Media/Flash-video

Har endeleg konvertert nokre av videoane eg har laga til flashformat.
Ein presentasjon av grafiske organisatorar som vart laga til ein konferanse
i nord-Noreg for rettleiaren min i fjor:
http://guttorm.hveem.no/media/go/ (Det var litt skummelt å snakka til datamaskina…)

Ein liten reklamefilm som vart brukt av HSH på utdanningsmesser i fjor
(på iPod og videokanon):
http://guttorm.hveem.no/media/hsh/

Og til sist ein liten introduksjon i digitale forteljingar for elevane mine til MS Photostory 3:
http://guttorm.hveem.no/media/photostory/

Programmet eg brukte til konvertering var Visifly. 
Skjermfilminga som du ser i presentasjonen av grafiske organisatorar og 
photostory kan ein gjere med Camtasia studio.

Kva kan skje… Søkemotorar kan vel ta overhand i framtida…

Via Anders G. N.  Høgskulelektor IKT i læring ved HSH fekk eg denne lenka: 
http://masterplanthemovie.com/
 
Den filmen er det verdt å kikka på og etterpå kan du jo reflektera over kor mykje
søkemotorane veit om deg… Litt rart at cookies frå akkurat denne søkemotoren 
ligg så mange år på maskina di…

Kor mange av desse tenestene bruker du?
Google earth 
Google analytics
Googledocs & spreadsheets
Google søk
Google mail/gmail
Blogger
Picasa
og av resten på: http://www.google.com/intl/en/options/ ?
Tenk kva spor eitt firma kan ha om deg…
Skal ein tru på personvernet eller ha ein liten tvil bak øyra?

«Og hva er tro? Nesten det samme som håp.
Men hvis du tror for sterkt, da blir du fanatiker.
Det er ikke bra. Derfor har vi tvilen også.
Uten tvilen ville vi fremdeles befunnet oss
i steinalderen. Men du skal ikke tvile for mye heller.
Du skal bare ha en liten takluke for tvil.
Det tror jeg er meningen. En liten tvil bak øret.»
Rolf Jacobsen

Ny adresse til rss/atom

Det ser ut til at det atom.xml har blitt publisert to forskjellige stadar, både på 
http://guttorm.hveem.no/atom.xml og
http://guttorm.hveem.no/blogg/atom.xml (som har vore den korrekte).

No går eg over til feedburner for å kunne sjå litt meir statistikk for bloggen. 
Så om du føl med på bloggen kan du endra
ditt abonnement til:  http://feeds.feedburner.com/GuttormHveem-Ikt-I-Laering