Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.
På OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.
Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og “reis”…
Me har tilgang til fryktelig mykje informasjon til ei kvar tid. Så lenge ein har ein mobiltelefon eller ein annan dings med seg kan ein sannsynlegvis surfa på internett, kontakta andre og få vita ting. Denne dingsen (den sjette sansen) gjer heile prosessen litt enklare. Kikk gjennom videoen og tenk litt på kva konsekvensar dette kan få i skulen.
- Kven sørgjer for at informasjonen er riktig? Kan kven som helst leggja inn? Kjeldekritikk…
- Kva tid bruker ein slikt?
- Kva slags faktakunnskap bør ein ha?
- Korleis må eksamensoppgåvene/oppgåver vera for at eleven skal kunne visa kva han/ho kan gjera med informasjonen? (Tor Espen har nokre dømer nederst her.)
- Korleis kan du som lærar bruka denne teknologien i undervisinga?
- Har dette nokon relasjon til samansette tekstar?
- Kva strategiar for bruk, samhandling osb. bør ein ha?
30 forskjellige grafiske organisatorar (tankekart m.m.) for MAC og web 2.0
Mindmanager, Xmind, Mindview, Cmap, Mindomo (med desktop klient), Mindmeister og fleire.
Databruken i skolen preges i all for stor grad av idealisme og frivillighet. For mange skoleledere handler dette om holdningsendring og en aksept av den digitale pedagogiske hverdag, samt en framtidsrettet form for skoleledelse hvor IKT står sentralt både i utvikling av skolen og læring
lærende organisasjon
Ola Erstad påpeker tre faktorer som hindrer endring og reell skoleutvikling med tanke på IKT. A) Faktorer som hindrer at forandringer kommer inn i skolen(f.eks teknologiskepsis) Skolen etablerer dermed ikke forutsetninger for å prøve ut ny teknologi i det hele tatt. Her kan hele utviklingen ved en skole stoppe opp før den har begynt hvis flaskehalsen tettes her. B) Faktorer som hindrer at forandringer oppstår i skolen. Det innebærer at lærere enten velger å ikke legge vekt på, eller ikke ser behovet for å ta ny teknologi inn i undervisningen. C) Faktorer som hindrer at forandringen sprer seg i skolen. Dette er institusjonelle faktorer som begrenser muligheter for å ta i bruk ny teknologi.
Erstad sier også et sted at den største utfordringen vi står overfor er læreres og elevers tradisjonelle oppfatning av kunnskap og læring.
Digital kompetanse og IKT (eller IT/EDB) er eit vanskeleg tema. Handlar det om ferdigheiter (altså ting ein kan gjera i t.d. word) eller kunnskap om korleis ting fungerer (t.d. wikipedia, web 2.0, eller korleis ein søker, finn, vurderer og bruker informasjon)? Eller kva handlar det eigentleg om? Og korleis skal elevar og lærarar i skulen koma skikkeleg i gong med dette temaet?
Ein kan lokka med at ting kan ta mindre tid og verte meir effektivisert (LMS, Markin), at ein får meir inspirasjon og idear (bloggar, del og bruk, twitter), eller fordi det er gøy (for å dra vidare Trond Viggo sine tankar på del og bruk-konferansen…).
Henning Fjørtoft fekk fram eit godt poeng då han kursa oss i vurderingskriterier i vår. Kvar gong nokon føreslo eit mål rakk han opp handa og spurte kva han skulle gjera. Ikkje dumt. Korleis kan ein konkretisera og koma vidare?
Eg trur ein berre må hiva seg i det, finna inspirasjon på fleire av bloggane til pedagogane og sjå kor langt ein kjem. Alt kan ikkje brukast, men mykje kan. Og i den samanhengen har m.a. Albertine Aaberget lagt ut ein strålande presentasjon, ho har og lagt ut lenker til nokre andre det kan vere lurt å kikka gjennom.
Delingskultur kan ein få til dersom ein gir, deltek, kjem med forslag, roser andre, og lenker/refererer til andre. (Albertine Aaberget, slide 57). Og det trengst fleire stemmer, så langt er det vel unge menn som har hatt definisjonsmakta på internett (Petter B. B, slide 15).
Petter B.B. skriv og “Det handlar om kva du kan dela og ikkje minst om kva andre kan dela med deg.” samstundes kan ein ha i bakhovudet at læring ofte skjer i kontakt med andre, men ein treng ikkje nødvendigvis møtast fysisk.
(Dette vart berre halvferdige tankar, del gjerne dine i kommentarfeltet.)
Læringsportalene på nett er i liten grad tilpasset de ulike studienes behov
Et problem med læringsportalene har vært at de er for generelle.
– Dette er ikke fordi systemene er dårlige, men skyldes at de samme systemene brukes til alle fag
åpenhet og deling i internettmedia er viktig for den fremtidige utviklingen av skolen
Gjennom å bruke blogg som et åpent forum for å diskutere skolemateriale, kan elevene oppnå store læringsgevinster.
De fleste læringsportalene på nett er kjennetegnet av lite dialog og gjensidig deling av informasjon
Det sier seg selv at dersom studentene kun møter et begrenset utvalg verktøy, vil heller ikke de som utdannes til lærere ta i bruk mer differensierte verktøy og metoder når de selv skal undervise, sier Hoem.
Supert tips om korleis du kan bruka scrapbook saman med NDLA. På denne måten kan ein enkelt ta vare på og bruka nettressursar. Sjølv på eksamen utan Internett…
Ein god nettressurs (Klar til bruk) der ein etterforsker eit mord. Gjennom oppdraget får ein god trening i kjeldekritikk. Lyd og video. Passar for mellomtrinn og ungdomsskule