. Nettvett og køyrereglar er lurt å ha. Og så kan det vere lurt å vere med på ein surferunde med ungane i ny og ne..
  5. Det er ikkje alltid lett å vita kven ein har kontakt med. Då er dømet: http://www.dubestemmer.no/film/Cyber.wmv ganske treffande.

“Men alt som står på Internett er jo heilt, heilt sant. Heilt sikkert altså.”

GD Star Rating
loading...

Jan 25 2007

Aftenposten skriv om kjeldekritikk og tips til foreldre.

Guttorm

Her er ein del informasjon og tips til deg som har ungar.
Det er fort gjort at ungar havnar på sider dei ikkje bør vera på, eller ser ting dei ikkje bør skje. Eit uskyldig biletesøk hjå google etter “vann” gir dette resultatet

GD Star Rating
loading...