Telenor e-post

Telenor e-post: «Sendt: 30.01.2005 15:55
Fra:
jpbtruei@www.gingerjolie.com
Til: ghveem@gjettkva!!!.no
Kopi:
Emne: Re: read it immediately
Vedlegg: document_ghveem.txt .scr (40k)
Your document is attached.

Attachment: No Virus found
Panda AntiVirus – www.pandasoftware.com»

Måtte diverre sjekke kontoen hos telenor i dag. Grunna eit stk gløymt uvesentleg passord. Vart mildt sagt overraska når eg såg kor mange epostar det var der; 2663! Og av dei er det berre 1 (ein) som er vesentleg, resten er spam og 10-20 virus. Eg hugsar godt at eg kryssa av for «Ikke del e-postadressen min» og eg har ikkje gitt telenor løyve til å publisera mi e-postadresse. Men tydelegvis har dei under «oppgradering» gjort slik at desse vala vart overskrive til, «Ja, takk, eg vil ha masse e-post!» Heldigvis er eg ikkje plaga med slikt på den private e-postkontoen min hos idrift.no (2 stk spam i haust kan eg leva med!). Og at telenor i det heile slepp forbi vedlegg med .scr, .pif og .exe er jo spesielt smart, les berre reklamen dei har plassert ved sida av innboksen min:

«Mottar du mye uønsket e-post?
Ved å aktivere Spamfilter nå, kan du enkelt redusere uønsket e-post i din innboks. Online Spamfilter er markedets mest treffsikre og stopper 90-95% av all uønsket e-post fø¸r den når din innboks. Enkelt å aktivere, Telenor sikrer oppdatering av filteret og du har ingen bindingstid.»
Nok eit godt pr-triks? Sjå og eldre post med referansar til dagbladet sin test av «gratis» lagringsplass på nettet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *