Mar
25
2009
Guttorm
Martin Bekkelund kjem med eit godt tips til korleis du enkelt kan bruka ein iPhone til mikropresentasjonar. Ein kan sjølvsagt gjera det same med andre telefonar eller dingsar og.
- Eksporter presentasjonen til bilete.
- Overfør bileta til ei eiga mappe på mobilen.
Og så er ein klar til å dra fram presentasjonen når ein skal visa den til andre.
Mange nyare telefonar og dingsar har støtte for tilkobling til tv/prosjektør. Så i prinsippet kan ein halda heile presentasjonen i fullformat via telefonen/dingsen…
Enkelt og praktisk!
Les meir om alternativ og framgangsmåte her.
GD Star Rating
loading...
no comments | tags: friprog, ikt i læring, iphone, powerpoint, presentasjon | posted in ikt i læring, presentasjon, undervisning
Mar
16
2009
Guttorm
På Kirkenes vidaregåande har me IKT-verkstad med jamne mellomrom, på desse vert spesifikke verktøy teke opp, demonstrert og informert om. Denne gongen fortalte eg noko om m.a. web 2.0, blogging, twitter, del og bruk og om ein del læremiddel som finst.
Prezi vart brukt for å støtta fortellinga, ein kan vel ikkje kalla det ein finn i prezi for presentasjonar. Kanskje meir støtte for formidlaren? Ein kan forresten raskt bli sjøsjuk dersom ein leikar for mykje med funksjonane i prezi.
Kort oppsummert om prezi: Rimeleg enkelt å bruka, krev trening, alternativ måte å presentera på (meir vekt på forteljaren), nedlastbar, plattformuavhengig. Berre synd at iphone ikkje har støtte for flash (då hadde eg kjørt direkte frå iphone til prosjektør…)
Og “presentasjonen” ser slik ut:
Eller fullskjerm: http://prezi.com/16750/
Andre presentasjonar mekka i prezi.
Vil du prøva?
GD Star Rating
loading...
no comments | tags: ikt i læring, powerpoint, presentasjon, prezi | posted in ikt i læring, kult, presentasjon, tool, web 2.0, web2.0
Feb
17
2009
Guttorm
Ein interessant og ny måte å presentera på. CoolIris blir brukt for å visa presentasjonen.
Info om framgangsmåte: cogdogblog.com og døme på presentasjon kan ein sjå her. Krev tillegget CoolIris i t.d. firefox eller internet explorer
GD Star Rating
loading...
no comments | tags: ikt i læring, powerpoint, presentasjon, programvare, web 2.0 | posted in ikt i læring, media, tips, web 2.0
Sep
3
2008
Guttorm
Rett som det er har ein lyst til å setja inn nettsider i presentasjonar. Vanleg praksis er vel å enten leggja inn eit bilete av nettsida eller å leggje til ei lenke slik at ein opnar nettsida i nettlesaren.
Heldigvis har nokon funne ut at dette er upraktisk og laga eit tillegg til powerpoint det du set inn nettsida direkte i powerpoint.
Nettsida oppdaterer seg medan ein kjører presentasjonen.
Nevnte eg at det var gratis?
Les meir og last ned her: http://skp.mvps.org/liveweb.htm
GD Star Rating
loading...
2 comments | tags: powerpoint, presentasjon, programvare | posted in media, presentasjon, programvare, smartboard, tips, undervisning