Til aktuelle samarbeidspartnarar

Til aktuelle samarbeidspartnarar

Eg er for tida masterstudent i �IKT i læring � ved Høgskulen Stord/Haugesund (http://www.hsh.no ). Temaet for masterarbeidet mitt er bruk av emnekart som reiskap for læring, eg er særskild interessert i å prøva dette i samband med problembasert og prosjektorganisert læringsarbeid, der eit dataverkty for utforming, produksjon og redigering av emnekart.

I samband med dette ynskjer eg å studere kva nytteverdi studentar og lærarar opplever ved bruk av emnekart generelt og dataverktyet spesielt. I utgangspunkt legg eg opp til ei kvalitativ djupnestudie knytt til fire til seks studentar og ein til tre lærarar.

På bakgrunn av dette ynskjer eg å kome i kontakt med ei studentgruppe og lærar knytt til denne, som vil opne for å ta i bruk eit eller fleire prosjektarbeid. Eg vil i samband med dette tilby meg ansvar for opplæring og rettleiing, både knytt til bruk av emnekart og til dataverktyet spesielt. Programvaren vil bli stilt gratis til rådvelde for gruppa.

Grunnlag for val av emne:

«Etter Ã¥ ha jobba ei stund i eit program for Ã¥ laga emnekart introduserte eg dette programmet for ei med sterke lese- og skrivevanskar. Etter ei kort innføring starta ho arbeidet pÃ¥ eiga hand. Ei stund seinare fekk eg tilbakemelding pÃ¥ at ho hadde klart Ã¥ skriva elleve sider pÃ¥ ein dag, ei kraftig auke i forhold til dei to sidene ho vanlegvis klarte Ã¥ produsera pÃ¥ ein dag. Dette var interessant, var det programmet, eller var det mÃ¥ten Ã¥ arbeida pÃ¥, eller var det noko anna som gjorde forskjellen? Korleis vil dette vera for andre? Passar dette for alle? Er den einskilde sin læringsstrategi avgjerande?»

Fullversjon med døme (wordformat)

Fullversjon med døme (pdf)

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller spørsmål.

Med helsing

Guttorm Hveem

Tlf: 95115822, 91151566, 53415203

e-post: guttorm@hveem.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *