Digitale læringsressurser – opphavsrett og andre juridiske utfordringer er eit omfattande og vanskeleg tema. På konferansesidene til Delrett finst det no opptak og presentasjonar tilgjengeleg på deira nettsider. I tillegg kan ein få med seg kommentarar og innspel på twitter under #delrett, på http://hashtags.no/t/?tag=delrett finn du i tillegg lenker som vart kvitra undervegs. Sist, men ikkje minst, finst det eit kollektivt referat på http://etherpad.com/delrett.
For ei tid tilbake kom eg over eXe-learning, programvare for å utvikla læringsressursar.
Frå eXe si nettside:
The eXe project developed a freely available Open Source authoring application to assist teachers and academics in the publishing of web content without the need to become proficient in HTML or XML markup. Resources authored in eXe can be exported in IMS Content Package, SCORM 1.2, or IMS Common Cartridge formats or as simple self-contained web pages.
Eksport til SCORM, IMS, vevside, tekstfiler og ipod-notat.
Det er rimeleg enkelt å setja saman ein læringsressurs i dette programmet. Ein kan henta inn artiklar og nettsider gjennom i-frame. Ein kan laga quizzar, refleksjonsspørsmål, setja inn java-applets og mykje meir.
I tillegg kan ein arbeida direkte i HTML-koden (embed, script m.m.). Det er kanskje ein fordel å kunna litt om html, men ikkje naudsynt.
YoFrankie er ei virtuell verd utvikla med Blender, gratis og tilgjengeleg på win/nix/mac.
BibMe er ei teneste for å halda styr på referansar.
Lecturefox har ei rimeleg grei oversikt over gratis førlesingar frå forskjellige institusjonar.
På TurnItIn kan ein sjekka plagiat, det kan du og gjera på Copyscape, og så kan ein jo læra meir om temaet her.
På Filedestructor kan ein faktisk sabotera filene (les: oppgåvene) før ein sender dei/leverer dei. Og på den måten kjøpa seg litt ekstra tid… Eller som dei seier sjølv:
Want to play games on your Playstation but got a deadline for an exam or report that didn’t match your gaming ambitions?
Then you have come to the right place.
Send trashed files and blame your faulty computer, instead of confessing that you are a lazy bum who just wants to play videogames.
Eit verktøy mange studentar og lærarar kan ha nytte av er Scrapbook. Dette er eit tillegg til nettlesaren Firefox. Leif Harboe har laga ein instruksjonsfilm ein kan sjå her.
Eit anna program eg vil tipsa om innan same kategori er Ript. Dette kan du og bruka for å henta tekst/bilete frå maskinen du har for å setta det saman. Krev .Net 3.0
Via Anders G. N. Høgskulelektor IKT i læring ved HSH fekk eg denne lenka: http://masterplanthemovie.com/ Den filmen er det verdt å kikka på og etterpå kan du jo reflektera over kor mykje søkemotorane veit om deg… Litt rart at cookies frå akkurat denne søkemotoren ligg så mange år på maskina di…
Kor mange av desse tenestene bruker du? Google earth Google analytics Googledocs & spreadsheets Google søk Google mail/gmail Blogger Picasa og av resten på: http://www.google.com/intl/en/options/ ? Tenk kva spor eitt firma kan ha om deg… Skal ein tru på personvernet eller ha ein liten tvil bak øyra?
“Og hva er tro? Nesten det samme som håp. Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker. Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også. Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller. Du skal bare ha en liten takluke for tvil. Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.” Rolf Jacobsen
Kvar måndag startar med ein liten open runde i klasserommet der elevane får fortelja kva dei har gjort i helga. Mange fortel at dei har vore mykje “på data”.
Generelt kan ein seie at gutar kanskje er meir opptatt av å spela, medan jenter bruker IKT til sosialisering, “Blink” og MSN er relevante stikkord.
Blink (Utvikla av db.no) vert presentert slik: “Blink er en møteplass hvor du kan treffe nye venner, snakke om felles interesser og fremme nyheter og meninger. Blink er Norges største nettsamfunn.” (http://blink.no)
Med MSN kan ein snakka saman via tastaturet, det kan ein gjera i grupper eller ein til ein. I andre typar prategrupper og forum kan det vere fleire deltakarar og tilhøyrarar.
Nedanfor har eg samla litt info frå nyhenda den 29.01.2007 knytt til emnet, den siste lenka er det mykje god informasjon på. Sjå gjerne gjennom videoane og ta gjerne med tenåringar/ungar innom der…
Ting som havnar på nettet forsvinn sjeldan. Det tok meg to dagar å få fjerna eit sensitivt dokument frå google (cachen) etter at ein student lagra “feil”.
Det tek 3 sekund å senda eit bilete frå kameratelefonen til pcen. Det tek 10 sekund å senda biletet vidare til alle på kontaktlista i eit e-postprogram.
Nettvett og køyrereglar er lurt å ha. Og så kan det vere lurt å vere med på ein surferunde med ungane i ny og ne..
Som du kanskje har sett nede på sidene mine i bloggen er det ferdig referanse klar til bruk (Trur det var Harvard-stil eg laga). Det er ikkje verre enn å leggje inn eit lite script i malen din, scriptet ser omtrent slik ut (NB, [ må byttast med < og ] må byttast med >):
[p align="center"]Referer til denne sida (Klipp og lim):[br /] [script language="JavaScript" type="text/javascript"] [!-- document.write (document.title) // --][/script] [Internett] NO: Adresse: [u] [script language="JavaScript" type="text/javascript"] [!-- document.write (location.href) // --][/script] [/u] Lest: [script] var mydate=new Date() var year=mydate.getYear() if (year [ 1000) year+=1900 var day=mydate.getDay() var month=mydate.getMonth() var montharray=new Array("Januar","Februar","Mars","April","Mai","Juni","Juli","August","September","Oktober","November","Desember") var daym=mydate.getDate() document.write(""+daym+" "+montharray[month]+” “+year+”") [/script]
Det som vert vist er: Tittel på sida [Internett] NO: Adresse: http://server.no/mappe/fil.hm Lest: 25 Januar 2007
Du finn ein ferdig versjon på http://guttorm.hveem.no/dev/referer.txt Eg lev i trua at det kanskje får nokre fleire til å leggje inn referansar på sine referanselister. Og lurer du på om noko av det du har skriv finst andre stadar på nettet kan du jo sjekka på http://copyscape.com/
Her er ein del informasjon og tips til deg som har ungar. Det er fort gjort at ungar havnar på sider dei ikkje bør vera på, eller ser ting dei ikkje bør skje. Eit uskyldig biletesøk hjå google etter “vann” gir dette resultatet