Ein liten kommentar kan gjera mykje…

Totalt 139 besøkande den 31.05.05 i følgje statistikken for denne bloggen.
Men eg reknar med at det er fleire enn meg som filterer vekk ein del nettsider og slikt i opera… søkeord for dei som nyttar internet explorer: privoxy. Dei som nyttar opera kan bruka det innebygde filteret for å ta bort ein del ting (t.d. alt som startar med http://ad.*). Kikk og innom http://userjs.org eller leit litt i arkivet for bloggen.

Elles førte kommentaren til dagens nettjuvel i digi til 2 tilbakemeldingar på e-post, håpar nokon klarar å skriva nokre kommentarar i bloggen og…

Nokre verktøy som og kan nemnast:

MindManager (win)
NovaMind (Mac OS X)
MyMind (Shareware, Mac OS X)
FreeMind (Gratis)
Inspiration
kdissert
Cmap Tools (Gratis)
VYM for Linux

Visual-mind kjem frå ein norsk utviklar.. http://visual-mind.com/

Mindfull mind mapping tool http://sensorysoftware.co.uk/

Brainstorming Toolbox http://www.brainstorming.co.uk/

Inspiration (Concept Mapping) http://www.inspiration.com/

Visual Mind mind mapping http://www.visual-mind.com/index.htm

Visual Concept mapping http://www.visual-concept.co.uk

MindMapper http://www.mindmapper.com

StarThink (formerly Thinksheet) http://www.fishermarriott.com

VisiMap Professional 4.0 (mind mapping) http://www.coco.co.uk/prodvm.html

Decision Explorer (cognitive mapping) http://www.banxia.co.uk/defeat.html

The Creative Thinker (brainstorming software) http://www.cul.co.uk/software/rev3.htm

Axon 2004 Idea Processor (for organising ideas) http://web.singnet.com.sg/~axon2000/index.htm

CreaPro 2000 (brainstorming software) http://www.ismbv.com/nimi/trost/trost.htm

MORE 3.1 (concept mapping) http://www.outliners.com/more11c

ParaMind (Brainstorming software) http://www.paramind.net/

Acta (outliner for word processing) http://www.a-sharp.com/acta/

ItemTree (thought organiser) http://www.pc-shareware.com/itemtree.htm

EDGE Diagrammer http://www.pacestar.com/

Draft:Builder (Draft Builder) http://www.donjohnston.com/catalog/draftbuilderd.htm

MindGenius mind mapping tool – Mind Genius http://www.mindgenius.com/

Brainstorm planning software http://www.brainstormsw.com

OpenMind http://www.matchware.net/en/products/openmind/default.htm

Thinking with Pictures http://www.logo.com/cat/view/thinking-pictures.html

Knowledge Manager http://www.conceptmaps.it/default-eng.htm

IdeasMap http://www.softease.com/ideasmap.htm

Flesteparten av desse kostar noko.

Digi.no presenterer freemind som dagens nettjuvel

Digi presenterer i dag (310505) Freemind som eit gratis alternativ til Mindmanager.

Når du skal planlegge og organisere informasjon, er programmer som Mindmanager mye bedre enn Word, men dessverre koster Mindmanager fra Mindjet penger. Freemind hjelper deg derimot helt gratis, selv om alle mulighetene ikke er der. Du organiserer stikkord og tekst i en tre-struktur som du kan brette sammen. Du kan også legge på fargekoder og lage lenker til HTML. Programmet er skrevet i Java og
finnes derfor i versjoner for Windows, Linux og Mac OS X.

Freemind er absolutt verdt å kikka på. Kva verktøy ein bør velje er avhengig av kva ein skal nytta det til. Det er viktig å skilje mellom ulike typar bruksføremål, nokre av verktøya (t.d. cmap) er utvikla med tanke på å utvikla omgrepskart (google -> concept maps, ihmc, «joseph d. novak»), medan andre passar til tankekart etter buzan sin metodikk (google -> «visual thinking», buzan, ringom-instituttet.)

Eg har hovudsakleg erfaring frå freemind (gratis), cmap(gratis) og
mindmanager. ein god del av dei verktøya som vert presentert liknar mykje
på kvarandre.

Freemind er heilt topp for nokre, medan andre gjerne har andre krav..

Nedafor kjem nokre moment frå masteroppgåva mi som nærmar seg slutten.

litt av introduksjonen til masteroppgåva:
Det finst ein del forsking innanfor grafiske organisatorar (IARE, 2003,
IHMC, 2003) som viser læringsresultat på forskjellige alderssteg, i ulike
faglege samanhengar og ved hjelp av forskjellige typar verktøy. Ein
metaanalyse (IARE, 2003) summerer opp 29 ulike rapportar som omhandlar
brukssida av desse verktøya. Denne rapporten er oppdragsforsking frå ein
programvareutviklar. Konklusjonane viser i hovudsak at bruk av grafiske
organisatorar ofte gjer at eleven presterer betre i dei fleste
samanhengar. (The Institute for the Advancement of Research in
Education (IARE) 2003)

På ei anna side finst det og forskingsrapportar som retter kritikk mot
nokre av desse verktøya eller metodikkane. I denne samanhengen gir
Farrand, Hussain og Hennesy (2002) ein meir nyansert og kritisk konklusjon
om bruk av tankekart i læring. I nokre tilfelle går kritikken mot mangel
på fleksibilitet i verktøyet. I andre tilfeller går kritikken på
bruksformer som gjer at brukaren fragmenterar stoffet utan at ein får ei
lineær forståing. Om desse motsetnadane er basert på ulike funksjonar ved
verktøya veit me mindre om…

Val og kvalitet i framstillinga
Kvaliteten på framstillinga eller representasjonen kan variere i dei ulike
programma. Ei meiningsfull representering eller framstilling krev eit
verktøy som støttar dei krava brukaren har. I ein del program kan ein
setje inn bilete og andre illustrasjonar (t.d. ikon, animasjonar), i andre
program kan ein kanskje endra forma til nodar og relasjonar, eller ein kan
endra fargar og storleik.
«A well-conceived software package that is used to create representations
that are not particularly rich, or that do not fit the intended purpose of
the user, man not be very useful.» (IHMC, 2003:67)

Ein del av verktøya har mange måtar å framstilla innhaldet. Nokre program
kan kommunisera med andre program og eksportera framstillinga til andre
format og former.
«a powerful tool that is difficult to use or only supports a limited
range of not particularly rich representations in not ideal either.»
(IHMC, 2003:67)

IHMC (2003) poengterar at det er viktig å nytta eit verktøy som gir
brukaren rom for å framstilla det ein vil på ein meiningsfull måte. Dersom
verktøyet ikkje passar brukaren , eller ikkje kan modifiserast bør ein
ikkje bruke det. Ein avansert og omfattande verktøy kan verte for mykje
for brukaren. Han eller ho klarar ikkje å «knekka koden» og sjå prinsippa
i verktøyet. Det å finna og nytta rett verktøy til bruksområdet og
føremålet er viktig for at bruken skal vere meiningsfull og nyttig. (IHMC,
2003)

Jonassen (2000) hevdar at slike kart ikkje er eit ekte kart av innhaldet i
hjernen, men «representations of what we think is in the mind.» Vidare
hevdar han at kartet er dynamisk og er avhengig av kontekst, erfaringar og
bakgrunnen til den som utformar det. Dei grafiske organisatorane
framstiller karta i to dimensjonar, Jonassen poengterer at innhaldet i
hjernen sannsynlegvis eksisterar i fleire dimensjonar, og at det kan vere
vanskeleg å vise dette i to dimensjonar.

Overgangen frå interesse for korleis verktøyet verkar til brukaren ser
korleis han eller ho kan nytta det i faget er eit viktig element…

Til dømes skil Riding (2000) mellom holistiske/analytiske og
verbale/visuelle dimensjonar og meiner at dette forklarar forskjellar i
utbyte mellom dei som nyttar slike verktøy. Riding hevdar og at det ikkje
finst eit verktøy som dekker alle behov.

Eit slikt partnarskap kan gi ein effekt med teknologien, Salomon og
Perkins (2005) hevdar at «Concept mapping software allows constructing
complex webs of relationships that would be difficult to envision mentally
of represent through conventional sentences and paragraphs.»

diverse leksjonar i mindmanager finst på http://guttorm.hveem.no/mm-kurs/


Eit lite stykke til no s?.. b?r masteroppg?va vere klar.. Grunn hektisk tekstproduksjon den siste tida har det ikkje vore tid til ? skriv noko s?rleg her. Masteroppg?va om grafiske organisatorar (tankekart/mindmaps, omgrepskart/concept maps) kjem til ? bli publisert s? snart den er godkjent…

Operabrukar? Prøv dette!

I opera har du mogleiken til å laga dine eigne søkesnøggvegar. Dersom eg ynskjer å finna ut kven som nett ringte meg så skriv eg «tlf» og telefonnummer i adresselinja i opera, dette fører meg til gule sider og informasjon om kven som er registrert på det aktuelle nummeret. Etter litt eksperimentering har eg no sett saman nokre innstillingar som gjer at eg raskt og greitt kan søka etter telefonnummer hos eniro og gulesider, etter bøker i bibsys-ask, i bibsys for HSH, eit leksikon og ikkje minst etter ord i ei ordbok.

Kikk på denne txt-fila og kopier innhaldet til x:\programfiler\opera\profile\search.ini, du kan sjølvsagt redigera og leggje til dei du sjølv vil, hugs berre at %s i lenka du skriv inn er søkeordet.


I dag har eg lært meg noko nytt, tusen takk til Ingrid! HyperResearch er eit særs nyttig program om du skal sortera og klassifisera intervju. Råtekst var i mindmanager -> eksport til .txt -> importert til HyperResearch -> klassifisering -> generering av rapportar -> klipp og lim til word -> formater med overskrifter for kvart emne -> importer til mindmanager og du har dette kartet med tekst… Dette var første test, skal nok klara å gjere det same med litt færre steg neste gong. Gratisversjonen av HyperResearch held lenge!


Kvifor visste eg ikkje om dette før?