Feb 13 2009

Del og bruk 09 – Del det du har, bruk det du får

Guttorm


Gå til Del og bruk 09

Del og bruk 09:
Et nettverk for lærere og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!

Ingunn Kjøl Wiig har tatt initiativet til eit nettverk for lærarar og andre som er interessert i IKT i læring, læringsressursar og digital kompetanse. Og som slagordet seier: “Del det du har, bruk det du får”.

Eg har allereie lokalisert ein heil del fremragande (IKT-)pedagogar i nettverket.

Du kan invitera deg sjølv  her:  http://delogbruk.ning.com/

Gå til Del og bruk 09

GD Star Rating
loading...

Dec 1 2008

HSH: HSHinfo: Studerer wiki i grunnskulen

Guttorm

HSH: HSHinfo: Studerer wiki i grunnskulen: “Studerer wiki i grunnskulen

Masterstudent Vegard Egner ser påkva moglegheiter og utfordringar bruk av wiki i grunnskulen gjev.”

Dette kan vere interessant lesing. Oppgåva vert sannsynlegvis lagt ut her, saman med ein del andre….

GD Star Rating
loading...

Feb 21 2008

Fylker i Norge – SVK wiki

Guttorm

Døme på "samansett" tekst via Ript.Elevane eg har i femte trinn er no i gong med å laga sin eigen kunnskapsbase i wiki. Me har starta arbeidet med å skriva om fylka i Noreg. Du kan sjølv sjå her:
Fylker i Norge – SVK wiki.
Serveren er desverre/heldigvis skrudd av grunna spam.

GD Star Rating
loading...

Jan 26 2008

Wikimindmap – Wikipedia som tankekart!

Guttorm

Via ihodet.no kom eg over wikimindmap.com som har ein interessant funksjon. Du skriv inn søkeord og så hentar nettsida ut informasjon frå wikipedia og presenterer resultatet som eit tankekart.
Naturlig nok sjekka eg “mind map” først og det såg lovande ut. Elles kan ein jo søka opp “Norway” og nokre stikkord om kva wikipedia inneheld der.
Og sjølv om ein ikkje kan velja den norske versjonen av wikipedia i menyen på wikimindmap.com kan ein jo sjølvsagt manipulera linken slik at ein får ut resultat på norsk…
Denne lenka gir det resulat frå den norske versjonen av wikipedia når ein søkjer på NRK: http://www.wikimindmap.org/viewmap.php?wiki=no.wikipedia.org&topic=NRK

Og då har eg bytta ut wiki=en.wikipedia.org med wiki=no.wikipedia.org i adressefeltet.

Praktisk måte å få ut viktige stikkord eller struktur frå wikipedia! Prøv sjølv!

GD Star Rating
loading...

Oct 18 2007

Tversover: Wikipedia i skolen

Guttorm

Tversover: Wikipedia i skolen: “Wikipedia i skolen Seth Godin parkerer diskusjonen om Wikipedia i skolen: å forståog syntetisere informasjonen er viktig. Å finne den er ikke viktig, siden det nå kan automatiseres. Minner egentlig om et leserinnlegg fra en elev i Aftenposten som hadde brukt 15.000 kroner på PC og utstyr og så ikke fikk lov til åbruke det i klasserommet…”

Interessant diskusjon i kommentarfeltet.
Eg har og eit søkt tenkt tilfelle på lur…
Ein elev/student med mykje kunnskap kan t.d. skriva ein artikkel på wikipedia. Kva skjer når eleven så bruker sin artikkel i eksamensamanheng? Copyscape og andre av den sorten vil vel ikkje kunne finna ut kven som skriv kva på wikipedia?

Det viktigaste er vel å læra opp folk til å vera kritiske til det dei vert servert, og sjekka fleire kjelder.

GD Star Rating
loading...

Oct 18 2007

Hovedside – Wiki – Fetskolene

Guttorm

Hovedside – Wiki – Fetskolene: “Du er nå ankommet ‘wiki.fetskolene.no’, en wiki som vi tror vil bli fremtidens skoleside!”

Skal i gong med utvikling av heimesider for skulen eg arbeider på. Kanskje det burde vore utvikla i wikiform? Fetskolene har i alle fall kome eit godt stykke på vegen.
Sør-Varanger kommune har nyleg sett opp eigen wiki, men førebels er det lite å finna på http://www.svk.no/wiki

GD Star Rating
loading...