Utprøving

Eg har vore på møte og fått i gong eit samarbeid om utprøving av cmap i A1 ved HSH (Takk til Knut Steinar Engelsen!). Dei skal bruka emnekart i

pedagogikkundervising, samstundes skal eg ha opplæring i bruk av emnekart, og då særskild retta mot matematikkeksamen.

Utprøvinga vil sannsynlegvis skje i januar, men med ein del mindre oppgåver undervegs.

Tips frå ped:

«Bruk av emnekart i læringsarbeid» – fagartikkel av studentar

«Eit godt døme for Ã¥ bruke ikt-verkty i pedagogikk»

Bok: Mindmaps av Bjørn Ringom

Bok: Gunn Imsen – Elevens verden (s 194)grunnleggjande emnekart

Bok: Lyngsnes/Rismark: Didaktisk arbeid

Innspel og kommentar frå masterstudent

Carol Santa og Dr VosBegge internasjonale navn som har tankekart som ein av sine viktigaste strategiar for læring.

http://www.dysleksi.no/ansatte/carol.html

Jeanette Vos og Gordon Dryer har ei norsk bok Læringsrevolusjonen – flott og enkelt bok Ã¥ jobbe med.Dryden, Gordon. og Vos, Jeannette, Ed. D (1998): Læringsrevolusjonen. Telemark: Odyssey of the Mind

http://www.thelearningweb.net/

Referat frå møte med A1-ped

Tema: Guttorm Hveem – forskningsarena

Møte med ped.lærarane i A1 (Kirsti Frugård, Steinar Westerheim og Torill Hansen). Også tilstades: Guttorm Hveem og Knut Steinar Engelsen

Problemstilling:

• Guttorm treng ein forskningsarena knytt til temaet Emnekart og cMap som dataverktøy.

• Han tilbyr opplæring, oppfølgjing og gratis tilgong til cMap

Konklusjon etter møtet:

• Det er stor interesse blant ped.-lærarane i A1 for å trekke ta i mot Guttorm sitt tilbod.

• Følgjande tema/kontekstar kan vere aktuelle:

o Oppsummering av tema: læring

o Førbuing til eksamen i matematikk

o Fagartikkel (ev omgjort til erfaringsfortelling) i januar-februar

• Slik planane er vil det høve å legge inn opplæring knytt til emnekart/cMap i veke 49.

• Ped.lærarane bestemmer Guttorm sin kontaktperson og vel klasse som Guttorm skal arbeide med.

• Guttorm planlegg opplæringsopplegg, og plukkar ut nokre teoretiske referansar som studentane kan arbeide utifrå (også med utgangspunkt i gurnnboka deira (Imsen)).

Til aktuelle samarbeidspartnarar

Til aktuelle samarbeidspartnarar

Eg er for tida masterstudent i �IKT i læring � ved Høgskulen Stord/Haugesund (http://www.hsh.no ). Temaet for masterarbeidet mitt er bruk av emnekart som reiskap for læring, eg er særskild interessert i å prøva dette i samband med problembasert og prosjektorganisert læringsarbeid, der eit dataverkty for utforming, produksjon og redigering av emnekart.

I samband med dette ynskjer eg å studere kva nytteverdi studentar og lærarar opplever ved bruk av emnekart generelt og dataverktyet spesielt. I utgangspunkt legg eg opp til ei kvalitativ djupnestudie knytt til fire til seks studentar og ein til tre lærarar.

På bakgrunn av dette ynskjer eg å kome i kontakt med ei studentgruppe og lærar knytt til denne, som vil opne for å ta i bruk eit eller fleire prosjektarbeid. Eg vil i samband med dette tilby meg ansvar for opplæring og rettleiing, både knytt til bruk av emnekart og til dataverktyet spesielt. Programvaren vil bli stilt gratis til rådvelde for gruppa.

Grunnlag for val av emne:

«Etter Ã¥ ha jobba ei stund i eit program for Ã¥ laga emnekart introduserte eg dette programmet for ei med sterke lese- og skrivevanskar. Etter ei kort innføring starta ho arbeidet pÃ¥ eiga hand. Ei stund seinare fekk eg tilbakemelding pÃ¥ at ho hadde klart Ã¥ skriva elleve sider pÃ¥ ein dag, ei kraftig auke i forhold til dei to sidene ho vanlegvis klarte Ã¥ produsera pÃ¥ ein dag. Dette var interessant, var det programmet, eller var det mÃ¥ten Ã¥ arbeida pÃ¥, eller var det noko anna som gjorde forskjellen? Korleis vil dette vera for andre? Passar dette for alle? Er den einskilde sin læringsstrategi avgjerande?»

Fullversjon med døme (wordformat)

Fullversjon med døme (pdf)

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller spørsmål.

Med helsing

Guttorm Hveem

Tlf: 95115822, 91151566, 53415203

e-post: guttorm@hveem.no

Sjølv har eg

skrive notat i mindmanager og i cmap ei stund. Fann ut at det vert enklare Ã¥ hugsa det eg skriv om dÃ¥. Notata inneheld og figurar frÃ¥ tavle/overhead/videokanon, dÃ¥ gjerne knipsa med webcam, eller vanleg digitalt kamera. Videosekvensar eller lyd vert og lagt inn notata. Dersom du ser pÃ¥ notata her ser du korleis det kan gjerast…