digi.no – 9. klassinger uten datakunnskap

digi.no – 9. klassinger uten datakunnskap: «1.470 av elevene fullførte eBorger-testen. Testen avslørte betydelig kunnskapshull i elementør bruk av data. Hele 25 prosent av elevene klarte ikke testen, som avdekker at de ikke behersker den _femte basiskunnskap_ i skoleverket.

Det er Utdanningsdepartementet som nå krever digital kompetanse i skolene og som har lansert begrepet femte basiskunnskap som er generell dataforståelse. De fire andre er lesing, skriving, regning og muntlig framstillingsevne.»

«Vi erfarer at mange ungdom er flink til å laste ned programmer og dyktige på dataspill, men mangler ferdigheter innen analytisk og strukturert databehandling som kreves i jobbsammenheng, sier Nilsen.»

Interessant! Men kva bakgrunn har eigentleg desse elevane? Kva nyttar dei data til? Datakyndig ungdom er ofte gamers, d.v.s. dei bruker mykje tid på speling, og det treng ikkje vera spesielt lærerikt på områda som her vert testa. Kva og korleis nyttar dei søkemotorar? Nyttar dei berre ein startportal? Nyttar dei fleire?
Når det gjeld den analytiske og strukturerte databehandlinga er vel den svak, kan det ha ein samanheng med vanar frå såkalla zapping? Det viktigaste er vel at det skjer noko på skjermen med jamne mellomrom (kvart 3. til 10. sekund)…
Er det noko som helst trening i det å strukturera og analysera innhald i skulen i dag? Kva verkty og i kva samanhengar gjer ein i så fall det? IKT i skulen er vanlegvis ikkje eit verkty i faget, men eit tillegg til faget.

Er dette eit argument for å innføra grafiske organisatorar (mind mapping/concept mapping)??

Oppdatert! Flytting – Oppdater rss/bokmerke/lenker

Har flytta heile bloggen til http://guttorm.hveem.no/blogg/, dvs, alle lenker til http://masterhsh.blogspot.com/ bør endrast til http:/guttorm.hveem.no/blogg/

Oppdatering:
Dei som bruker rss/atom kan endra til http://guttorm.hveem.no/blogg/atom.xml.

Det finst to versjonar av atomfila no:
http://guttorm.hveem.no/blogg/atom.xml = RETT
http://masterhsh.blogspot.com/atom.xml = feil.

[Høyrer på: Half Light – Athlete – Tourist (3:43)]

Leksjonar i mindmanager

I am going to discuss three scenarios in which you might commonly use MindManager for: lectures, essay writing, big projects (especially group projects). If there is a map in my example maps or a scenario that I have not covered that you would like addressed, drop me a comment and I’ll do my best.

Leksjon 1
Leksjon 2

Telenor e-post

Telenor e-post: «Sendt: 30.01.2005 15:55
Fra:
jpbtruei@www.gingerjolie.com
Til: ghveem@gjettkva!!!.no
Kopi:
Emne: Re: read it immediately
Vedlegg: document_ghveem.txt .scr (40k)
Your document is attached.

Attachment: No Virus found
Panda AntiVirus – www.pandasoftware.com»

Måtte diverre sjekke kontoen hos telenor i dag. Grunna eit stk gløymt uvesentleg passord. Vart mildt sagt overraska når eg såg kor mange epostar det var der; 2663! Og av dei er det berre 1 (ein) som er vesentleg, resten er spam og 10-20 virus. Eg hugsar godt at eg kryssa av for «Ikke del e-postadressen min» og eg har ikkje gitt telenor løyve til å publisera mi e-postadresse. Men tydelegvis har dei under «oppgradering» gjort slik at desse vala vart overskrive til, «Ja, takk, eg vil ha masse e-post!» Heldigvis er eg ikkje plaga med slikt på den private e-postkontoen min hos idrift.no (2 stk spam i haust kan eg leva med!). Og at telenor i det heile slepp forbi vedlegg med .scr, .pif og .exe er jo spesielt smart, les berre reklamen dei har plassert ved sida av innboksen min:

«Mottar du mye uønsket e-post?
Ved å aktivere Spamfilter nå, kan du enkelt redusere uønsket e-post i din innboks. Online Spamfilter er markedets mest treffsikre og stopper 90-95% av all uønsket e-post fø¸r den når din innboks. Enkelt å aktivere, Telenor sikrer oppdatering av filteret og du har ingen bindingstid.»
Nok eit godt pr-triks? Sjå og eldre post med referansar til dagbladet sin test av «gratis» lagringsplass på nettet.