Operabrukar? Prøv dette!

I opera har du mogleiken til å laga dine eigne søkesnøggvegar. Dersom eg ynskjer å finna ut kven som nett ringte meg så skriv eg «tlf» og telefonnummer i adresselinja i opera, dette fører meg til gule sider og informasjon om kven som er registrert på det aktuelle nummeret. Etter litt eksperimentering har eg no sett saman nokre innstillingar som gjer at eg raskt og greitt kan søka etter telefonnummer hos eniro og gulesider, etter bøker i bibsys-ask, i bibsys for HSH, eit leksikon og ikkje minst etter ord i ei ordbok.

Kikk på denne txt-fila og kopier innhaldet til x:\programfiler\opera\profile\search.ini, du kan sjølvsagt redigera og leggje til dei du sjølv vil, hugs berre at %s i lenka du skriv inn er søkeordet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *