Animasjonstips – Monkeyjam (Via jao.typepad.com)

Det er travle dagar i læraryrket, men eg tenkte eg skulle informera litt frå eit stort prosjekt me held på med, nemleg SYDVARANGERPROSJEKTET.
Ei av gruppene held på å laga animasjonsfilm (av typen stop-motion) der stikkord som dagbrot, gruver, malm, p & h, lectra haul, jernbane, store maskinar og store tal.
I den samanhengen har eg via http://jao.typepad.com begynt å bruka monkeyjam for sjølve animeringa (Der finst det forresten mange gode tips for dei som er interesserte i digital kompetanse). Elevane sjølv planleggjer og skriv storyboard, lagar kulisser, animerer og tek bilete. Med monkeyjam, eit kamera/vevkamera og ein pc kjem ein langt. Fyrste dag med animering resulterte i 667 bilete, dvs. rundt 30 sekund film (25 bilete i sekundet).

Ein kan sjølvsagt nytta prøv og feil metoden under animering, men eg tykkjer det er viktig å få inn norskbiten, nemleg eit skikkeleg manus. Det erfarer elevane og raskt dersom dei gløymer noko eller plutseleg oppdagar at dei må leggje inn noko midt i filmen.

Programmet monkeyjam kan du lesa om og lasta ned her: http://www.giantscreamingrobotmonkeys.com/monkeyjam/

Surf innom seinare for å sjå resultatet.