Enkel presentasjon

Eg skreiv tidlegare om OperaShow, og generering av presentasjonar for nettlesarar utan bruk av t.d. Powerpoint (som kanskje er eit av dei farlegaste verktya ein kan gi ein lærar…).
Bakdelen eller fordelen med OperaShow var at det berre verka i Opera, no har eg funne eit oppsett som gjer det mogleg å laga presentasjonar både for Opera og Internet Explorer, basert på XHTML, CSS, og JavaScript. Sidan denne typen presentasjon er litt enklare å tilpassa skulle eg tru at dette kunne verka rundt/i/med bloggen, må testast..

Du kan lasta ned ferdig pakke, der du berre treng å pakka ut og endre teksten i presentasjonen. Når du har endra tekst og lagra er både presentasjonen og utskriftsversjonen klar, trykk «t» for å veksla mellom dei to.

Les meir om «S5: A Simple Standards-Based Slide Show System«

Fleire malar er klare til bruk.

Sjekk demo her:
Presentasjon: «Lage presentasjon for Internett utan PowerPoint»

Referansar : http://www.meyerweb.com/eric/tools/s5/structure-ref.html

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *