Reising tek tid og kostar pengar, begge deler kan vera mangelvare i skulen. Heldigvis dukkar det opp fleire og fleire gode ressursar ein kan bruka i klasserommet og læringsarbeidet. I Noreg har me mellom anna Rockheim som er eit virtuelt rockemuseum, Uninett har skrive om Rockheim tidlegare. Slottet, rådhuset og postgirobygget finst og som tredimensjonale bygg i Google Earth.
På OnlineUniversities.com er det samla 100 andre virtuelle turar. Du kan m.a. ta turen til Pompeii, det historiske Roma, Taj Mahal, Stonehenge, Vatikanet, Pisa, Smithsonian, Harvard, Mars, Disneyworld osb. Omfattande liste med gode ressursar er det i alle fall.
Sett turane i samanheng med tema ein har på skulen og “reis”…
Eva har skrive referat og oppsummert spørjerunden til slutt. Hans Christian bloggar her. Marian har nokre refleksjonar som kanskje ikkje er direkte samanheng med lanseringa.
Oppdatert: Marcel (i Aschehoug) har og skrive sine tankar her. Tommy Engen her.
Og for moro skuld kan du sjå om du og klarar elleve rette på testen til NRK.no
Eg vil tru at vidaregåande kjem til å ha endå høgare bruk og sannsynlegvis meir kompetanse etter kvart som dei vert vane med NDLA og stadig fleire digitale læremiddel. Men me kan ikkje berre satsa på å bruka IKT til lesing og skriving. Prosjektstyring, simulering, animasjon, samansette tekstar er nokre stikkord ein kan ha i bakhovudet. Men for å få til slikt må ein ha kompetente lærarar, og for å få til ei satsing på IKT i læring må dei som styrer og legg premissane og vera kompetente. Eg er spent på kva det nasjonale senteret for IKT i utdanning kan leggje til rette for.
Det dukkar heilt sikkert opp ein del i bloggane og på http://delogbruk.no snart.
Alt saman skal lesast og fordøyast, men nokre av oss har ferie litt til…
Det nærmar seg skulestart og for min del bytting av kontor, frå IKT-avdelinga til biblioteket. Biblioteket er ofte ein undervurdert stad for å læra, men kikk litt på denne fantastiske informasjonsfilmen frå universitetsbiblioteket i Bergen.
Jonny har mange gode tankar han deler på bloggen sin. Dersom du er lærarstudent eller skal ha eksamen i pedagogikk bør du lesa “Lærerens ped-pensum på tre minutter“.
Det skal vel halda som ei hugseliste til eksamen (det kan henda du må kunna litt meir til eksamen…)
NDLA.no har starta publisering av fagstoffet som kjem til hausten. Førebels er ikkje alt publisert, men følg med framover for å sjå kva som dukkar opp.
Teknologirådet, Datatilsynet og Utdanningsdirektoratet håper at undervisningsopplegget vil legge til rette for dialog mellom barn, foreldre og skole slik at overvåkning blir unødvendig. (digi.no)
Dubestemmer.no har no lagt ut innhald tilpassa aldersgruppa 9-13.
Er det greit at foreldre sjekker internettloggen og mobilmeldingene til barnet sitt?
Tøff bak tastaturet? Om mobbing på nett og mobil.
Skal 10-åringer kunne legge ut utfordrende bilder av seg selv på nett?
Litt av innhaldet:
Hvordan vil DU bli sett?
Var det du som sendte den dritkjipe meldingen?
Ble du forelska i lillebroren din?
Skrev du stil om den hesten der???
Det er mange som ser DEG
Det handler om RESPEKT
Hvem snakker du med – EGENTLIG?
HVEM skal bestemme?
Hvem kan du STOLE på?
Lar DU deg lure?
Litt KJEDELIG men nyttig informasjon for FORESATTE
Må sette klare grenser
- Vi må få elevene til å forstå at vi må sette klare grenser for bruk av Facebook i skolen og ha sanksjoner. Men det skal være lokal handlingsfrihet. Den enkelte skole og lærer må avgjøre.
Kva gjer du når eleven gjer noko heilt anna enn det han eigentleg skal gjera? Gir beskjed/ kastar han ut / oppfordrer han til å gå ut? Ein kan/kan ikkje kasta ut elevar.
Mange elevar er ikkje vant til å bruka IKT for å læra, dei er meir vant med å bruka det til underhaldning og kommunikasjon. Heldigvis er det ein del oppegåande elevar og, sjå t.d. her, her eller her.
Facebook kan vere eit ypparleg verktøy for læring sjå berre her, her eller her.
Eg meiner dette handlar meir om klasseleiing og pedagogikk.
“Det skal vere opp til den lokale handlefriheten. Det er neppe (riktig) å forby, men å sørge for det samme som ellers. Sette klare grenser, ha klare regler, få elever til å forstå og vere med på dei, ha sanksjonar når dei blir brutt”
Med andre ord, noko heilt anna. I grunn det stikk motsatte av den siste overskrifta! Fascinerande. Det hadde vore interessant å høyre kva nokre av dokke som var i salen oppfatta at eg sa?