Facebook | Guttorm Hveem’s Public Profile

Måtte til slutt testa Facebook… 

Facebook | Guttorm Hveem’s Public Profile: «Guttorm’s profile includes:
51 notes
9 groups
If you are friends with Guttorm on Facebook, you can view his:
contact information
educational and work information
interests and favorite music
upcoming events
friend connections»

Så viss du vil vita endå meir om  meg:
http://www.facebook.com/p/Guttorm_Hveem/849135654

Har oppretta interessegruppe for IKT i læring på Facebook,
du er herved invitert!

Smartboard – kva gjer me?

Smartboard er fine greier, men kva skal ein bruka det til? Pernille stiller spørsmål og eg heng meg på i diskusjonen..

Pernille Moe – Læring, vurdering og IKT: Smartboard

For 1.-4. kan jo den gratis programpakka GCompris (GPL) vere eit brukbart verktøy til smartboarden. På versjonen som er gratis og porta til windows er det riktignok berre 20 av 100 aktivitetar som er tilgjengelege. Så vidt eg hugsar skal det vere eit verktøy for å animera der. Så no har eg lasta ned cygwin for å sjå om eg får til å gjøra linuxversjonen gjennom det. Elles kan det jo henda eg må finna ein livecd med linux (edubuntu, ubuntu, skolelinux eller liknande), der eg får heile programpakka. Kort fortalt er operativsystemet ferdig installert på CDen, det er vanlegvis
berre å boota opp frå CDen og så er ein klar (Utan at det skjer endringar på harddisken). Ein grei måte å testa ulike linux-distroar.

Les meir her: http://gcompris.net/-Om-GCompris-
Eller last ned her:
http://heanet.dl.sourceforge.net/sourceforge/gcompris/gcompris-8.2.2-2.exe

Elles kan det henda ein finn nokre tips på http://www.teachertube.com

Tips til kva du gjer med smartboard eller til kva ein kan gjere vert teke mot med stor interesse på e-post eller i kommentarar 🙂

Diginalet Bulleteng

Diginalet Bulleteng – det digitale penalet ved Jeanette Tranberg skriv om tankekart. Her kjem ho med mange gode tips og idear. Sjå og kommentarane på innlegget hennar.

Når man skal lage tankekart er nøkkelordene du velger å bruke viktige. Om
du feks skal tar frem et tankekart laget for fem år siden, kan det hende det
blir vanskelig hvis du ikke har laget kartet med gode nøkkelord eller fraser.
Gode nøkkelord eller fraser er ord som fremkaller bilder – ofte enten et
sterkt verb eller substantiv. Altså et ord som er sterkt fremkallende eller har
evnen til å forme bilder, og f.eks. ord som lett skaper assosiasjoner. (Diginalet Bulleteng)

Nettbasert tankekart: MindMeister – think together

Mindmeister dukkar og opp som eit alternativ for å laga tankekart (mind maps)på nettet. Ser betre ut enn bubbl.us, men eg trur mindomo er det som er mest brukbart…

MindMeister – think together: «MindMeister is a collaborative online mind mapping tool – you can capture your thoughts and share them instantly with friends and colleagues.

MindMeister supports all the standard features of a classic mind mapping tool – only online, and with as many simultaneous users as you like! Learn more…»

Digitale forteljingar – Animasjonsfilm – AS Sydvaranger

Animasjonsfilmen som vart laga av nokre av elevane i fjerde til sjuande i haust er no konvertert til flash og lagt ut saman med ein liten informasjonstekst på http://guttorm.hveem.no/media/sydvaranger/. Filmen vart laga i gratisprogrammet Monkeyjam (Gratis). Elles har elevane jobba litt i photostory, men dei filmane vert nok ikkje lagt ut. Fellestrekk for begge opplegga er at elevane får til å laga presentasjonar med liten undervisning i verktøya. Resultata blir gode, og dei set høge krav til kvaliteten. Media og film er jo noko dei kan!