Live
Det vert skrive fortløpande referat under “Skolen i digital utvikling 13. og 14. november.”
Dersom du vil delta eller lesa kan du navigera hit: http://etherpad.com/sdu09
loading...
Det vert skrive fortløpande referat under “Skolen i digital utvikling 13. og 14. november.”
Dersom du vil delta eller lesa kan du navigera hit: http://etherpad.com/sdu09
Forskarar og tidlegare kollegaer frå høgskulen Stord/Haugesund har nyleg lagt fram resultat frå den nasjonale Skolefagsundersøkelseni Amsterdam. Funn frå denne undersøkinga har mellom anna vore basis for oppslag i BT.
Les nokre av funna her http://www.hsh.no/nyheter/index.php?arkiv=2009090000001783
Eg har fått tjuvkikka litt og ventar i spaning på at resten vert publisert…
er no lagt ut her.
Har henta ut ein del av stikkorda frå tankekartet og skrive dei linjært her.
Det var prata om innføring av nasjonale testar i digital kompetanse. Dette meiner eg ikkje heng saman med læreplanen. Verken IKT eller digital kompetanse er eit eige fagområde, det skal vere ein grunnleggjande ferdighet I FAGA. Skal ein trekkje ut digital kompetanse som eige område for testing bør ein sjølvsagt trekkje ut skriftforming, teikning, tale, osb.
Eg veit at Jostein Tvedte sa noko om dette på innlegget “IKT som egen satsing, eller integrert i fagene?”. Håpar nokon av tilhøyrarane (ca 150 stk) kan skriva nokre ord om dette.
Summa summarum så sit eg igjen med nokre stikkord eg ynskjer å ta med vidare:
1. Læraren er avgjerande for læringa, sjølv når med blandar inn IKT.
2. Ein oppnår meir med ein delingskultur der det er lov å vere kreativ og ta enkelte feilsteg. (Kunnskap er jo feil ein har lært noko av…)
3. Klare strategiar og forventningar gjennom heile organisasjonen er viktig. (Gjer som du alltid har gjort -> få det du alltid har fått.).
4. Dei gode døma må delast. Kvar, kven og kva tid får ein meirverdi med bruk av IKT? Tradisjonelt sett trur eg ikkje at lærarar er flinke til å dela sine undervisningsopplegg og metodar. Ikkje at LMS (fronter/its) støtter deling heller… På Djanogly blir elevane sitt arbeid (videoar, bilete, nettsider +++) vist fram på informasjonsskjermar rundt om på bygget…
Fekk elles teke ein lang prat med min tidlegare mentor og no leiar for masterutdanninga IKT i læring, Jostein Tvedte og ikkje minst helsa på Tom Erik.
Disclaimer: Dette referatet er skrive etter ei lang og ristande flyreise langs kysten i Nord-Noreg (Tromsø-Hammerfest-Honningsvåg-Mehamn-Vadsø-Kirkenes) og utan det store tankekartet med alle notata. Utfyllande referat, notat i tankekart eller liknande kan brått dukka opp her.
Presentasjonane frå konferansen skal visstnok leggjast ut.
Oppdatert 2:
Andre referat kan du finna hos:
Ingunn
June (1, 2)
Øystein (1, 2, 3)
Kjetil
Ole
Bjørn Olav