Fullført mastergrad!

I dag har eg endeleg fullført mastergradsstudiet innan IKT i læring.
Eg har arbeidd med grafiske organisatorar i læringsarbeid.
I oppgåva kartlegg og skildrar eg forskjellige element innan dette området. Vidare ser eg på kva som kan skje når ein bruker ein grafisk organisator i ein læringsprosess basert på problembasert læring.

Oppgåva er nesten ein halvt års arbeid og tel 30 studiepoeng (10 vekttal).

Eg fekk gode tilbakemeldingar på presentasjonen og den vert lagt ut med kommentarar.

Kort fortalt kan ein seie at begrepet grafiske organisatorar inkluderar mange verktøy, bruksmåtar og metodar. I arbeidet har eg ikkje hatt rom for å gå inn på mange, men har gjort eit utval av perspektiv. Den første delen av oppgåva viser at det er mange moglege val ein kan gjere dersom ein skal bruka slike verktøy.

Masteroppgåva i pdf

Presentasjonen med kommentarar i powerpoint-format.

Eg set pris på tilbakemeldingar og kommentarar, gjerne som kommentarar til denne posten, i eigne bloggar (send i så fall trackback) eller på e-post til guttorm@hveem.no

Endeleg! Masteroppgåva er levert!

Etter mykje slit, lange dagar og lite søvn er endeleg masteroppgåva levert!
No er det «berre» presentasjonen som gjenstår før sommarferien. Ja, og eit jobbintervju då…

Masteroppgåva har tittel: Bruk av grafiske organisatorar i læringsarbeid. PDF-versjon vil bli gjort tilgjengeleg etter presentasjonen…
Om du lurer på kva ein grafisk organisator er så kan kanskje biletet under gi deg ein viss ide.

Referansar i Opera (Userjs)

Har no laga ein liten sak som gjer det enklare å referera…
Scriptet referanse formatert ut frå Harvard-mal.
Eit lite javascript må lagrast i di userjs-mappe: Last ned.

Deretter må du leggje til eit bokmerke i nettlesaren, du kan dra lenka Referanse til ei verktøylinje eller ein annan stad..

Når du no klikkar på Referanse vil følgjande visast for http://guttorm.hveem.no/blogg/:

Guttorm Hveem – Mastergrad IKT i læring – Grafiske organisatorar i læringsprosessar. [Internett] NO: Adresse: http://guttorm.hveem.no/blogg/ Lest:6 Juni 2005

Altså: document.title [Internett] NO: Adresse:document.location Lest: dd.MM.YYYY)

Sjå og innom http://userjs.org for meir avanserte og nyttige script til opera…