Dec 4 2009

Den sjette sansen – Kva kan me venta oss i framtida?

Guttorm

Me har tilgang til fryktelig mykje informasjon til ei kvar tid. Så lenge ein har ein mobiltelefon eller ein annan dings med seg kan ein sannsynlegvis surfa på internett, kontakta andre og få vita ting. Denne dingsen (den sjette sansen) gjer heile prosessen litt enklare. Kikk gjennom videoen og tenk litt på kva konsekvensar dette kan få i skulen.

- Kven sørgjer for at informasjonen er riktig? Kan kven som helst leggja inn? Kjeldekritikk…
- Kva tid bruker ein slikt?
- Kva slags faktakunnskap bør ein ha?

- Korleis må eksamensoppgåvene/oppgåver vera for at eleven skal kunne visa kva han/ho kan gjera med informasjonen? (Tor Espen har nokre dømer nederst her.)
- Korleis kan du som lærar bruka denne teknologien i undervisinga?
- Har dette nokon relasjon til samansette tekstar?
- Kva strategiar for bruk, samhandling osb. bør ein ha?

GD Star Rating
loading...

Oct 22 2009

Q{= OMG LOL LZM! Og så ein avansert versjon…

Guttorm

Viss du er litt lei av SMS-språk og slikt som dette: <3 c;)  >=¨=< bør du definitivt sjå videoen under. Eller viss du vil sjå ei historie fortalt med emioticons, Eva har meir om saken.

GD Star Rating
loading...

Aug 19 2009

ITUMonitor 2009

Guttorm

ITU har i dag publisert ITUMonitor 2009 der dei går gjennom trendar og tilstand i skulen.

ITU har lagt ut video frå pressekonferansen, ein finn igjen pressemeldinga hos Computerworld, NRK, VG og Teknisk Ukeblad.

Kunnskapsdepartementet svarar og fortel kva dei ynskjer å satsa på her.

Øystein Johannesen har oppsummert hovudfunn her.

Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.

Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.

Heile rapporten kan ein lesa hos ITU i tillegg kan ein finna ein del på twitter med søkeord #itumonitor.

Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no

Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.

Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.

Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…

Post nummer 400 forresten!

GD Star Rating
loading...

Mar 25 2009

Mikropresentasjonar

Guttorm

Martin Bekkelund kjem med eit godt tips til korleis du enkelt kan bruka ein iPhone til mikropresentasjonar. Ein kan sjølvsagt gjera det same med andre telefonar eller dingsar og.

  1. Eksporter presentasjonen til bilete.
  2. Overfør bileta til ei eiga mappe på mobilen.

Og så er ein klar til å dra fram presentasjonen når ein skal visa den til andre.

Mange nyare telefonar og dingsar har støtte for tilkobling til tv/prosjektør. Så i prinsippet kan ein halda heile presentasjonen i fullformat via telefonen/dingsen…

Enkelt og praktisk!

Les meir om alternativ og framgangsmåte her.

GD Star Rating
loading...

Mar 16 2009

Prezi: Inspirasjonsøkt om web 2.0

Guttorm

Kirkenes vidaregåande har me IKT-verkstad med jamne mellomrom, på desse vert spesifikke verktøy teke opp, demonstrert og informert om. Denne gongen fortalte eg noko om m.a. web 2.0, blogging, twitter, del og bruk og om ein del læremiddel som finst.

Prezi vart brukt for å støtta fortellinga, ein kan vel ikkje kalla det ein finn i prezi for presentasjonar. Kanskje meir støtte for formidlaren? Ein kan forresten raskt bli sjøsjuk dersom ein leikar for mykje med funksjonane i prezi.

Kort oppsummert om prezi:  Rimeleg enkelt å bruka, krev trening, alternativ måte å presentera på (meir vekt på forteljaren), nedlastbar, plattformuavhengig. Berre synd at iphone ikkje har støtte for flash (då hadde eg kjørt direkte frå iphone til prosjektør…)

Og “presentasjonen” ser slik ut:

Eller fullskjerm: http://prezi.com/16750/

Andre presentasjonar mekka i prezi.

Vil du prøva?

GD Star Rating
loading...

Feb 17 2009

Presentasjon med CoolIris/Piclens

Guttorm

Ein interessant og ny måte å presentera på. CoolIris blir brukt for å visa presentasjonen.

Info om framgangsmåte: cogdogblog.com og døme på presentasjon kan ein sjå her. Krev tillegget CoolIris i t.d. firefox eller internet explorer

GD Star Rating
loading...

Dec 11 2008

Døme på ein god presentasjon om bloggar

Guttorm
Har hatt gleda av å følgja Martin Bekkelund i nokre år og i dag snubla eg over ein god presentasjon han har skrive om bloggar og bedriftar. Versjonen som ligg på slideshare har vel fått med manuset. Kikk sjølv

GD Star Rating
loading...

Dec 10 2008

The World is Flat | MIT World

Guttorm

The World is Flat | MIT World: “The World is Flat

Thomas L. Friedman

May 16, 2005

Running Time: 1:15:04″

GD Star Rating
loading...

Sep 3 2008

Smart tillegg til Powerpoint: LiveWeb

Guttorm

Rett som det er har ein lyst til å setja inn nettsider i presentasjonar. Vanleg praksis er vel å enten leggja inn eit bilete av nettsida eller å leggje til ei lenke slik at ein opnar nettsida i nettlesaren.
Heldigvis har nokon funne ut at dette er upraktisk og laga eit tillegg til powerpoint det du set inn nettsida direkte i powerpoint.
Nettsida oppdaterer seg medan ein kjører presentasjonen.
Nevnte eg at det var gratis?
Les meir og last ned her: http://skp.mvps.org/liveweb.htm

GD Star Rating
loading...

May 13 2007

NKUL 2007: Mediasite Presentation Catalog

Guttorm

Mediasite Presentation Catalog: “NKUL 2007
Konferansen vart arrangeret for 13. gong 10. – 12. mai 2007 i Realfagbygget, NTNU Trondheim.”

For oss som ikkje var der: videopresentasjonar av plenum og sesjonar her…

GD Star Rating
loading...