Testar no eit program for å gjera det lettare å nytta bilete i bloggen. Biletet du ser er ei oversikt over kva eg held på med i masteravhandlinga mi..

ITavisen.no | Program retter stiler

«Program retter stiler – Lærere får digital hjelp» er tittelen på ein artikkel hos itavisen i dag.
Her er det noko som umiddelbart får det til å rykkje i skrivefingrane mine…

«Snart kan lærerne slippe å rette skolestiler. Et dataprogram fikser jobben ? også på universitetsnivå.
Ved University og Missouri i USA er allerede programmet Qualrus i full sving med å evaluere oppgaver.»

Eg skulle likt å sett eit program som kan analysera masteroppgåva mi, det krev at rettleiiarane mine skriv oppgåva fyrst og så ser om mi er lik deira…

«Aanlyserer ordmønstre
Programmet analyserer ord- og setningsmønstre på en slik måte at det skal kunne avgjøre om studentens argumentasjon holder mål. Det sammenligner også med fasit fra lærer. Deretter gir programmet karakter ut fra resultatet av analysen.
Studentene leverer oppgaven på nettet, og får resultatet i løpet av et par sekunder. Så langt er karakteren bare veiledende, og de brukes bare på kladd. Reelle karakterer som danner grunnlag for det endelige vitnemålet settes fortsatt på tradisjonelt vis av ekte lærere.»

Dette krev at læraren har skrive ein fasit på førehand, og kva om då læraren har skrive noko feil? Kva om studenten har heilt andre synspunkt enn det læraren har? Kven har rett? Det anar meg at dette er eit steg vidare frå avkryssingsboksar, no skal ein ikkje velje, men skrive det som vanlegvis står som alternativ i slike boksar. 95% «kopi» av læraren sin fasit = karakter A?

«Enig med programmet
Professor Edward Brent ved University Of Missouri mener likevel at programmet vil spare staben for hundrevis av arbeidstimer. Og han sier også at lærerne så langt ikke har vært nevneverdig uenig med programmets dom.»

Digital kompetanse? Det er noko som skurrar her, når læraren har skrive fasiten og eleven har skrive 80% likt så vert innleveringa godkjent?

Erfaringane mine frå Copyscape er at dette systemet finn like tekstar, men tek ikkje omsyn til kven som skreiv fyrst, eller om eg har sitert og brukt referanse i det heile..
Retting: Itavisen hadde nok ikkje fått denne godkjent..

«Qualrus is not designed to replace the academics» marking, but to ensure undergraduates are thinking along the right lines before handing in their final work.» – BBC

Innleveringane vert og samanlikna med same oppgåva levert av andre studentar, eller tidlegare studentar.
«It compares the information with that offered by all previous candidates and the information entered previously by the course tutor.» – BBC

Følgjande sitat er og interessant:
«It makes our job more interesting because we don’t have to deal so much with the facts and can concentrate more on thinking.» – BBC

Nei til fakta, ja til tenking!

Kjelder:
BBC

ITavisen.no | Program retter stiler

Motivasjon og læringsstrategi for suksess

Leste ein artikkel om val av studie i Haugesunds avis i dag (04.04.05), der Åge Diseth på UiB seier at «27 prosent av eksamenskarakterene kan forklares med motivasjon og læringsstrategi».

«Studenter som er interesserte går inn for å forstå faget ved å se sammenhenger både mellom ulike deler av faget, og mellom faget og den kunnskapen de allerede har. De vil også forstå den kunnskapen de allerede har. De vil også forstå faktakunnskap uten å måtte pugge. Ofte resluterer dette i bedre karakterer på studiet, viser undersøkelsen.» [Undersøking av 248 grunnfagsstudentar i psykologi, utført av førsteamanuensis Åge Diseth ved UiB]

Etter litt søking fann eg og ein artikkel i Aftenposten der det står følgjande:
«Læringsmiljø har også betydning for hvilken læringsstrategi studenter ender opp med.»

«Han skiller mellom dybde-, overflate- og strategisk tilnærming. Ifølge ham har tilnærmingsmåte stor betydning for hvor bra man gjør det faglig.»

» Formelen for suksess er både å være motivert av interesse for faget, og flink til å organisere studiehverdagen, sier han. Diseth viser til at det er puggerne, som er motivert ut fra frykt for dårlige karakterer, som kommer dårligst ut.»

«- Er studiet preget av uryddighet, uklare eksamenskrav og for høye presentasjonskrav, leder dette studentene ut i puggestrategi. På den andre siden; er undervisningen god og stimulerende, og eksamenskravene klare og tydelige, får studentene ofte dybdetilnærming til faget, forklarer Diseth.»

Og då kan eg jo nemna at ein lærar kom i dag med eit tankekart over faget han underviser i, og var interessert i laga til dette i eit av dei verktya eg arbeider med og at ein student var og interessert i å laga til eit kart over alle faga han hadde og på den måten kanskje få oversikt og sjå samanhengar.
Samt at ein annan student hadde fått skryt frå eit aktorat for presentasjonen/framlegginga han hadde laga i FreeMind.

Mat for master…