Å lesa bøker på skjerm er kanskje utenkeleg for mange, eg kan godt vere enig i at skjønnlittere bøker kanskje best eignar seg på papir. Men lærestoff, fagbøker og anna kan godt vere digitalt for min del. Og eg gjetter at det er fleire som kunne tenkt seg å ha med seg alle lærebøkene i lomma. I går lasta eg ned Coursesmart til eit av mine viktigaste verktøy, nemleg iPhone. Videoen som viser Coursesmart på iPad (konsept førebels) er rimeleg interessant. Eg håper og trur at denne modellen kan vere aktuell for skulen og kanskje for forlaga og. Hos Coursesmart leiger ein bøkene sine per semester, kanskje ein kan kjøpa nokre permanent og.Ein kan ta notat og lagra desse saman med bøkene. Etter semesteret har ein ikkje tilgang til bøkene, men ein har tilgang til notata ein har teke. Og kanskje dei er viktigast? Denne modellen kan kanskje vere aktuell for norske forlag og? Men, så, i Noreg har me NDLA tilgjengeleg, kva kan dei gjera framover? Eg ynskjer gjerne å ha med meg fagbøker og lærebøker i lomma. Elevar kan kanskje og tenkja seg det, ein slepp å mista bøker, gløyma bøker og ein kan lesa bøker på bussen, trikken eller andre stader. Praktisk for fleire partar med andre ord.
Korleis får ein NDLA på ein lesedings som t.d. kindle, iPhone, Nook eller andre?
1. Du treng pdf-versjonar av innhaldet på ndla, førebels kan ein finna pdf-filer av kvar side. Kanskje kapittel/bøker/tema samla etter kvart?
2. Du treng programvare for å forandra formatet på pdf-filene til det formatet lesedingsen din støtter. Eit gratis og dekkjande program er Calibre.
Det eg har gjort for å ha deler av NDLA på min lesedings (iPhone) er å lasta ned pdf-versjonane av eit kapittel, i dette tilfellet Norsk – kommunikasjon, til ei mappe. Deretter opna Calibre (passa på å starta serveren under innstillingar) og la til ei mappe som ei bok (fleire pdf-filer til ei bok), konverterte til e-bok. Kobla til iPhone og starta Stanza. Klikka på «Get books» og så kunne eg bla gjennom alle bøkene på PC-en og lasta dei eg ville ha på iPhone. Og no kan eg lesa om kommunikasjon akkurat der eg vil og når det passar meg. Og for å forenkla prosessen håper eg at NDLA etter kvart legg ut kapittel/tema/fag som samla pdf-filer. Eventuelt at ein kan velje fleire sider av eit kapittel og lagra det som ei pdf-fil. Det kan dei sannsynlegvis gjera, men dei må kanskje sloss litt mot nynorsk-folk (ikkje meg), forlag og nokre andre først.
