Saman med framragande pedagogar var eg med og skreiv eit lesarinnlegg i BT. Heile saken vart koordinert og skrive i eit etherpad-dokument (ypperlig verktøy for samskriving). Lesarinnlegget er tilgjengeleg her.
Tag Archives: kunnskapsløftet
HSH.no: Spennande forskning om IKT i skulen
Forskarar og tidlegare kollegaer frå høgskulen Stord/Haugesund har nyleg lagt fram resultat frå den nasjonale Skolefagsundersøkelseni Amsterdam. Funn frå denne undersøkinga har mellom anna vore basis for oppslag i BT.
Les nokre av funna her http://www.hsh.no/nyheter/index.php?arkiv=2009090000001783
Eg har fått tjuvkikka litt og ventar i spaning på at resten vert publisert…
1001 – ein fin start på del og bruk
Sidan starten i februar har Del og bruk fått 1001 medlemmer, det er imponerande at så mange lærarar og skulefolk samlar seg for å dela tankar og diskutera på nettet. Rundt om i landet sit det mange lærarar og tenkjer på det same (vurderingskriterier, måloppnåing, stegark, rubrikkar, nettvett osb). Kanskje nokre manglar andre eldsjeler å diskutera med og finn dei i norskgruppa, spanskgruppa, ei av LMS-gruppene eller gruppa for vurdering for læring? I tillegg melder fleire og fleire seg inn i den digitale delingsarenaen, det dukkar opp stadig nye fjes på bloggar, twitter og ikkje minst på Del og bruk. Det vert lagt merke til og…
Kva framtida vil visa er ikkje godt å seie, alt vert drive på dugnad av Svend Andreas Horgen, Margreta Tveisme, Ingunn Kjøl Wiig, Rolf-Anders Moldeklev og underteikna.
Tal og statistikk er ofte viktig motivasjon, her er litt frå Del og bruk:
Oppdatering:
Og eitt døgn seinare er det 1056 medlemmer….
Delogbruk kan og treffast på http://delogbruk.no
Tanketråder: En skoledag i nær fremtid
Ingunn har skrive eit interessant innlegg om korleis ein skuledag kan vera. Me kan nok klara dette, men det krev litt nytenking, ein del samarbeid på tvers av skular, betre LMS (bygd rundt eleven og med meir semantisk web) og ikkje minst lærevillige elevar. Mappevurdering passar og fint med dette.
Digitalt kompetent? Klart du kan!
Mange er kanskje i tvil om dei tør eller kan bruka digitale verktøy i læringa, grunngjevinga er ofte at ein føler at ein ikkje kan verktøyet/tenesta godt nok.
«Eg kan ikkje slike datagreier» eller «Elevane kan så mykje meir..» er to utsegn eg reknar med at fleire av lesarane her på bloggen har høyrt frå lærarar tidlegare.
Det gjer ikkje noko! Pleier eg å svara, grunngjevinga kjem her.
- Du som fagperson og lærar veit kva temaet (Ibsen, ww2…) handlar om.
- Du veit kriteria for eit godt innhald, ei god besvaring, ein god prosess.
- Du veit kva du vil at elevane skal oppnå gjennom arbeidet/læringa/prosessen.
Elevane bør bli intodusert med mål og ikkje minst kjenneteikn på kvalitet, gjerne vurderingskriterier og. Om du i tillegg har «sjekklister» for å hjelpa elevane på vegen gjer du elevane sjansen til å lykkast. Du gir elevane fritt spelerom til å bestemma korleis dei vil visa deg at dei har oppnådd måla. Om dei vel dipity, moviemaker, powerpoint, tekstdokument, flash, føredrag eller liknande treng ein ikkje leggja seg opp i.
Elevane kjenner no alle rammene rundt prosessen/aktiviteten/arbeidet og kan no bruka vurderingskriterier, sjekklister og andre hjelpemiddel for å vurdera seg sjølv og kvarandre. Du som lærar kan bruka elevane sine vurderingar og reflektera saman med elevane over arbeidet og korleis dette heng saman med mål, kjenneteikn på kvalitet osb. Eg trur og at du som lærar kjenner igjen kvalitet uansett format.
Elevane får jobba aktivt med eiga læring, dei veit kva mål dei arbeider mot, dei veit korleis dei vert vurdert og tenkjer nok over si eiga læring på ein litt anna måte enn det dei kanskje er vant til. Du kan sjølvsagt involvera elevane i utvikling av mål, kjenneteikn og vurderingskriterier der det passar.
Du som lærar må bestemma rammene rundt prosessen, men la gjerne elevane bruka verktøy du ikkje kan, har høyrt om eller synest er relevante (Nokre elevar går kanskje på ein smell…).
Kva trur du? Kommentarfeltet er opent!
