Ein interessant og ny måte å presentera på. CoolIris blir brukt for å visa presentasjonen.
Info om framgangsmåte: cogdogblog.com og døme på presentasjon kan ein sjå her. Krev tillegget CoolIris i t.d. firefox eller internet explorer
Ein interessant og ny måte å presentera på. CoolIris blir brukt for å visa presentasjonen.
Info om framgangsmåte: cogdogblog.com og døme på presentasjon kan ein sjå her. Krev tillegget CoolIris i t.d. firefox eller internet explorer
Einar Berg skriv om problemstillinga med om ein skal la elevane vera lokal administrator eller ikkje på skule-pc. I innlegget og diskusjonen finn ein fleire gode argument og synspunkt.
Tja, er det beste svaret eg kan gi. Elevane treng ikkje nødvendigvis å ha administratorrettar, men systemet skal vere rimeleg bra administrert for å få ting til å gå smertefritt.
Potensielle argument:
- Det tek kun kort tid å «ordna seg» slik at ein brått vert lokal administrator. Enkelt er det og.
- Det finst mange måtar å ta over kontrollen på pcen, det finst til og med ein del forumtrådar som tek for seg korleis ein skal gjera slikt på skule-pcen sin.
- Eit godt administrert system har autooppdatering av programvarepakkar, slik at elevane automagisk får siste flashplayer, java-versjon osb.
- I eit godt administrert system har eleven mulighet til sjølv å velje mellom ferdige (tilleggs)pakkar med programvare han eller ho vil installera.
- I eit godt administrert system kan ein bestilla ferdige pakkar/installasjon av programvare raskt og enkelt.
- Elevar som verkeleg er dyktige på pcen kan få dispensasjon til å vere lokal administrator.
- Ein kan bruka dual-boot, slik at eleven har ein versjon der eleven har full rett til å installera (men kjem kanskje berre inn på gjestenettet/eit offentleg nettverk), og ein versjon der eleven ikkje er administrator, men får tilgang til server/elevnettet). Er usikker på om dette har noko føre seg.
I Finnmark fylkeskommune har me eit system som gjer at IT-avdelinga kan utvikla pakkar og distribuera dei automatisk, til ein brukar, til bestemte klassar eller til alle elevar/lærarar. Elevar og lærarar kan og velje å installere tilleggspakkar (t.d. vlc, itunes, google sketchup, samisk språkstøtte osb.) utan at dei treng vere administrator. Ein kan melde inn program ein vil ha installert og då om dette skal distribuerast til ein eller mange.
For info om system/programvare ta kontakt.
(via mellom linjene)
UNINETT ABC har inngått en lisensavtale som gir alle elever i grunnskolen og videregående skole muligheten til å kjøpe forskjellige Microsoftlisenser til privat bruk til sterkt reduserte priser. Dette er samme avtale som i mange år har vært tilgjengelig for studenter i Norge, men nå da også tilgjengelig for elever.
…
Dette er et tilbud til elever som ønsker å kjøpe Microsoft-produkter. Vi anbefaler imidlertid skoleeiere om å også informere elevene om alternative produkter slik at de får reell valgfrihet.
Produkter som elever kan kjøpe på studentlisens.no:
Microsoft Windows Vista (Business og Ultimate)
Microsoft Office (forskjellige varianter)
Microsoft Office Sharepoint Designer
Microsoft OneNote
Microsoft Project
Microsoft Office Groove
Microsoft Visio
Microsoft Math
Microsoft Encarta Premium
Microsoft Student med Encarta Premium
Microsoft Expression (forskjellige varianter)
Det finst sjølvsagt ein del gode alternativ, no.openoffice.org for å nemna eit, men dette er eit godt tiltak for å minska piratkopiering.
Kom over ein post i dag som fortel korleis ein kan bruka word 2007 for å oppdatera bloggen sin. Du kan lesa framgangsmåten her. Det finst andre glimrande alternativ som t.d. scribefire, flock, windows live writer m.m.
Denne posten er skriven i word for å testa.