Feb 3 2010

Kva gjer du dersom skulebygget brått forsvinn?

Guttorm

I dag følgjer eg Kongsbergkonferansen på twitter og CoverItLive og det har fått meg til å grubla litt på korleis ein skal koma seg vidare med digital kompetanse og utnytta dei verktøya me har tilgjengeleg på ein betre måte. Eg trur mange skundar seg sakte framover og det skjer definitivt mykje spanande rundt om kring. Diverre er det ein del som vert stoppa av allereie etablerte løysingar som t.d. Fronter og It´s learning og ikkje minst skulen som bygg og organisasjon. Heng deg med på dette tanke-eksperimentet:


Det vert oppdaga asbest i heile skulebygget og skulen vert stengt. Det finst ikkje andre lokale elevane og lærarane kan bruka. I tillegg ryk servere der LMS-et ligg (Fronter/It´s learning, evt. andre). Du må ha undervising og sørgja for at elevane når kompetansemåla det neste året.

Kva gjer du?


GD Star Rating
loading...