Nye ord og vendingar

Eg prøver stort sett å skriva konsekvent og kanskje konservativ nynorsk, av og til dukkar det opp ord som kanskje ikkje akkurat passar inn, i dette høvet blogg som står nemnt her eit par plassar i følgje Språkrådet skulle eg vel kunne nytte ordet, men kanskje nettlogg er meir dekkande..

På godt norsk avløysarord: Språkrådet legg her fram ein del norske ord som kan brukast i staden for dei tilsvarande engelske. Lista vil bli utvida etter kvart.blog: vevlogg, nettlogg, vevdagbok, nettdagbok (meir generelt), blogg, jf. weblogg

Saknar omsetjing for to ord: mindtool og mindmapping. Har du forslag til norske eller helst nynorske ord for desse ynskjer eg gjerne ein kommentar eller epost!

[Høyrer på: Miracle Drug – U2 – How To Dismantle An Atomic Bom (3:59)]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *