Georgios Smedja i Fysik och Matematik. Her samlar læraren Georgios gode ressursar han sjølv brukar i læringsarbeid. Han bruker m.a. simulering for at elevane skal læra og forstå komplekse prosessar. Han meiner og at det er viktig å gjera matematikk meir lab-orientert og konkret for å auka interessa og sjå at matematikk kan brukast praktisk. Geogebra vert nemnt som eit program ein kan konkretisera matematikk i. Eit anna viktig poeng er at simuleringar ikkje kan vera det einaste ein ein gjer for å forstå noko, læraren må hjelpa til med å tolka, forklara, stilla spørsmål osb.
Det Georgios fortel stemmer godt overeins med det David H. Jonassen skriv om mindtools. Her er det snakk om målretta og fagspesifikk bruk av IKT, j.f. Skolefagundersøkelsen 2008, og ikkje minst læring med IKT.
Underviser du i matematikk eller fysikk er det lurt å ta turen innom Georgios smie, men husk å gjera noko meir enn å simulera…
1:13:33 PM: #nkul kan brukast som teikneverktøy, gjerne komb. med rutenett. Konstruksjonsverktøy. Tips: du kan skjula hjelpelinjer. Dynamisk: Eksperim.
1:15:12 PM: #nkul Geogebra kan visa visualisering av deling av brøk. Tips: perspektivtegning, ferdig opplegg: http://is.gd/zMw7
1:17:53 PM: #nkul Tips: du kan ordna verktøyknappane slik du vil. Skjula enkelte verktøy. Dynamikk er viktig for utforsking og å visa samanhengar
1:24:02 PM: #nkul glider er ein smart funksjon ved grafar. Skriv inn funksjon og manipuler med glider for å forandra graf. Utforskring. Rekneark
1:26:30 PM: #nkul Tips til opplegg: “Potetforbruket i Norge”. Tal sans. henta frå SSB. Plotting -> regresjon (reglin)-> likning m.m.
Held på med ein liten sak om sosiale medier og tenkte eg skulle finna ut litt om brukarane til facebook. Fakta om facebook finn ein enkelt her, men tala er det litt verre med. Heldigvis har nedrelid.com funne ut korleis ein kan finna estimat over brukarar med hjelp frå Øyvind i NRK Beta.
Dersom ein prøver å oppretta ei annonse i facebook så kan ein få ut eit estimat på antal brukarar, vidare kan ein velje alder, stikkord, sivilstatus, nær by, utdanning osb.
Tala er estimat og det ser ut til at dei varierer ein del dersom du prøver fleire gonger.
Estimata eg fann for Noreg ser i alle fall slik ut:
1 547 940 personer over 18
754 400 personer over 18 som er kvinne
345 580 personer over 18 som er mann
23 100 personer over 18 som har fullført college
32 920 personer over 18 som har fullført universitet/høgskole
49 200 personer over 18 som har fullført videregående skole
360 160 personer over 18 som er singel
81 860 personer over 18 som er forlovet
246 440 personer over 18 som er gift
90 000 personer over 18 som er singel som er interested i menn
185 020 personerover 18 som er singel som er interested i kvinner
273 140 personer over 18 som er singel som er interested i menn eller kvinner
(kjelde: facebook.com 2. april 2009)
Dette kan ein vel bruk i matematikkundervisinga og evt i kjeldekritikk?
Kor stort sannsyn er det for at du finn ein singel gut over 18 år som er interessert i jenter på facebook?
Kan desse estimata vere reelle? Kva skjer om ein summerer opp dei forskjellige tala (antal brukarar = menn + kvinner?)
Kvifor vert estimata så høge når ein brukar annonseverktøyet for å finna tala?
Ein vert rett og slett imponert over mykje av det ein ser på TED talks, her ser ein umiddelbart bruksområde i skulen. Små byggjeklossar med ein del smarte funksjonar.
MIT grad student David Merrill demos Siftables — cookie-sized, computerized tiles you can stack and shuffle in your hands. These future-toys can do math, play music, and talk to their friends, too. Is this the next thing in hands-on learning? (TED)
Demoen viser matematikk, “scrabble”, korleis det kan brukast for å laga ei fortelling og korleis ein kan laga/påverke musikk.